Fleire og fleire les digitalt, og ønskjer å få tilgang til litteraturen digitalt.
Fleire og fleire les digitalt, og ønskjer å få tilgang til litteraturen digitalt.Vis mer

Viljen til digital publisering

Stadig fleire les digitalt. Korleis møter norske forfattarar denne utfordringa?

Meninger

I ei digital verd er norsk litteratur særleg utsett fordi vi er eit lite språkområde. Det har tidlegare blitt påpeika at norske forlag er treige i utviklinga av gode teknologiske løysingar. Men kva med forfattarane som sit på råstoffet i den litterære produksjonen?  

I masteroppgåva "Motstand mot og vilje til digital publisering" har eg intervjua atten skjønnlitterære forfattarar. Mesteparten av forfattarane i undersøkinga har ikkje tatt eit klart standpunkt, og viser ei avventande haldning til den digitale utviklinga. Det er fleire grunnar til dette, mellom anna det synet som blei fremja, av kva ein forfattar skal vere. Mange tenkte på Forfattaren som hardtarbeidande, ein som ikkje bryr seg om noko anna enn å skrive best muleg. Hos nokre var det nærast ei slags stoltheit over at dei ikkje hadde sett seg inn i problemstillingar knytt til publiseringa av eigne digitale verk. Mellom anna var det fleire som ikkje var klar over at boka deira òg var gitt ut som ebok.  

Forfattarane i granskinga skildrar jobben sin som å vere opptatt av å skrive best muleg, ein av forfattarane sa det handla om å vere oppteken av kunst framfor småprat. I kunst treng ein å bli utfordra, meinte fleire av forfattarane, ein treng motstand frå andre romanhandverkarar, som redaktørar. Slik kom det fram at òg redaktøren, og forlaget, var ein grunn til passiv haldning. Forfattarane hadde gjerne ein sterk lojalitet knytt til eige redaktør og forlag. For å kunne fokusere på sjølve skrivinga, det å skrive best muleg, ønska dei å ha eit forlag som kunne ta seg av alt det andre: distribusjon, marknadsføring og digital publisering.  

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forlaga står sterkt i Noreg. Det er ikkje som i USA der forfattaren gjerne har ein agent som så går vidare til eit forlag. Ut frå undersøkinga verka det som om forlaga har mulegheit til å halde på posisjonen sin dersom dei held fram med å gi forfattarane det dei ønskjer: gode redaktørar som gir dei motstand og at redaktørane har kapasitet til å bruke tid på heile forfattarskap. Legge sjela si i forfattarskapen, som ein av forfattarane sa det.  

Det er likevel ei fare her. Ein av dei få forfattarane i undersøkinga som var tydeleg positiv til ebøker, meinte forlagsbransjen har gjort «sitt absolutt beste for å forsinke ebokutviklingen». Ein annan av forfattarane hevda at bokbransjen har vist ei imponerande uvilje mot endring og ebøker. Viss dette stemmer, er ikkje forfattarane tent med å legge alle avgjerslene over til forlaga. Og sjølv om det skulle vere slik at forlaga klarer å gjere ein god jobb for den digitale litteraturen, er dei avhengige av forfattarane. Det er forfattarane som sit på råvarene, og treng å komme med dei gode ideane. Digital litteratur treng ikkje å vere dårlege kopiar av papirbøker. Det digitale gir nye mulegheiter til å formidle litteratur på. Dessutan er den digitale litteraturen global. Det er enkelt å skaffe seg bøker på andre språk, og mykje av det digitale føregår på engelsk. Viss yngre lesarar veks opp og opplever at engelske, digitale bøker er billigare og betre, vil det på sikt vere negativt for norsk språk og litteratur.  

Tomas Espedal snakka varmt om mediet bok hos Brenner og bøkene åttande oktober i fjor. For han var kjærleiken til mediet bok viktig. Kva er det meldarane meldar, viss dei berre les ein pdf? spør han. Ja, kva er det? Det verkar ikkje som om det er noko dei fleste forfattarar har lagt så mykje tanke ned i. Forfattarane i undersøkinga skildra ei større distanse til sitt digitale verk enn til papirboka. I prosessen fram mot papirbok er dei med, ser på sideoppsett, framside og skriftstorleik. Mange forfattarar er engasjert i korleis bøkene deira skal bli sjåande ut. Korleis teksten deira skal møte lesaren, kva type innpakking litteraturen får. Men når det er snakk om digital innpakking, viser forfattarane i undersøkinga lita interesse, i tillegg har dei manglande kunnskap om mulegheiter. Mange avgjersler blir heilt overlate til forlaget.  

Sjølv er eg òg svært glad i papirboka. Eg set pris på det fysiske og at boka ikkje er endå ein skjerm. Når så mykje av kvardagen handlar om å stire på ein lysande firkant, kan det vere godt å kople seg av verda med ei bok som tar meg inn i si eiga verd. Papirboka treng ikkje å vere truga av eit digitalt alternativ. For mange forfattarar er det sjølvsagt å eksperimentere med og engasjere seg i utforminga av ei tradisjonell bok. Men kvifor verkar det så mykje meir uinteressant å sjå på nye, digitale mulegheiter for å fortelje og formidle litteratur?    

I desember sa trendanalytikar Ståle Økland til NRK at det å ha ei fysisk bok «nesten [er] litt ut». Samstundes trekkjer NRK fram i ein annan artikkel at bøker er det einaste trykte mediet som folk bruker stadig meir. Leserrapporten til Forleggerforeningen viser at 40 prosent av boklesarane er hybridlesarar, dei les altså både på brett og papir.  

Fleire og fleire les digitalt, og ønskjer å få tilgang til litteraturen digitalt. Den digitale litteraturen blir ikkje betre av at forfattarane stiller seg passiv til han. Om forfattarar engasjerer seg for den litteraturen som blir publisert digitalt, vil det kunne styrke både den digitale og den fysiske litteraturen. Det er forfattarane som sit på råvarene, det er dei som har grunnlaget og kompetansen til å komme med dei gode ideane — og så kan forlaga hjelpe med å utvikle desse vidare.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook