Vil rødme, gråte og le

Bli med på kåringen av folkets 100 norske yndlingsdikt. Forfatter og bokanmelder OLAUG NILSSEN (27) er redd for ikke å ta poenget.

SOLHEIMSDALEN i Sunnfjord (Dagbladet): -  Då eg var 11- 12 år ønskte eg at eg kunne gå på skule i Førde, og at vi hadde «Beverly Hills» på fjernsyn. Vi fekk berre inn NRK. NRK Ein.

Vi har kjørt til Solheimsdalen utenfor Førde. Der vokste forfatteren, skribenten, hovedfagsstudenten i litteratur og bokanmelderen i Morgenbladet, Olaug Nilssen (27), opp.

HUN SÅ PÅ FJELLENE, var den første til å hoppe uti vannet om våren, gjorde opprør mot kristendommen, men faren, den tidligere kateketen, tok ikke skade av det. Han byr på kokt fisk på kjøkkenet. Olaug har kjørt fra Bergen, der bor hun med kjæresten som hun skal gifte seg med neste sommer.

-  Eg har gitt inntrykk av at eg hatar Oslo, men det er mest for å vera artig. Der kjærasten min får arbeid, dit dreg eg.

Essaysamlinga hennes som kom i vår, «Hybrideleg sjølvgransking», er via nynorsken, Gud og lesing. Og yndlingsdiktet, Ragnar Hovlands «Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt».

-  Han har jo ikkje dikta eit nytt språk, men det passar i hop. Ivar Aasen lagde eit nytt språk, og Ragnar Hovland har ei humoristisk haldning til det. Befriande. Det er eit tulledikt. Eg er ingen stor diktlesar, fryktar ofte at eg ikkje forstår det. Det betyr ikkje at eg avfeiar all litteratur eg ikkje forstår. Eg liker godt å tolke dikt saman med andre. Trur eg treng litt hjelp med dikt, eg.

-  Det ser da ut som om du har teket på det med jamber og trokeer på de rette stedene?

-  Eg veit jo litt, men eg blir ofte skremd vekk fordi du må trenge så langt ned i diktet.

Og som dei sannings- og meiningssøkande individa vi er, blir vi rett og slett litt irriterte på den frekke Hovland. Ikkje berre prøver han å imponera lesaren ved å framstille seg sjølv som ein som har laga eit heilt nytt språk, han gjer seg ekstra mystisk ved å plassere eit spørjeteikn i diktet, for deretter å skrive to linjer som vi ikkje kan oppfatte som noko anna enn eit svar, og vi får ikkje vite kva svaret er , skriver essayisten Olaug Nilssen om sitt yndlingsdikt.

27-ÅRINGEN DEBUTERTE med romanen «Innestengt i udyr» i 1998, og skrev en samling tilstandsrapporter med tittelen «Vi har så korte armar» i 2002. Barneboka «Ronnys rumpe» kom i 2004, og essaysamlinga «Hybrideleg sjølvgransking» kom i år, sjøl tør hun ikke si at hun har skrevet en essaysamling . Til høsten er hun klar med ny bok. Om ei jente som søker jobb på en nepestappefabrikk, og litt til.

-  God litteratur får meg til å rødme, gråte og le og gir meg ei innsikt i omverda og meg sjølv som eg ikkje visste frå før.

Av og til griner hun til salmer når hun synger, fordi de er så fine, men hun tror ikke lenger som faren, den tidligere kateketen, på Gud den allmektige, men en hel del andre ting.

-  Du ble litt lei deg da du etter to bøker ikke ble opptatt i Forfatterforeninga?

-  Ja, men ikkje så lei meg som nokon skulle ha det til. Då eg debuterte som 20-åring, trudde eg forfattarar var popstjerner. Eg hadde skrive og funne opp forteljingar sidan eg var lita. Då eg debuterte, var draumen nådd. Eg blei alvorleg skuffa over responsen, og då eg ikkje kom inn i Forfattarforeininga, men eg har ikkje søkt på nytt. No har det nesten blitt eit poeng å nemne at eg ikkje kom inn som ein kontrast til godkjenning frå andre instansar. Det er ikkje så fælt, eigentleg, å ikkje vera medlem av Forfattarforeininga. Eg er klar over at eg har skrive bøker som ikkje berre har fått positive kritikkar. Det er delte meiningar om bøkene mine, og det er jo ein fordel - at det blir diskusjon, meiner eg.

OLAUG SKRIVER IKKE DIKT, hun skriver blogg, når hun ikke skriver bøker. Der kan vi lese at hun liker Frode Grytten, men aldri har gått i 1. mai-tog før.

I bloggen skriver hun: «... i Odda må ein gå i tog, og eg gjekk glad bak parola Stopp raseringa av lokale sjukehus. Eg trur årets 1. mai-tog var mitt aller første! Ikkje fordi eg ikkje har vilja gå før, eller ikkje har tykt det var naudsynt, det har vel berre ikkje blitt til at eg har gått.»

-  Er du ualminnelig sjølopptatt som må legge ut alt om deg sjøl på nettet?

-  Ja, eg ser at det kan sjå frekt og sjølvopptatt ut å skrive blogg. Det byrja med at eg vart frustrert over måten eg ofte vart gjengitt på av journalistar. Eg tykte det var tøft og artig å skrive blogg, sjølv om kjærasten min ikkje tykte det var så kjekt at eg la ut bilete av han. Eg får no ut ting, skreiv til dømes korleis det var å vera ein «mindre kjend forfattar enn Erlend Loe» då eg vart kasta ut fra Bergens Tidende sine spalter og han byrja skrive.

-  Så bloggen er din «ventil»?

-  Det kan du godt seie. Før, då eg budde i kollektiv, brukte vi å ha kjøkkenbøker der alle i kollektivet skreiv kven dei var forelska i, korleis tv-program dei likte og sånt. Det er eigentleg ei fortsetting på den. Eg har ingen ambisjonar om at den bloggen skal ha høge litterære kvalitetar, det er notisar om tull og fjas, ting som har hendt meg, som eg ikkje gidd bearbeida. Nokre gonger har eg skreve namnet til folk baklengs, så dei ikkje kan googla seg fram til seg sjølv på nettet.

-  Og så skriver du om Idol, det er passe antiakademisk?

-  Ja, men det gjer ingenting. Eg heia på Eva og Marie - berre fordi eg las at Marie var med i Målungdommen. Eg har grete av Idol rg, eg.

OLAUG ER VESTLENDING. Hun leser Grytten, Hovland og Garborg og kjenner ydmykt slektskap.

-  Eg likar tvisynet, underfundigheita og ironien.

-  Og melankolien?

-  Den rg. Heh, og sarkasmen. Så har du jo rg dei vestlandske surpompane. Eg er redd for å bli oppfatta som ein surpomp, men eg tykkjer det er fortvilande å høyre intelligent ungdom seie at dei hatar nynorsk og vil brenne nynorskbøkene sine. Då kjempar eg innbitt for nynorsken. Av og til må ein berre vere ein surpomp.

-  Har du prøvd å skrive dikt sjøl?

-  Nei, eg prøvde på Skrivekunstakademiet, men fekk aldri spesielt gode tilbakemeldingar. Eg likar å høyre diktopplesingar, eg får meir ut av det enn om eg les sjølv. Merker eg blir opprømt av dikta til Tone Hødnebø og Torild Wardenær. Eg liker historiene til Nils Øyvind Hågensen og Pedro Carmona Alvarez, opplever dei som umiddelbart tilgjengelege. I dag då eg køyrde hit, høyrde eg Karin Boyes «Ja visst gör det ont när knoppar brister», klassikarane frå skulen sit fast.

Olaug Nilssen liker ikke å bli satt i bås, hun tegner og skriver, går hit og dit, med fiskebein og klabbete ski, utenfor løypa.

-  Eg greier ikkje tilpassa meg. Det finst ulike måtar, og det er ein ressurs å ta dei i bruk. Eg vil ikkje la meg stogge av ein måte.

OLAUG NILSSEN: Her fra hjemplassen i Solheimsdalen, med Heilevangsfjella i bakgrunnen.