Ytringsfridom og mediemangfald

Konsentrasjon av eigarskap i norske medium er ein potensiell fare for ytringsfridomen, og dermed blir det ei offentleg oppgåve å hindra for sterk eigarkonsentrasjon.

Stortinget skal i april drøfta norsk mediepolitikk, bland anna eigarskap i media. I dag er Schibsted, A-pressen og Orkla dei største eigarane, med 30, 16 og 15 prosent av dagspressa og eigardelar i fjernsyn. Stortingsbehandlinga kan føra til færre og større eigarar, særleg dersom konkurranselova skal regulera mediemangfaldet. Det kan på sikt svekka vilkåra for ytringsfridomen og demokratiet.

Ytringsfridomen er eit viktig grunnlag for vårt demokrati. Vern og styrking av ytringsfridomen er det fremste av dei nasjonale mediepolitiske måla. For å nå dette målet, må det finnast mange uavhengige medieføretak, men tendensane i norske medium er at eigarkonsentrasjonen aukar. Det reduserer mediemangfaldet.

Konsentrasjon av eigarskap i norske medium er ein potensiell fare for ytringsfridomen, og dermed blir det ei offentleg oppgåve å hindra for sterk eigarkonsentrasjon. Regulering av eigarskap i media er altså eit verkemiddel for å nå målet om vern og styrking av ytringsfridomen.

Ytringsfridom er fridom for den enkelte borgar til å ta imot og gi uttrykk for idear, meiningar og informasjon. Dei fleste europeiske landa har grunnlovfesta rett til ytringsfridom. På europeisk plan er retten til ytringsfridom fastsett i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som dei fleste landa i Europa har slutta seg til. Menneskerettskonvensjonen blei norsk lov i 1999.

Regulering av eigarskap i media er eit nødvendig tiltak for å sikra at ytringsfridomen skal kunna brukast i praksis. Mange innbyrdes uavhengige ytringskanalar aukar sjansane for at ulike idear og meiningar kjem til uttrykk og for brei informasjon om ulike internasjonale, nasjonale og lokale spørsmål.

A-pressen gav uttrykk for dette prinsipielle synet overfor dagspresseutvalet (NOU 2000:15):

«Avismangfold, i motsetning til avismonopol, er også den beste garanti for differensiert journalistikk. Mange har hevdet at den nøytrale journalistikkens objektivitet har gitt et indre mangfold i mediene, og slik overflødiggjort ytre mangfold. Det tror vi er en feilslutning. Bare ytre mangfold gir den tilstrekkelige garanti for balanse og likeverdighet mellom ulike synspunkter og nyanserte vinklinger.»

Mediekonsentrasjonen har kome langt i somme land. Her kan nemnast to:

I Italia har statsminister Berlusconis fleirtal i Parlamentet nå styrefleirtalet i RAI, det italienske motstykket til NRK, i tillegg til at han eig den andre halvdelen av italiensk nasjonalt fjernsyn. Ei lov som skal regulera interessekonfliktar vil etter alt å døma bli forma ut slik at Berlusconi utan problem kan gi seg sjølv konsesjon til framtidig fjernsynsdrift.

I Canada eig Izzy Asper det mest framgangsrike private fjernsynsnettverket i tillegg til over 100 aviser. Han er kjent som ein markant politisk figur. Leiarartiklar som gjeld nasjonale og internasjonale spørsmål, skal frå nå av skrivast sentralt i konsernet og skal stå på trykk i alle avisene hans.

Det norske mediebildet er prega av nokre få riksdekkande aviser, eit tilnærma heildekkande teppe av regionaviser og mange lokalaviser; på kringkastingsfeltet dominerer dei nasjonale kanalane. Ingen eig meir enn 1/3 av dagspressa, heller ikkje innan kringkasting (om vi ser bort frå NRK). Dessutan er presse- og kringkastingstradisjonane, økonomiske støttetiltak, redaktørplakaten og ein vaken opinion viktige krefter. Det er likevel ein fare for så sterk konsentrasjon av eigarskap i media at det kan bli eit problem for ytringsfridomen og demokratiet. Derfor har Stortinget vedteke reglar som hindrar at mediekonsentrasjonen skal bli for sterk, og at vi skal «tola» også medieeigarar som Murdoch, Berlusconi og Asper.

Sjølv innanfor dagens regelverk ser vi ein tendens til oppkjøp, nedleggingar og fusjonar som ikkje tener ytringsfridomen. I Bodø har to konkurrerande konsern (A-pressen og Harstad Tidende Gruppen) i samarbeid reduserte avismangfald til avismonopol. Slike fusjonar vil som regel vera i strid med regelverket, men i dette tilfellet blei fusjonen drive gjennom så raskt at det ikkje var mogleg å hindra den. Dei to same konserna la ned kvar si nr. 2-avis om lag eitt år før fusjonen i Bodø, aviser som konkurrerte med det andre konsernet. Til saman har A-pressen og Harstad Tidende Gruppen (der Schibsted er hovudaksjonær) dei siste to åra redusert talet på stader i Nord-Noreg med avismangfald frå seks til to, om vi ser bort frå Helgeland.

Kommersialisering i media skjer fordi eigarane vil ha større aksjeutbyte. Det har så langt ført til kraftig rasjonalisering i aviser, også i redaksjonane. Færre journalistar fører til at kvar må produsera fleire saker, men dermed også bruka mindre tid på kvar sak. Det kan bety meir bruk, men mindre sjekking av kjelder og færre alternative synspunkt.

Men kommersialiseringa kan også føra til einsretting på meir subtile måtar. Ansvarleg redaktør kan leggja større vekt på kva for stoff som sel, i staden for på kva for stoff det er viktig å formidla ut frå andre omsyn. Det kan bli mindre plass for kontroversielle saker og meiningar som kan føra til protestar, oppseiing av abonnement eller andre negative reaksjonar frå publikum, annonsørar eller lokale/regionale maktmenneske.

Om dette skjer eller ikkje, er det vanskeleg å ha ei sikker meining om. Lesarane ser nemleg ikkje det som ikkje kjem på trykk, og det er vanskeleg å vita om redaksjonelle synspunkt er dirigerte av kva redaktørar eigentleg meiner, eller av kva redaktørane trur fører til auka sal og høgare annonseinntekter.

Det har blitt hevda at reglane om eigarskap i media heller bør regulerast av konkurranselova. Men konkurranselova har eit heilt anna formål enn medieeigarskapslova, og kan derfor ikkje brukast for å oppnå dei mediepolitiske effektane som dagens spesialregulering skal. Formålet med konkurranselova er å sikra effektiv bruk av samfunnsressursane ved å leggja til rette for verksam konkurranse. Mediemangfald er ikkje eit sjølvstendig mål i saker etter konkurranselova. Det er stor skilnad på å produsera sko og å produsera meiningar og informasjon. I Canada har eigarkonsentrasjonen i dagspressa skjedd i samsvar med konkurranselova fordi det ikkje var konkurranse om annonsekronene, og dermed var det det same kven som eigde avisene. Overført til Noreg kan vi sjå for oss at ein person kan eiga alle dei store regionavisene våre utan at det er i strid med konkurranselova. Om den personen har politiske ambisjonar og innfører sitt politiske syn som ideologisk grunnlag for avisene, er heller ikkje redaktørplakaten noko vern mot einsretting.

Dei fleste europeiske land har ei eller anna form for spesialregulering som skal hindra for sterk eigarkonsentrasjon i media. Reguleringa er svært ulik, men det er to fellestrekk. Det eine er at reglane har som formål å verna om ytringsfridomen ved å hindra uønska sterk eigarkonsentrasjon. Det andre er at grensa for kva ytringsfridomen «kan tola» ser ut til å liggja på mellom 20 og 35 prosent av marknaden.

Regulering av eigarskap i media er ei avveging mellom vernet for ytringsfridomen og omsynet til ekspansjon og forteneste for mediekonserna. Departementet uttalte i framlegget til medieeigarskapslova at «mediemarkedets bedriftsøkonomiske rasjonale tilsier at utviklingen trolig vil gå i retning av stadig større konsentrasjon i eierstruktur, dersom utviklingen ikke underlegges offentlig kontroll». Ytringsfrihetskommisjonen uttalte at «Det mest påtrengende problem i dag synes å være den økende eierkonsentrasjon i de dominerende medier. [...] Eierkonsentrasjonen truer mangfoldet og uavhengigheten dels ved direkte påvirkning og dels indirekte gjennom krav til avkastning».

Stortinget skal ved behandlinga av mediemeldinga i vår ta stilling til regulering av eigarskap i media. Det valet som Stortinget gjer, kan vidareføra vern og styrking av ytringsfridomen eller svekka den ved å opna for endå sterkare eigarkonsentrasjon enn vi har i dag.