MISFORSTÅTT:  NHO-direktør Kristin Skogen Lund har misforstått «Vinsjan på kaia», skriver mannen bak sangteksten, Idar Lind. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
MISFORSTÅTT: NHO-direktør Kristin Skogen Lund har misforstått «Vinsjan på kaia», skriver mannen bak sangteksten, Idar Lind. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixVis mer

Vinsjan og vår ære

Det er slutt på den tida da skoletrøytt ungdom kunne mønstre på ein båt, ikkje som eit tiltak administrert av NAV, men som ein heilt vanlig jobb.

Meninger

Trulig bør eg kjenne det som ei ære å bli sitert av direktøren for NHO, men æra hadde vore større om Kristin Skogen Lund hadde forstått teksten min.

Det er i eit svar til skribent Guri Idsø Viken sitatet dukkar opp: «Beatles spællt aldri så vakkert som vinsjan på kaia. Finast parfymen va lukta tå olje og sjø». Og NHO-direktøren legg til at songen handlar om «en liten bit av næringslivet». Heilt feil tar ho ikkje. Også det Idsø Viken kallar «gutta og damene på gølvet» er ein bit av næringslivet.

Eg har ikkje følgd heile debatten, men den ser ut til å handle om kva som kan gjerast for dei ungdommane som fell utanfor det konvensjonelle utdanningssystemet. Bedriftseigar Bjarne Brøndbo har engasjert seg i dette på ein måte som får Idsø Viken til å ønske seg meir trønderrock i NHO. At ho siterer fleire av tekstane mine, får motparten til å gjera det same. Problemet er at Skogen Lund ser bort frå to sentrale liner med referanse til Bjørnstjerne Bjørnson og Nordahl Grieg: «Den siste sjømann har mønstra av. Vår ære og makt fann ei fokti grav».

I min barndom og ungdom berga norsk skipsfart framtida for mange unge menn - og for somme unge kvinner. Dei som ikkje hadde ork til å gå laus på realskolen, ikkje ein gong eit einslig år med framhaldskole, kunne mønstre på som dekksgut, byssegut eller messejente. For min eigen del var det aldri meininga at det skulle bli meir enn to månader sommarjobb etter artium, men den korte fartstida gav meg råstoff til songar og romanar.

Gjennom 1970- og 80-talet forsvann 30 000 arbeidsplassar frå norsk skipsfart. Noko av grunnen var ei generell krise i næringa, men mykje var resultatet av kynisk planlegging. Skipsfarten vart flagga ut. Norske sjøfolk vart erstatta med billigare utanlandsk arbeidskraft. Dette skjedde før begrepet «sosial dumping» vart dagligtale, mange år før Bjørn Kjos etablerte seg i Irland og hyra inn flyvertinner frå Thailand.

Vi lever i ei tid der høgreliberalistar har fått plass ved det norske regjeringsbordet. Når ordet «verdiar» har erstatta «ideologi», er det fort gjort å tru på illusjonen om at folket på golvet har same interesser som Hilmar Reksten, John Fredriksen, Kjell Inge Røkke og Bjørn Kjos, men det har dei ikkje. Slik er det heller ikkje i dei små og mellomstore bedriftene som utgjer fleirtalet av medlemmane til Kristin Skogen Lund.

Det er slutt på den tida da skoletrøytt ungdom kunne ta seg arbeid på saga eller mønstre på ein båt som skulle til Trondheim med trelast, ikkje som eit tiltak administrert av NAV, men som ein heilt vanlig jobb. Men det er ikkje slutt på at snille små og mellomstore kapitalistar har grunnleggande andre interesser enn dei tilsette når dagen for nedskjeringar kjem.

Ein song om å bli svikta av barndomskjærasten treng ikkje berre handle om ei jente. Den ulykkelige kjærleiken kan gjelde ein draum, eit yrke, eit livsval, ei hand som vart strekt ut på det punktet i livet da du trong det mest, men trekt tilbake da konjunkturar og profittmarginar endra seg.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook