Vitskapens veg er uransakeleg

Vitskapen har lenge gått ut på at me innrømer at me ikkje veit alt. På same måte er det truleg klokt at me er forsiktige med å nedvurdere eller spå effekten av forskingsarbeid.

FORSKING: Sær forsking kan kome til nytte, meiner forfattaren. Også «landskapseffekter av sykdomsbærende mygg i Thailand». Foto: Sara Johannessen / NTB Scanpix
FORSKING: Sær forsking kan kome til nytte, meiner forfattaren. Også «landskapseffekter av sykdomsbærende mygg i Thailand». Foto: Sara Johannessen / NTB ScanpixVis mer
Debattinnlegg

Redaktør Hogne Hongset, for magasinet påSpissen, var nyleg ute og spurde etter meir næringsretta forsking. Som skrekkeksempel trekte han fram til dømes «landskapseffekter av sykdomsbærende mygg i Thailand». Motivasjonen er såleis todelt: På den eine sida sløsar me fælt med pengar på fagidioti og sær forsking, og på den andre brukar me ikkje forskinga til å styrkje norsk konkurranseevne.Likevel blir det litt for brått på. Næringsretta vitskap forutset nemleg at all forsking er like lett å formidle, og dermed verkar relevant. Samstundes forutset han at det er ei direkte kopling mellom forsking og bruk. Det stemmer ikkje alltid.

Har det nokon gong skjedd at sær forsking har kome til nytte? Jo, sjølvsagt! Eg kan trekkje fram nokre døme frå mitt eige fagfelt, kommunikasjonsteknologi:

• Moderne kryptografi byggjer på talteori, som fram til 70-talet var rekna mest som ein akademisk hobby. Denne matematikken kan gjera det vanskelegare å bryte opp koda meldingar. Det er denne «hobbyen» som gjer det mogleg for deg å bruke nettbanken på ein trygg måte.

• «Design patterns» er små, hensiktsmessige strukturar som kan gjenbrukast i eit byggverk. Konseptet kjem frå dei filosofiske verka til arkitekten Cristopher Alexander. I dag er det få eller ingen større programvareprosjekt som ikkje dreg nytte av denne tilnærminga.

• Like eins er objektorientert programmering inspirert av biologiske celler, som er ekstremt kompliserte, men skjuler det bak et ganske elegant «grensesnitt», nemleg celleveggen. Nesten all moderne programvare blir skriven i denne stilen.

Poenget er ikkje nødvendigvis at all sær forsking eller vag filosofering er nyttig. Likevel: Vitskapen har lenge gått ut på at me innrømer at me ikkje veit alt. På same måte er det truleg klokt at me er forsiktige med å nedvurdere eller spå effekten av forskingsarbeid.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.