BOK: I si førre diktsamling, «Det andre rommet», skildra Vaage ein sauebonde som var noko utanfor samfunnet vårt, men som stod i ein tettare samanheng til tradisjonar og det økologiske systemet enn mange. Vaage løfta då lesaren inn i dette samspelet på ein overtydande måte med poesiens magiske grep og har vist ei stor evne både til å peika inn mot mørke og irrasjonelle område i menneskesinnet, og til å skriva seg inn mot dette med ei språkkjensle som imponerer.
Talande tittel
I den nye boka, finst det nokre dikt, som «Bekken om kvelden», som spelar på tonar me kjennar att frå den førre samlinga. Denne siste samlinga ber den talande tittelen «Utanfor institusjonen», og fekk meg straks til å tenkja på ein kamerat eg hadde i tidleg vaksen alder.
Då me skildest for mange år sidan, sa han med tyngde: «Kva du enn gjer, så hald deg utanfor institusjonane!» Boka startar likevel opp med nokre dikt som ser ut til å handla om folk som er innanfor institusjonane, sjølv om dei samstundes er utanfor mangt og mykje. Ein gammal diktar som dikterte «ein salme/til den kvite veggen/bak dei blå druene», og som trudde «smerte og åkerbruk/var det same». Her er òg ein far som «har blitt ein annan», som er «eit skrukket barn, nyfødd»for lenge sidan», og som me anar kan vera ein far som går i barndommen, som det heiter, eller på anna vis er utan moglegheit til å kommunisera på vanleg vis.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger