Villskapens disiplin

Eit nytt steg på inspirasjonens veg for Hatløy.

BOK: Det er ein driven og gjennomført poet som med si femte diktsamling viser kor målmedviten og god han er. I ein nærast klassisk modernisme går Hatløy fram med sikker fot.

Dikta si spenning baserer seg på den inspirasjonen som strålar ut frå dei og den språklege overraskinga i biletbruken som han meistrar med både villskap og disiplin. Det er sjeldan at han har eit for stort eller overflødig ord i sin tekst, og som oftast er kvart einaste dikt eit perspektivrikt konsentrat av erfaringar i graset og i kosmos.

Det er snakk om ekstatiske steg under himmelen, men også om steg ein kan gå inn og vera saman om, og det er snakk om sol og lysopplevingar som er formidla stramt og samstundes grenselaust. Ikkje spør meg korleis han får det til! Han kan minna litt om Gunnar Björling når det gjeld konsentrasjonen og det ekstatiske, men har avgjort reindyrka si eiga røyst. «[...] eg fekk denne tunga då himmelen vart galen», skriv han.

Det er mange steg og mykje glede i denne boka, men det er ei glede som reiser seg frå noko anna, og som viser at det er ei eiga glede i å koma fram til det å ta imot dei enkle tinga:

«ho heldt ei glad preik til oss

den sola katten fanga på tunet

opp i mitt steg kom begge, slapp keisame bakken

for til æva av mjukaste byks»