NY HELTINNE: Mixed Martial Arts (MMA)-stjerna Ronda Rousey går lørdag i ringen mot eksbokser Holly Holm. Her møter hun pressen i California før kampen i Australia. Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTB SCANPIX
NY HELTINNE: Mixed Martial Arts (MMA)-stjerna Ronda Rousey går lørdag i ringen mot eksbokser Holly Holm. Her møter hun pressen i California før kampen i Australia. Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTB SCANPIXVis mer

Wonder Woman og den kompetente kroppen

Ein ny type kvinnelege atletar har opna dørene for ein ny type actionhelt.

Meninger

Tradisjonelt har den kvinnelege actionhelten vore spelt av Angelina Jolie, som med sitt genetisk innebygde duckface har strutta med to pistolar og plaffa ned skurkane. Dette har funka fint i «Tomb Raider», «Mr. & Mrs. Smith», «Wanted» og «Salt». Men på eitt eller anna tidspunkt snik det seg inn ein tvil om Angelina Jolie EIGENTLEG ville vore så god til å slåst. Svingslaga og roundhouse kicksa ser tøffe ut på film, når ho veivar rundt pistolen med ei hand, i fart, treffer ho alltid, og ho spelar godt nok til å selge inn.

Men ein viss type actionhelt har mangla sitt kvinnelege motstykke: Det er den fullstendig overkvalifiserte actionhelten. Eg tenkjer då på Muay Boran-eksperten Tony Jaa (Ong Bak), kung fu/wushu/gud veit kva-eksperten Jet Li, stuntmannen Cyril Raffaelli, parkourguden David Belle. Filmheltar som ein ser KAN noko fysisk. Det er også på eit eller anna nivå lett å tru på at enorme fyrar som Arnold Schwarzenegger og The Rock har potensialet til å vinne ein god del av slåstkampane dei er med på. Ein roterande alboge frå Angelina Jolie vil sjølvsagt også gjere vondt, men det er visse fysiske grenser for kor mykje eit menneske under 60 kilo kan overføre av kraft, med mindre dette mennesket er Bruce Lee. 

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men så har vi MMA. Mixed Martial Arts er ein eksplosivt populær idrett, og den fremste arenaen for MMA er the Ultimate Fighting Championship. I MMA, og i UFC, blandar ein alle kampsportar etter eit regelverk som er så åpent som det kan vere utan å gli over i fullstendig barbari. Bryting, boksing og spark er lov, alboge og kne er lov, men bakhovudet ikkje lov, ikkje lov å manipulere mindre enn tre fingrar (pga risikoen for knæsing), ikkje lov å lugge eller spytte, ikkje lov å gni blodet sitt i augene på motstandaren og skrike «haha, eg er HIV-smitta!» for å få eit sekunds overtak. Med andre ord, mange av mine favoritt-moves utgår, men UFC er likevel den artigaste sporten å sjå på om ein har eit par forferdelege instinkt i kroppen som ein ikkje klarer å verte kvitt.

Sånn alvorleg så har det også med kor reint det er. Det er strategi, styrke, kondisjon og psykologi, med reglar som er såpass logiske at ein ikkje treng å pugge ti sider for å ha glede av konkurransene. Disclaimer: Eg er elendig på reglar. Eg har framleis ikkje forstått heilt kva «offside» er, og i alle fall ikkje «stuss». 

MMA har gitt filmbransjen to kvinner som funkar på actionfilm. Den eine er Gina Carano, som, trass i at ho ikkje er ein ekspressiv skodespelar, gjorde ein fin figur i Steven Soderbergh sin «Haywire». Soderbergh pakka henne inn i ein støttebandasje av folk som Michael Douglas, Michael Fassbender, Ewan mcGregor og Channing Tatum, og dei spelar henne opp, som gode skodespelarar kan gjere.

Til gjengjeld er kampscenene fullstendig overbevisande. Når Carano bankar opp Fassbender, er det ikkje cartoony. (Og eg seier dette som teikneserieskapar: Det må då gå an å seie «cartoony» om noko som er overdrive og urealistisk, sjølv om adjektivet «teikneserieaktig » møter kritikk frå min bransje når slurvete filmskribentar slenger det rundt seg.) 

For min del var det ein skuffelse at den komande Batman vs Superman-filmen, «Dawn of Justice», hyra ein vakker fotomodell til rolla som Wonder Woman. Gal Gadot er sikkert rå ho, men korleis kunne dei velge nokon andre enn Carano? Ho har det digre, bølgande håret og eit par andre ting, og for å makse det ut: Carano var kjærast med «Supermann»-skodespelar Henry Cavill i to år. Kor fantastisk hadde det ikkje vore å sjå Supermann møte Wonder Woman, og vite både at dei har ei komplisert romantisk fortid og at Wonder Woman kan brekke armen til Supermann om ho vil det?

Ja, eg veit at film berre er film, men Christopher Nolan har med hell brukt det faktum at vi veit ting om filmproduksjonen til å gjere filmane sine meir magiske. Batmobilen i Batman Begins er meir imponerande fordi ein veit bilen på filmen kan hoppe av eigen motor. Jokeren er skumlare fordi ein veit rolla gjekk ut over psyken til Heath Ledger.

Denne metakunnskapen er ein del av kunstverket, og er litt av det som gjer film så fascinerande, det er ei suppe av mytologisering og rykte og forventingar. Igjen, ingenting imot Gal Gadot. Ho har sjølvsagt, sidan internett hatar alle menneske, møtt meir enn nok frekke kommentarar på at ho er for tynn. Men dama har vore med i den Israelske hæren, så ho har sikkert gjort ting som kunne fått Gina Carano til å fryse på ryggen. 

Ein av dei som har frekka seg mot Wonder Woman-castingen er den frittalande og ubeseira UFC-legenda Ronda Rousey. Rousey sin kamp var mot den til då like ubeseira Cat Zingano, var møtt med stor spenning, og tok slutt på 14 sekund. Rousey er tidlegare OL-deltakar i judo, og vinn dei fleste av sine kampar ved å slenge motstandaren omkring og låse henne fast i ein arm bar. Effektivt? Mike Tyson oppsummerte det med «shit, she could kick my ass!»

Rousey er også medviten om kva snevre kvinnelege førebilete gjer med kulturen. «Eg er lei av å sjå den greia med at kvinna sine superkrefter blir "dumbed down". I Fantastiske Fire er kvinna den som kan verte usynleg. I X-men vert Jean Grey trøtt heile tida. Wonder Woman er kul, men ho har skotsikre armband, medan Supermann er ein skotsikker fyr. Det er liksom ... ho har skikkelig kult tilbehør. Eg tenker på dette ein del ...»

Før kampen mot Bethe Correira erklærte Rousey at «det folk ikkje forstår, er at når eg brukar 14 sekund, då er eg grei. (Correira) likar eg ikkje, ho sa ting om familien min. No skal eg ta meg god tid, og ho kjem til å sjå annaleis ut etterpå ...» Kampen mot Correira var «lang», det vil seie 34 sekund. Og den var blotta for judo, Correira var knocka ut før ho traff bakken. Ein skal jo ikkje applaudere kvinnebanking, men det var ein imponerande idrettsprestasjon. 

På laurdag går Ronda mot eks-boksar Holly Holm (som gjekk inn i MMA akkurat i tide til å unngå ein kamp mot Brækhus). Rousey er så suveren, og så sjølvsikker, at spenninga knytter seg mest til om Ronda vinn utan å bruke sitt kjennemerke, judoen ... og om Holm kjem til å utnytte Rousey sitt overmot. Uansett er Rousey sikra ei karriere etter at ho pensjonerer seg, med roller i ein bråte filmar allereie. 
«Springe, hoppe, skyte, klatre, kaste ein fyr, det kan eg allereie», sa ho etter si første rolle, i Expendables 3. «Det er gåinga og pratinga som er skumlast.» 

Eg ser ikkje på Tony Jaa-filmar fordi han er så god til å uttrykke kjenslene sine, så eg håper Rousey også får lov å halde på lenge i filmverda. Men reell fridom for kompetente kvinnekroppar har vi ikkje før nokon lar 1,88 høge og 105 kilo (på sitt meste) tunge Gabi Garicia vere actionheltinne. Då kan ein endeleg byrje å seie at det finst reelt rom for variasjon.  

Uansett, jenter tek ikkje skade av ei heltinne som seier «Eg synest kroppen min er feminint badass. Fordi den er bygd for eit anna formål enn å bli pult av millionærar.» 

(En tidligere versjon hadde en kortere utgave av denne teksten)