WHISTLEBLOWER: Snowden skal motta Bjørnsonprisen. Men vil ikke kunne komme. Foto: Frederick Florin / AFP
WHISTLEBLOWER: Snowden skal motta Bjørnsonprisen. Men vil ikke kunne komme. Foto: Frederick Florin / AFPVis mer

Welcome to Norway, Mr Snowden

Vanskeleg å handtere dissidentar mot regime ein gjerne vil ha eit godt tilhøve til.

Meninger

Noreg skulle i morgon teke mot Edward Snowden i Bjørnstjerne Bjørnsons and. Som nasjon burde vi avklart at dersom han kjem til Norge for å få Bjørnson-prisen, vil han være trygg medan han er her. Og trygg på at han får forlate Norge som ein fri mann.

I morgon vert Bjørnstjerne Bjørnsonprisen 2015 tildelt Edward Snowden for hans arbeid for personvernet og mot statar si overvaking av sine og andre lands borgarar. Det er ein pris i Bjørnsons and.

Bjørnson var ein stor norsk diktar, og ein like stor demokrat, aktivist og humanist.

«Hvor gjerne vilde jeg have været i Deres sted; … En enkelt Mand mod Millioner. Det er det stolteste Syn nogen kan se!».

Det var hyllesten Bjørnstjerne Bjørnsson skreiv til den franske forfattaren Émile Zola i 1898. Zola hadde i eit ope brev på framsida av avisa L’Aurore lagt seg ut med Frankrikes mektigaste menneske, presidenten og regjeringa, i det som vert kalla «Dreyfus-saka».

Den jødiske offiseren Alfred Dreyfus vart i 1894 dømt for landsforræderi , truleg drive av sterk antisemittisme i det franske militærvesenet og samfunnet.

Då det seinare vart oppdaga bevis som reinvaska han, vart dokument forfalska og løgner etablert for å beskytte etablissementet i forsvar, politikk og rettsvesen. For sin artikkel vart Zola saksøkt og dømt for ærekrengingar. Framfor å gå i fengsel flykta han til London for ein periode.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Zola fekk rett i sak, men først i 1906 vart Dreyfus frikjent.

Zola hadde gjort borgarplikta si. Han peika på det som var djupt urettvis i Frankrike. Han var ikkje redd for dei store personlege konsekvensane det kunne få for han. Det seier litt om både saka og Bjørnson sin posisjon, at hans hyllest til Zola var framsida på L’Aurore ei veke seinare.

Få enkeltsaker har påverka eit land meir. Den kløyvde Frankrike i to, men strekker også armane sine inn i vår tid.

Saka er eit tidleg døme på korleis intellektuelle og varslarar kan bruke ytringsfridom og offentlegheit til å kritisere eigne styresmakter. Og på at styresmaktene avviser eller kriminaliserer kritikken mot seg sjølv.

Den tyske pasifisten Carl von Ossietzky avslørte i 1931 at Tyskland rusta opp og bygde opp eit flyvåpen. Han vart dømt for spionasje og landssvik, og fengsla. Den russiske forfattaren Alexandr Solzjenitsyn hadde sjølv vore i fangeleir i Sibir, og skreiv om det i «En dag i Ivan Denisovisj' liv» og «Gulag-arkipelaget». Han fekk etter kvart ikkje gje ut bøkene sine, og vart utvist frå Sovjetunionen i 1974.

Det finst talrike døme. Når eg trekk fram desse to, er det fordi dei har eit anna fellestrekk. Begge fekk ein pris, som myndigheitene i heimlandet deira ikkje likte - og prisen skapte politiske spenningar mellom heimlandet, og landet som delte ut prisene.

Von Ossietzky fekk Nobels fredspris i 1936. Naziregjeringa let han ikkje reise til Oslo for å få prisen. Göring bad han om å avslå den, men han fekk smugla ut eit ope brev der han aksepterte prisen.

Prisen var ekstremt politisk betent i Noreg også. Konservative aviser gjekk mot den. Både Halvdan Koht og Johan Mowinckel, utanriksminister og stortingsrepresentant, trakk seg frå komiteen for ikkje å provosere Tyskland.

Solzjenitsyn vart tildelt Nobels litteraturpris i 1970. Han ville ikkje reise ut av Sovjetunionen, fordi han var redd for aldri å få vende heim att. Ideen om å tildele han prisen på den svenske ambassaden i Moskva kom då opp. Den svenske regjeringa sa nei til det, då dei var redd for å skade nøytrale Sverige sitt tilhøve til Sovjet.

Dette er ikkje Noreg eller Sverige sine stoltaste augneblinkar. Det er heller ikkje unike augneblinkar. Dei fleste politiske system har vanskeleg for å handtere kritiske avsløringar av seg sjølv. Det er lett å støtte dissidentar mot regime ein mislikar, men vanskeleg å handtere dissidentar mot regime ein gjerne vil ha eit godt tilhøve til.

Diskusjonen om overvaking og personvern er ny. Edward Snowdens situasjon er også annleis. Men meir openbart er likskapane med disse sakane.

Snowden er ein varslar og dissident. Med sine avsløringar har han gjort offentlegheita ei stor teneste. Omfanget av overvaking har overraska dei fleste, og ført til debatt over heile verda. Ved å avsløre det, har han bidrege til kritisk kunnskap om korleis moderne overvaking og etterretning retta mot statar og innbyggjarar går føre seg.

Den offentlege debatten og dei politiske endringane som har følgt i kjølvatnet av Snowden si varsling, legg grunnlaget for større tillit og openheit som førande prinsipp i tryggingspolitikken. Desse verdiane kan ikkje overvurderast.

Handlingane hans har allereie fått store konsekvensar, ikkje minst for han sjølv. Eg gjennomførte eit video-møte med han hausten 2014. Då vart det openbart for meg kor store personlege offer han har gjennomgått, og kor nøye han må vere med eigen tryggleik.

Han er nå tvunge til å leve i skjul, og vil kanskje aldri kunne reise heim igjen. Som Zola, von Ossietzky og Solzjenitsyn vert han sedd som eit trugsmål av myndigheitene i sitt eige heimland, men ein helt av mange andre.

Det er utrygt for Snowden å kome til Noreg for å ta imot Bjørnsonprisen, alt tyder difor på at han ikkje kjem. Det finst ei reell frykt for at han kan bli arrestert, og utlevert til USA.

Skulle det finnast ein realistisk sjanse for han til å ta mot prisen, måtte norske myndigheiter avklart at han ikkje vil bli arrestert og i staden ivareteke hans tryggleik medan han var her.

Ein kan være samd eller usamd i Snowden sine handlingar. Eg respekterer at mange er usamde i dei, og difor også er djupt usamde i at han har fått Bjørnson-prisen. Men om vi let ein mektig alliert sine myndigheiter hindre oss i ønskje Snowden trygt velkommen, er ei anna sak. Då går vi i fotspor vi ikkje bør vere i. Det er fotspora til dei som ikkje forsvarte Zola, dei som avviste von Ossietzsky og dei som ikkje torde å sette noko på spill for Solzjenitsyn.

Burde ikkje vi som nasjon vore kome lenger i 2015?

Det burde vi. Difor seier eg «Welcome to Norway, Mr Snowden».