Vinden i eksil

Ei usentimental diktsamling med humanistisk kraft og poetisk venleik.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Mansur Rajih er attende med ein poesi som har noko å fortelja oss frå den som er her, men gjerne skulle vore ein annan stad. Rajih kom til Stavanger i 1998 som fribyforfattar med si kone Afrah. Ein son har dei fått, og to sterke diktsamlingar har det vorte. Den førre boka, «Horoskop: Fengsel? Horoskop: Kjærleik» (2000), inneheldt inderlege dikt forma i fengselet i Jemen, der han sat i 15 år, men samstundes var dikta fylte av ein levande kjærleik. Dei nye dikta er annleis, sjølv om me lett kjenner igjen det personlege grepet til den kyndige poeten med sitt medlevande blikk. «Ditt blikk er min flamme» heiter det i «Dialog».

Det absurde i det å vera omgitt av vennar i eit anna land enn der ein gjerne ville vore, pregar mange av dikta. «Hjarta er oppete av lengt.» Og bare vennar er det vel heller ikkje å møta. «Eg er framand som noko umogleg.»

Mansur Rajih borar seg innover i kjenslene og i det han sansar og ser. Og han ser noko anna frå sin synsstad: «Eg ser det som desse menneska / ikkje ser / går einsam / Inger ser meg.» Han har med seg ei anna verd enn oss, og ser ut frå andre erfaringar. Han skriv om Jemen, om krig, om kjærleik og kvardag. Me merkar heile tida ein vilje til å koma lenger inn, lenger ut, ei uro, ein lengt. Men for all del, også gleda ved morgonen, ved kyss, og ved augene til sonen. Ja, her er òg eit storarta dikt om ei gjennomstrøymande, oppblussande bryllaupsnatt.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer