Ytringsfridom og vanmakt

14. oktober hadde eg ein kronikk her i avisa der eg hevda at Ytringsfrihetskommisjonen hadde tatt for lett på dei overgrepa media gjer mot sakeslause menneske, at dei hadde fått for mykje einstonig vellåt, og at dei var komne i tvilsamt selskap ved rosen frå Arve Solstad.

28. oktober får eg så svar frå kommisjonsformann Francis Sejersted. Det er barske saker.

Eg vil ha bort den oppskrytte fridomen, det sivilisatoriske nivået vårt tillet ikkje fridom. Eg står i den autoritære tanketradisjonen Platon, Marx, Sartveit, i skarp mistru til den liberale skepsis til makta, til tanken om det åpne samfunn og til tanken om at nokon må vakte vaktarane. Eg er farleg.(Eg skal nok lese Platon om att. Han har nok framleis skrive det beste om tabloidisering og marknadstilpassing av media, i dialogen Faidros»). Så har eg eit skrudd og skremmande samfunnsbilete, der eg ser berre media, og då overtrampa i media. No var det faktisk overtrampa i media eg skreiv om, og berre det, i ein kronikk som vart for lang og måtte ha ekstraspalte. Med undring les eg at Sejersteds samfunn ligg lysår frå mitt. Så nedvurderer eg folk flest, og gjer underklassa stakkarsleg, i motsetning til kommisjonen, som har tillit til den enkelte kvinne og mann. I mitt samfunn går den vanlege kvinne og mann i ei konstant redsle for å bli utsett for ein mediestorm. I hans samfunn er dette annleis. Og så skriv han ein del om korleis det offentlege rom fungerer og skal fungere, noko eg altså ikkje trur noko på.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg sit undrande og ser meg rundt i det raritetskabinettet Sejersted har teikna rundt meg. Eg har levd heile mitt vaksne liv i det offentlege rommet, delvis administrert delar av det, og eg har ved tid og stunder, etter evne, vore med i offentleg debatt, no sist med ein kronikk om Ytringsfrihetskommisjonen. Og så har formannen i kommisjonen med eitt gjort meg til Riddar Blåskjegg.

Eg får seie det som det er: Dette forstår eg ikkje. Det er tydeleg at Sejersted ikkje har forstått stort av det eg prøvde å seie heller, svaret hans fortel det. Til slutt, etter å ha plassert meg i raritetskabinettet, klagar han over tonen i debatten, og bed meg (oss?) om å bruke den felles fornuft. Eg skal prøve ein gong til, ettersom den første var så mislukka.

Eg trur det kan vere fruktbart å dele yringsfridomen i to. Den eine er ytringsfridomen som våpen mot makta, mot fordommar, og som vaktar av vaktarane. Det er rundt denne ytringsfridomen stridane har stått i historia, det er her ofra har skjedd, det er her martyrane finst: Sokrates, Kristus, Bruno, fram til Christian Krohg og Mykle og mange fleire. Dette er den ærefulle soga, dette er ytringsfridomen i det offentlege rom, som Sejersted og kommisjonen skriv godt om, dette er den fridomen som alltid må forsvarast og utvidast dette er den fridomen som må vere omgjeven av ampgny om samfunnet vårt skal vere sunt. Denne ytringsfridomen møter jamn motstand frå makta av ulik slag, og har alltid gjort det. Er det ikkje gny og støy her, kan det vere eit alvorleg signal om sterke, infiltrerte, dominerande maktstrukturar.

Eg kan ikkje sjå at kommisjonen og eg er usamde om noko viktig når det gjeld dette, og belæringa frå Sejersted undrar meg. Ytringsfridomens andre del er ytringsfridomen mot vanmakta. Det er ytringsfridomen ved vannposten, sladder, baktale og alt det andre i den lei. Dette er ein langt mindre ærefull ytringsfridom, og han er langt mindre forsvarsverdig.

Det er her ein del av overgrepa og overtrampa i media høyrer heime. Og det var ikkje betre før. Eg har akkurat lese engelsk presse i samband med lord Byrons skilsmisse. Det var forferdeleg. Han måtte rømme landet. Men i dag er dette ikkje noko argument . Det er ei opplysning. Siste hundreåret har mennesket fått mange nye rettar, som arbeidstakar, barn, kvinne, sosialtilfelle, fange, og ei lang liste. Vi behandlar ikkje folk som vi gjorde for hundre eller to hundre år sidan. Å vise til fortida er irrelevant. Det bør ha betra seg. Når eg prøver meg igjen, er det fordi Sejersted i sitt svar til meg har eit par formuleringar som undrar meg. Eg forstår reint ut sagt ikkje kva han skriv eller meiner.

Han skriv: «Hvor er for øvrig disse stakkars mennesker som stadig tråkkes ned og som Skartveit gjør seg til en selvbestaltet talsmann for?» Kva er det han spør om? Vil han ha ei namneliste med namn og adresse på medieoffer? Eg har ei slik liste, og den kan han få, men ikkje i avisa. Dei skal ikkje plagast ein gong til. Vi kan ta det på telefonen. Men kan han ikkje sjå seg rundt: Orderud-familien, familien til Barbro Zedini, familien i Larvik som måtte ha grannehjelp mot helikopteret? Dei fleste av oss veit no meir om Orderud-familien enn om vår eigen familie. Skal det vere slik?

Dei skal tilbake til samfunnet, også om dei skulle bli dømde. Selvbestaltet talsmann? Ja. Eg har stått nær ved nokre mediestormar. Eg har sett vanmakta, tårene, fortvilinga, sorga, skadene. Det er ikkje lett å gløyme. Eg har følgt nokså godt med på desse mediestormane siste tjue åra, og eg har ikkje sett noko kommisjonsmedlem i ein slik storm. Men eg kan ta feil. Det hender.

I motsetning til meg har kommisjonen ei helt anna tillit til den enkelte kvinne og mann enn eg har, skriv Sejersted. Eg ser ikkje retteleg kva dette har med overtrampa og overgrepa å gjere. Eg forstår ikkje kva Orderud-familien og andre skal med kommisjonens rause tillit. Det er vern dei treng. Å by tillit for vern er som å by kaker for brød.

I det raritetskabinettet Sejersted teiknar rundt meg går den vanlege kvinne og mann rundt i ei konstant redsle for mediestormen. Eg veit ikkje kvar han har det frå. Ingen eg kjenner går rundt i dagleg redsle for toreveret. Men det kan vere eit helvete når lynet slår ned.

Så skriv han. «Det viktigste i vår kontekst er kanskje at det for hvert overtramp vil være langt flere avsløringer av maktovergrep mot «tredjestandsfolk», først og fremst fra det «offentlige.» Sant og visst. Det skulle også berre mangle. Likevel, det er noko urovekkjande i formuleringa og i tanken, ein tanke om at vi må akseptere nokre offer for å ha eit fungerande offentleg rom.

Det er, slik eg les han, ein variant av tanken om statsraison, at vi må ofre nokre individ for fellesskapet, også i fredstid. Det var ein sentral tanke hos dei som ville ha Dreyfus dømd. Vi møter ein variant av same tanken i leiaren i Dagbladet 25. okt., der dei tek avstand frå Kristin Halvorsens tanke om ein hjelpeinstans for pårørande ved mediepågang i alvorlege kriminalsaker. Det trengst ikkje, for «de aller fleste journalister vil nærme seg informanter med den hensynsfullhet situasjonen krever!» (utropsteiknet er mitt). Det er eit romsleg resonnement, som vil gjere det meste av politi og rettsapparat unødvendig. Dei fleste er edru på vegen, dei fleste drep ikkje grannen etc., etc. Men vi meiner altså likevel at vi må ha lover og politi, av omsyn til dei som ikkje skikkar seg vel, og av omsyn til dei det går ut over. Denne romslege måten å tenke på er i det minste problematisk. Det fins ein annan måte, som ein i alle fall bør vurdere, også i mediesamanheng. I ei gamal bok eg har, seier hovudpersonen. «Alt det de har gjort mot ein av mine minste, det har de gjort mot meg.» Han var på mange måtar ein romsleg kar, men akkurat her var han trang. Det er kanskje grunnen til at han har spela ei så sentral rolle i utforminga av det menneskesynet vi i dag vedkjenner oss som vårt, og som gjer at vi reagerer mot overgrep av ulike slag, og som gjer at nokre av oss er så intenst opptatt av ytringsfridomen som vern for den veike, mot overgrep frå den sterke.

Å bruke ytringsfridomen som vern for den sterkes rett til å plage den veike og forsvarslause kan i lengda vere farleg ferd i eit ope samfunn med eit fungerande offentleg rom. Det kan handle om truverde på lang sikt, men på lengre sikt kan det også handle om retten til å ytre seg i det heile i viktige saker.

Denne sida av ytringsfridomen tok kommisjonen for lett på. Det var synd, og det var det eg prøvde å seie. For det fekk eg skrubb.

Det får eg tole. Såpass får det koste å ytre seg.