Zapateros farfar

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

ANDRESIDA I

Dagbladet er som regel leseverdig. Det gjeld også 15. april der Vibeke Knoop Rachline portretterer den nye sosialistiske statsministeren i Spania. I artikkelen blir det fortalt at José Louis Rodrígues Zapatero er barnebarn av ein soldat som vart skoten av Francos soldatar under borgarkrigen. Dette er i knappaste laget, og ei lita utdjuping - basert på stoff frå spanske aviser - vil komplettere biletet.

Rodrígues Lozano var kaptein i den spanske hæren, og som sosialist var han lojal mot den folkevalde regjeringa. Han vart arrestert av kuppmakarane sist i juli 1936 og avretta ein månad seinare. I sitt politiske testamente skriv han at han døyr uskuldig. Han er ingen landssvikar, som opprørarane hevdar. Likevel krev han ikkje hemn, men bed om fred i Spania og ei betre framtid for dei lågaste i samfunnet.

Denne politiske arven vart seinare ført vidare i Zapaterofamilien, ikkje minst av barnebarnet José Louis som alltid har heidra farfars minne. Dette eksempelet viser at Federico Garcia Lorca - som også vart offer for Francokuppet i 1936 - truleg har rett når han skriv at i ingen land er dei døde så levande som i Spania.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer