STJERNEFYSIKER: Stephen Hawking under fremleggelse av The Breakthrough Starshot initiative i New York i april 2016. Fysikeren holdt et foredrag om samme tema i Trondheim tidligere denne uka. Foto: REUTERS/Lucas Jackson
STJERNEFYSIKER: Stephen Hawking under fremleggelse av The Breakthrough Starshot initiative i New York i april 2016. Fysikeren holdt et foredrag om samme tema i Trondheim tidligere denne uka. Foto: REUTERS/Lucas JacksonVis mer

Visjonen om å kolonisere verdsrommet er bra for oss alle

Romfartsvyene i Stephen Hawking sitt Starmus-foredrag kan virke livsfjerne. Men dei er viktige.

Meninger

Spaltist

Øystein Runde

er forfatter og illustratør. Hans siste bok er faktaboka "Stamceller - kroppens superheltar". Han viser fram tinga sine på www.oysteinrunde.no

Siste publiserte innlegg

Stephen Hawking er teoretisk fysikar og tidlegare professor i matematikk, og på alle måtar ei levande legende. I så stor grad at namnet hans sto OVER Buzz Aldrin, den andre mannen som har gått på Månen, på romfartsfestivalen Starmus si stjernespekka gjesteliste i Trondheim.

Så fekk han helseproblem, og måtte ta si store tale via videokonferanse. Det var nok ei viss frykt for at denne kanselleringa, med fleire, skulle skade Starmus. Men etter å ha sett Hawking på live video framfor 2500 frammøtte, kunne frykta avlysast.

Hawking «snakkar» ved å velge ord på ein skjerm med ein av dei få musklane i fjeset som han framleis har kontroll over. Det vil seie at ei «samtale» med Hawking tek ekstremt lang tid, og apparatet rundt han utforskar no om det går an å lese hjernesignal direkte, i påvente av dagen Hawking mistar kontroll over musklane i kinna også. (Hawking kunne lett ha oppdatert robotstemma si, men han synest den har blitt ein stor del av identiteten hans. Å halde liv i stemmesyntheziseren hans frå åttitalet, som det berre fins to av igjen i verda, er visstnok også ei utfordring.)

Stephen Hawking fekk den svært alvorlege diagnosen ALS då han var 21, og legane venta ikkje at han skulle verte eldre enn 25. At Hawking no har fylt 75 er mildast talt imponerande. Likevel ligg det noko romantisk i Hawking sin appell: Han bekrefter vår magiske idé om at om ein berre vil leve sterkt nok, kan ein overleve dei mest utrulege ting. Også eg kjenner på det attraktive i den tanken, fordi det betyr at eg kan tvinge unna døden med rein viljekraft, om eg berre er like smart som Hawking. (Ja, eg blandar intelligens med viljestyrke. Så teit er eg.)

Men rasjonelt veit eg at viljestyrke har null effekt på om ein døyr av ALS eller ikkje. Alt det handlar om, er om sjukdommen råkar musklane som står for pusting eller ikkje. Og Hawking er i den vesle prosenten som har flaks. Han har også ein heil del andre eigenskaper (som god økonomi og positiv innstilling, begge deler er viktige), men nevrologiprofessor Leo McCluskey, som veit meir om ALS enn meg, er ganske krystallklar på at nope. Det var flaks.

Det stoler eg på, så eg har dei siste åra tenkt på Hawking mykje som eit symbol på den reine tanken, og på viljestyrkens kraft, meir enn ein halvgud som med reint intellekt klarer å tvinge seg sjølv til å leve. Boka hans er bra, men det finst mange bra bøker.

Når eg gjekk inn for å sjå Hawking på telekonferanse, var det mykje fordi det er sånn ein MÅ gjere. Kronprins Haakon Magnus skulle vere der, så salen kom til å bli stengt av. Eg måtte satse på at det skulle bli ok.

Men i staden for «ok», fekk eg sjå det ypperste av laidback karisma: Å sende ein skype-video til den andre sida av jorda, der du sit bom stille i 40 minutt, og få kronprinsen av Norge, ein haug nobelprisvinnarar og 2500 andre i salen til å stirre på deg i stum ærefrykt.

Talen må han ha tasta inn på førehand, over enormt lang tid. (Eller fått hjelp til, men det falt meg aldri inn, det kjendest som han.) Den er enkel og effektiv, men også konkret, detaljert og teknisk avansert. Breakthrough Starshot-prosjektet, som han fortalte om, er både visjonært, unikt og vekker entusiasme hos alle forskarane eg intervjua. Starshot er ein gigantisk laser som både kan skyte på asteroider som truar jorda og dytte romsondar ut av solsystemet vårt i enorm hastighet.

Ikkje alle blei like rusa som meg. Ein facebook-bekjent posta at Stephen Hawking sine romvisjonar er eskapisme. Han syntest det var ok at private entusiastar, som Tesla-sjef og superriking Elon Musk, blåste milliardar på sine draumar om å ta Mars, men at staten sine pengar burde brukast meir fornuftig. Eg forstår, men er ueinig. Det å tenke på framtida i staden for den smerta som finst i verda akkurat no, rundt oss, er «uempatisk», sidan det betyr mindre aktivitet i speilnevrona enn å takle reell smerte rett på. Men det betyr ikkje at det er feil, og det er heller ikkje eskapisme. Det er del av mennesket sin rikdom at nokon passar på notida og andre tenker på framtida.

Den historiske konteksten her er at Trump er ein forskningsfiendtleg tullekopp, og at NASA, Hawking og Musk gjer det einaste lure. Ved å fronte Mars-erobring som eit hårete mål, gjer det beste «innsalget» dei kan for at Trump ikkje skal rasere ein haug vitskaplege institusjonar for å finansiere flotte våpen til Saudi-Arabia og Qatar. Det er romantisk å tru at Trump ved å droppe Mars brått ville byrja å kaste pengar på noko som helst smart.

At vi andre ikkje treng å drikke kool-aiden er jo ok ... men anti-entusiasme er ein så kjedeleg verdi å ha. Og eg synest jo faktisk det å sikte mot å kolonisere verdsrommet er ein visjon som gir oss evna til å jobbe hardt og målretta, ein visjon som gir oss lyst til å snakke om vitskap, ein visjon som gir oss lyst til å samarbeide.

Eit slikt sprøtt mål, saman, er menneskeleg, det er humant på eit grunnleggande nivå. Det kan vere å lage ein film, vere eit band saman, løyse svoltproblemet, løyse klimakrisa, løyse alt mogleg. Men å løyse ei krise er ikkje like stas som å nå eit mål. Det er kjekkare å bygge noko enn å reparere noko som har råtna.

Mars har ikkje olje. Fokuset på å ta Mars har dermed ført til at Elon Musk tvang bilbransjen til å gå over mot elektrisk. Det er eitt av dei beste døma på korleis inspirasjon kan prege heile sivilisasjonar. Eg har brent for elbilar sidan 2007, og då var idéen om Noreg som ein elbilnasjon ein slags moraliserande vits. No er det sant. Det gjer ingenting om vi aldri tek Mars. Eg vil berre at vi skal vere ei jord som har eit mål saman, som jobbar saman. (Og som er i stand til å flytte oss off-world på kort varsel om noko guffent skulle vere på veg hit. Sjansen for at vi døyr i asteroidekræsj er statistisk lik sjansen for at vi døyr i flystyrt.)