YouTube: Eit rikt arkiv over poesi, biletkunst og filmhistorie

Ikke bare elleville stunts og fjortiser som hermer etter favorittbandet sitt.

(Dagbladet.no): Det har overraska nokre at det ikkje er ungdom i alderen 12 til 17 år som er hovudbrukarar av nettstaden YouTube. Og det er lett å forstå dersom ein først og fremst tenkjer seg at ein finn «elleville stunts og fjortiser som hermer etter favorittbandet» på YouTube.

Ei fersk gransking viser at det er folk i 35-60-åra som utgjer 54,5 av sjåargruppa.

Det kan difor vera interessant å sjå på nok av det andre som finst og er tilgjengeleg her som ikkje har kome mykje fram i denne samanhengen.

Det er vel ingen gitt å ha heile oversikta over kva den enorme kvantitative veksten på denne nettstaden inkluderer i dag, men eg har lyst til å trekkja fram nokre døme som kan fortelja noko om kvifor dette er interessant for folk som er godt over 17 år også, folk som er interessert i anna enn tull og tøys. Men eg skal kome attende til relativt avanserte former for tull og tøys også, så ikkje noko skal oppleve at nett det vert nedvurdert!

Poesi og målarkunst

Dersom me startar med poesi, vil eg tilrå eit sterkt opptak med Suheir Hammad der ho les fletta av tilhøyrarane med eit dikt om USA sin politikk etter 11. september. Eg kan også trekkja fram eit glimrande opptak med Alan Ginsberg som vart gjort heilt på slutten av livet hans, der han les diktet «Hum Bom».

Vidare er her svært fine ting å henta om Ted Hughes, og om Sylvia Plath og Ted Hughes.

Diverse gamle opptak med Bukowski som ein jo kan prøva å tenkja seg korleis ein på anna vis skulle ha fått tilgang til.

HYLLER SYLVIA PLATH: Helge Torvund har blant annet funnet fram en video om det turbulente forholdet mellom de to poetene Sylvia Plath og Ted Hughes. Foto: YOUTUBE
HYLLER SYLVIA PLATH: Helge Torvund har blant annet funnet fram en video om det turbulente forholdet mellom de to poetene Sylvia Plath og Ted Hughes. Foto: YOUTUBE Vis mer

Også spennande biletkunstnarar kan ein finne stoff om, som Francis Bacon.

Her er små miniprogram om mange av dei store målarane, som Cezanne,

Chagall, Gaugin og Rousseau, ofte med klassisk musikk til bileta, men også meir eller mindre vellykka med annan musikk.

Surrealisme

Noko av mest interessante var å finna heile «L’age d’Or» laga av Salvador Dali og Louis Buñuel i 1930. Den klassiske surrealistifilmen «Den andalusiske hunden» låg også ute ei stund, men er nå teken bort på grunn av trøbbel med den som har rettane. Men det finst klipp frå fleire av Buñuels geniale filmar, det er bare å søke og sjå. Nokre scenar er verkeleg kostelege absurde gjensyn med det anarkistisk surrealistiske grepet der han snur ting i samfunnet på hovudet, eller der den jentungen som er meldt sakna, dukkar opp att, men Buñuel konkretiserer det at vaksne ikkje alltid er så flinke til å lytta på barn, ved at ein bare hysjar på henne. Her har ein faktisk ein alvorleg leite aksjon på gang og kan ikkje verta forstyrra av barnemas!

Av dei meir morosame tinga er det heller ikkje alt som bare er «rare filmsnuttar», ein kan finna heile klassiske sketsjar som «The Ministry of Silly Walks» med John Cleese. Og den like hysterisk morosame «Insitutt for krangling»-sketsjen. Herleg absurd humor som nå er tilgjengelege når du måtte ønska det. Du kan sjå John Cleese dansa og daska med fisk på bryggekanten og ikkje minst høyra hans fabelaktige tale til avdøde Python-medlem Graham Chapman.

Noko av det mest fascinerande er at ein kan kome over ting ein ikkje ante eksisterte. Då eg søkte på skulptøren Giacometti, dukka det opp ein utruleg dokkefilm om han. Ein vellaga historie om hans indre kamp i atelieret i Paris. Kva skal ein seia til slikt?

Melodramatisk og underleg, og ikkje godt å vita kva kunstnarene sjølv ville sagt. Ein ser og undrar seg og leiter for å sjå om ein kan finna fleire uslipte perler.

Film og musikk

Det er sjølvsagt mogleg å finna mange filmsnuttar, men det som overraskar, er at det ligg heile spelefilmar frå filmhistoria ute på YouTube, som The Cabinet of Dr. Calligari frå 1919 og Nosferatu frå1922. Så her der det bare å søka etter gamle favorittar og sjå kva ein finn.

For ikkje å snakke om mengda av nostalgiske musikk-«videoar» som ligg ute her. Her er noko for ein kvar; banjosoloar, trommesoloar, country og roots.


Og fabelaktige opptak med Lightnin Hopkins
.

Vakkert og tilsynelatande minimalistisk framfører gode gamle Fleetwood Mac sin «Need your love so bad». Vel, kanskje er ikkje songen heilt synkron, kanskje er det litt tidlig å ha trådlause gitarar og kvar kjem eigentleg dei strykarane frå? Men morosamt er det å kunna gå attende til sin eigen ungdom å sjå ting som ein anten bare har sett for lenge, lenge sidan, eller som ein aldri, aldri har sett, og aldri trudde ein skulle få sjå, men har høyrt og høyrt på.

Og brått får ein Albatross ein til å drøyma seg bort i minner, og YouTube har fungert som eit magisk musikk- og filmarkiv for minnene våre nok ein kveld, og gitt oss nokre nye opplevingar i tillegg.

Helge Torvund er Dagbladets diktanmelder og i tillegg lærer i Diktkammeret, Dagbladet.nos forum for lesernes egne dikt.

LES OGSÅ:

DIGGER YOUTUBE: Forfatter, psykolog og diktlærer Helge Torvund.