Vurderingar på autopilot

KAMPFLY 2: Dagbladet skriv på leiarplass at SV har trøbbel med å handtere kampflysaka. Langt der i frå. Forsvarsministeren har gjort jobben sin. ’

Førstkommande måndag kjem det massevis av tilbodsdokument til Forsvarsdepartementet. Dei kjem i plomberte kassar og vi skal sette mange folk i departementet til å lese gjennom dei så vi kan få eit fagleg råd om korleis fly vi bør velje.

Prinsippet om at alle tilbydarar skal få komme med tilbod er etter forvaltningslova, og det er skapt ein konkurranse om å komme med beste tilbodet. Er ikkje dette sjølvsagt då? Nei langt der i frå. Det måtte sosialistar inn i regjeringskontora for å få til konkurranse der Bondevik 2 kjørte på autopilot for ein tilbydar.

Flyenes eventuelle Stealth-eigenskapar er ikkje viktig, men ein av mange faktorar som skal vurderast.

Det viktigaste er kva vi skal forsvare og korleis fly vi treng til det. Den trusselvurderinga er det vi treng framsynte politikarar til å ta. Og det gjør vi betre om vi har ei oppegåande presse som grev fram fakta såpass at vi ikkje tek dei geostrategiske vurderingane på autopilot sidan vi har rydda opp i det fly- tekniske.