Vinje over streken

Quisling skreiv utelukkande bokmål, og ingen ting tyder på at han hadde noko til overs for nynorsk.

FINN-ERIK VINJE går over streken i sin lange kamp mot nynorsken då han i Dagbladet 8. oktober tek i bruk sitatfusk og ahistoriske samanhengar i freistnad på å måla språket brunt.Det er eitt år sidan debatten Kjartan Fløgstad sette i gang med boka «Brennbart», om Hans Fredrik Dahl og Lars Roar Langslet sin historiefalsk i omtale av norsk språkhistorie og nazismen. No kjem Finn-Erik Vinje på bana og lest som debatten ikkje fann stad. Vinje freistar i eit kjensleladd språk å reetablera usanningane frå dei to nemnde forfattarane, men han baserer seg på urette opplysningar. Kjernen hans er eit påstått sitat frå redaktør Arne Falk i nynorskavisa Norsk Tidend 5.6.45 om at Quisling ville gjera nynorsk (eller eigentleg gamalnorsk) til einaste riksmål. Sitatet er falsk og datoen er feil. Vinje må meina Falks artikkel eitt år seinare, 5.6.46. Falk kan ikkje siterast på det nemnde. Derimot siterer Falk i artikkelen NS-folk som kom til bladstova med (falske) lovnader om kor gode vilkår nynorsken skulle få: «NS-folka byrja med å love gull og grøne skogar. Quisling ville gjere nynorsken til einaste riksmål i landet, berre nynorsken vart lagt nærare gamalnorsken.» Likevel nekta Falk alt samarbeid. Same mann fekk seinare utmerkingar frå heimefront og presseforbund for god motstandsinnsats.

DET ER PINLEG for professor Vinje at han kolporterer usanningar etter slik slett kjeldegransking.At også dei få målfolka som var i NS sentralt visste at det ikkje var hald i lovnadene, kjem fram i eit intervju med ein av dei andre Vinje siterer, nazisten Johan Fr. Voss, i nazistbladet «Nordmannen» for mars 1943: «Korleis ser De som N.S-mann på målstoda no og i framtida?» Svaret var: «Nasjonal Samlings målprogram er ikkje nåme nær sterkt nok for meg. N.S har heller ikkje gjort noko for målreisinga, og det er lite og inkje dei førande N.S.-menn tek nynorsk skriftmål i bruk.»Endå viktigare er NS-styret sin praksis. Det er eit uimotseieleg faktum at NS-styret i all skriftleg framstilling brukte bokmål og sette mållova av 1930 ut av kraft. Ei samtidig kjelde kan opplysa: «Det er tydeleg at tyskarane har vori redd norskdomslaga skulle bli kjernen i ei motstandsrørsle, og at dei derfor laut kverkas. Dei tyske soldatane var da og instruerte om at dei skulle lære seg bokmål, og ikkje nynorsk.» (Håvard Skirbekk, formann i Austmannalaget, i Norsk Tidend 5.6.45).

VINJE SITT ANDRE kjernepoeng er at NS-rettskrivinga i 1941 innførde nynorsk i bokmålet. Igjen tullar Vinje, anten fordi han som professor i norsk i fleire tiår aldri har gått til kjeldene, eller fordi han demagogiserer med vilje. Faktum er klårt for alle som vil lesa: At NS-rettskrivinga braut med tilnærmingslina i den demokratisk fastsette 1938-rettskrivinga og gjorde bokmålet meir dansk og nynorsken meir lik Aasen-normalen. Dette har Arne Tjelle skrive hovudoppgåve om, som Fløgstad viste til i «Brennbart». Vinjes professorkollega Geirr Wiggen seier til dømes i artikkelen «Krigsåra 1940-45, eit vendepunkt i norsk språkhistorie?» i Norsk Lingvistisk Tidsskrift 1993 på s. 27 at «Quisling-normalen var i det store og heile ei konservativ eller, i høve til utviklingsretninga for norsk rettskriving før 1940 og i ordets rette meining, ei reaksjonær nyordning: Dei aller fleste valfrie samformene frå 1938 vart fjerna, både i bokmål (t.d. fekk og glas) og i nynorsk ..., og ei rekke tradisjonelle former vart eineformer (t.d. hull, lyve og siden i bokmål ...)». Vinje klamrar seg til dei få unntaka frå dette, men det endrar ikkje hovudmønsteret.Det er såleis klårt at Riksmålsforbundets representantar i det NS-reformarbeidet som Mållaget nekta vera med på nok ikkje kom så tomhendte derfrå som Vinje vil ha det til. Vinje gjer igjen ei skjønmålande framstilling når han hevdar at røystetala i Riksmålsforbundet for NS-samarbeid var 6 mot 3. Dei riktige tala er 18 mot 2 (jf Arne Tjelle).

SOM ENDÅ EIN insinuasjon om nynorskhang i NS viser Vinje til at «aldri - verken før eller siden - har nynorskandelen i skolen vært større enn i 1943-44!». Det er korrekt, men har heilt andre grunnar enn okkupasjonen. Det var 1938-rettskrivinga, med sterk tilnærming mellom målformene og påbod om nye lærebøker som gjorde at Dovre fall for nynorsken, ved at særleg skulekrinsar i Trøndelag, Nordland og Troms byte frå bokmål. Frå 1938 til 1940 auka talet på nynorske skulekrinsar frå 2250 til 2974! Under krigen fram til toppåret 1944 kom det til 13 (tretten) nye. Ingen ting tyder på at den vesle auken skjedde ved nazistisk hjelp. Som lesarane veit, var forsøk på nazifisering ingen stad så mislukka som i skulen, med lærarstreiker som følgje. Det finst heller ingen opplysningar om at vedtaket i nokon av dei 13 krinsane vart skulda for å vera illegitimt.At nynorskprosenten gjekk ned utover 1950-talet har også heilt andre årsaker. Det er rimeleg å rekna med at manglande faktisk produksjon av nye lærebøker med 1938-rettskriving grunna krigen er relevant, at det knapt var folkeleg støtte for skulestyra sine vedtak om innføring av nynorsk somme stader og at sentraliseringa i etterkrigs-Noreg tok mykje.

EIN UNDERLIGGJANDE premiss hjå Vinje er at alt nasjonalt strev i Noreg luktar. Han slår folkedans, stadnamnsgransking, polferd og nasjonalromantisk dikting i hartkorn med nazisme, heilt utan å visa til kjeldegrunnlag. Dette er klassisk demagogi frå riksmålsfløya, mot ein samla historikarstand som veit at grunndraget i norsk nasjonalisme er og har vore frigjering og demokratisering.Avslutningsvis er det grunn til å reisa spørsmål ved agendaen til Vinje. Det er legitimt å fremja synspunkt, sjølvsagt også nynorskkritiske. Men han framstår som inkje anna enn nynorskhatar under akademisk ferniss, og også denne sprekk når han viser seg fram som i Dagbladet 8. oktober. Sjølv om målrørsla nesten kan ha ein slags kjærleik til ein mann som så ofte provoserer oss offentleg og dermed gjev oss spalteplass, er det no naudsynt å seia høgt:Det er på tide å skyta ned mediafiguren Vinje frå pidestallen som professor og språk-ekspert. Han er ein bløff. Nett slik namnet hans er det. Mannen liker nok assosiasjonen til ein av våre største litteratar og språkmenn, sjølv om han var målmann. Men Finn-Erik heitte Dahl fram til han fann det opportunt å skaffa seg ein meir velklingande namnleg dåm i 1960.