Visuelle og musikalske dikt

Ny, overtydande poet som skapar forventingar med dikt som både er visuelle og musikalske.

Her møter me ei klar poetisk røyst som etablerer sin eigen tone. Alt i første dikt lanserer ho tematikken som avspeglar seg i fiolinen på omslaget. Og det gjeld både innhald og eit musikalsk språk der lydar og gjentakingar spelar mot oss: «Fiolin, flytende / bortover fortauet / Fort, bortover fortauet».

I bokas tre avdelingar går me gjennom ein historie nedfelt i punktvise observasjonar og kjensler. Ofte med plutselege magiske vriar som likevel verkar korrekte og forståelege. «Det er henne jeg spiser / i epler og appelsiner, det er / henne jeg kjenner / under føttene når jeg / løper».

Det er noko klårt og tydeleg i desse dikta som gjer at dagane og augneblinkane i dei får ein slags naiv og levande styrke. Historia ho fortel har ikkje hindra Ingvill Solberg i å ta med nokre dikt som bryt med mønsteret og legg inn naudsynte variasjonar i toneleiet. Som diktet «Jeg brukte formiddagen på en ukjent mann, / det finnes ikke mange menn / jeg ville brukt formiddagen på / dessverre», og eit dikt om pastorens kone.

Desse dikta gjer sitt til at ein får tru på utviklingspotensialet hjå denne poeten. Sjølv om ein og annan tekst er meir likegyldig, er hovudinntrykket at me her har fått ein poet som er lyttande og lydhør. Dette er dikt som fører oss roleg tilbake til verda:

Måke etter måke
på mast etter mast
i grålysningen
Fiskeren
med tykke votter
vil ikke begynne
å plystre ennå