To ferske stortingsmeldingar har slått fast at NRK ikkje tevlar med dei privateigde medieselskap, skriv innsendaren. Her er kulturminister Trine Skei Grande (V) da hun i april i fjor mottok rapporten om NRKs ansvar for mediemangfoldet. Foto: NTB Scanpix
To ferske stortingsmeldingar har slått fast at NRK ikkje tevlar med dei privateigde medieselskap, skriv innsendaren. Her er kulturminister Trine Skei Grande (V) da hun i april i fjor mottok rapporten om NRKs ansvar for mediemangfoldet. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Mediemangfald

Vil regjeringa rasere NRK?

NRK er viktig for mediemangfaldet i Noreg. Ein diskusjon om framtida til statskanalen må dreie seg om det, ikkje om den kommersielle mediemarknaden.

Meninger

I den nye politiske plattforma som regjeringa legg til grunn for arbeidet sitt, står det at dei skal «arbeide for at NRK i minst mulig grad svekker aktivitetsgrunnlaget til medier som henter sine inntekter i markedet.»

Dette er eit spørsmål om mediemangfald. To ferske stortingsmeldingar har slått fast at NRK er viktig for mediemangfaldet og at dei ikkje tevlar med dei privateigde medieselskapa. Seinast i fjor slo Medietilsynet dette fast med rapporten «NRKs bidrag til mediemangfaldet».

Likevel gjekk Schibsted, Aller, Amedia, Polaris, NHO og Mediebedriftenes Landsforening i fjor haust hardt ut mot eit sterkt og statsstøtta NRK, og meinte dei burde leggje ned nettavisa si. Det er denne gjengen som no har fått gjennomslag i den nye regjeringsplattforma.

I Danmark har gjennomslaget vore større. I fjor vart det klart at 400 tilsette måtte gå i Danmarks Radio (DR), inntektene vart kutta med ein halv milliard og drifta skal leggjast om frå å vera ei brei medieverksemd til å sikta seg inn på dei smale nisjene. Denne massakren starta, akkurat som punktet i den nye regjeringsplattforma, med kritiske røyster internt i mediebransjen.

NRK er viktig for mediemangfaldet i Noreg. Ein diskusjon om framtida til statskanalen må dreie seg om det, ikkje om den kommersielle mediemarknaden. Det einaste den nye regjeringa oppnår med dette punktet er å leggje grunnlaget for tilsvarande kutt i NRK som i fjor vart gjort i DR. Vi forventar at regjeringa anerkjenner kva som er best for borgarane i møte med media, og ikkje styrer mediepolitikken med ideologiske skylappar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.