Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Vinn billetter til Måken

Bli med i konkurransen om å vinne billettar til teaterframsyninga Måken av Tsjekhov.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Framsyninga har première 27. august på Det Norske Teatret. Vi trekkjer ut 5 vinnarar som får to billettar kvar til Måken.

Bli med i konkurransen

(Vinnerane blir trekkte av Det Norske Teatret. Dei som har vunne, blir kontakta pr. e-post av Det Norske Teatret.)

Tsjekhov er den mest spelte dramatikaren i Noreg etter nasjonalskalden Ibsen, og Måken var hans første store suksess.

I stykket skildrar han både menneskeleg dårskap, livsmot og nederlag med ein overberande humor og med ein stor porsjon menneskeleg varme og innsikt. Draumar blir knuste, kjærleikspar blir sprengde, generasjonskonfliktar blir djupare, og det endar tragisk for fleire av dei sentrale personane i stykket. Like fullt kalla forfattaren både dette og dei andre kjende stykka sine for komediar, og dette er kanskje den lysaste av dei.

I tillegg til DNT’s eige ensemble får publikum denne gongen møte Samuel Fröler, ein av Sveriges fremste skodespelarar. Han er alt velkjend for eit stort, norsk TV-publikum i rolla som Skjergårdsdoktoren. Ved sida av mange teaterroller har han gjort store film- og TV-roller, blant andre Den goda viljan i regi av Bille August og Enskilda samtal i regi av Liv Ullmann.

Regi: Alexander Mørk Eidem Scenografi og kostyme: Kari Gravklev

Med: Hildegunn Riise, Kirsti Stubø, Samuel Fröler, Sverre Bentzen, Ane Dahl Torp, Nicolai Cleve Broch, Morten Espeland, Grethe Ryen, Bernhard Ramstad, Jan Grønli

Les meir på www.detnorsketeatret.no

Bli med i konkurransen

(Vinnerane blir trekkte av Det Norske Teatret. Dei som har vunne, blir kontakta pr. e-post av Det Norske Teatret.)

Vinn billetter til Måken av Tsjekhov. Alt du trenger å gjøre er å svare rett på noen spørsmål.