Virile vers og visjonar

Bertrand Besigye debuterte i 1993 og fekk fortent merksemd og debutantpris.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Andreboka ser ut som ei lærebok for ungdomsskulen, men kvalitetane frå den første boka er til stades i rikt monn.

Ein inderleg og grensesprengjande vitalitet og ein rytmisk allitterasjon gjennomstrøymer dei mange gode og amoralske tekstane. Med sine «gigantiske stjerneskjønnhetsorgasmer» kastar Besigye seg inn i nokre skildringar av urbant natteliv som saknar sidestykke i vår lyrikkhistorie. Men ordsamansetninga fortel også at veikskapane i hans metode er tydeleg til stades. Han piskar dikta fram til dei vippar over kanten av klisjeane sitt stup.

Men for kvar gong det skjer, har han også skrive dunkande, dundrande diktlinjer av urein poesi, full av galskap og drifter.

Han kan med forelsking mana fram regndropane mot paraplyen, og skapar mange treffande bilete av «byens betongknokler». Men nokre av tekstane minner rett nok sterkt om fragment frå havarerte romanar, og formproblemet slår imot oss.

Å samanlikna med Whitman, slik forlaget gjer, vert litt feil. Whitman var full av medynk og oppteken av vanlege handverkarar, der Besigye skildrar ekstreme eksistensar; stripparar, vampyrar og egyptiske solprinsesser.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer