Zebra, og ikkje fullt så bra

Sanselege linjer og godt driv, men for mange tilfeldige bilete

Nokre av dikta til Øystein Wingaard Wolf får det til å klø i strykefingeren. Ved å ta bort nokre linjer her og der, kunne det som stod igjen, vore så glimrande.

På ein mann som gav ut to diktsamlingar bare i fjor, vil nok råd om å «stramma inn og la det mognast over tid», gje like lite resultat som «hovslag på tersklene til ubebodde hus», som det står i titteldiktet.

Et både - og

Fordi han er slik ein gåverik og sympatisk skrivar, ville me gjerne sett at han tok sine ressursar heilt ut og laga nokre dikt som var prega av det beste han kan yta. Men her er det «take it and leave it», det er både - og, og litt til! Det blir som om Vindtorn møter Bosch i ein film av Buñuel.

Nå må det understrekast at også i «Zebra» er det gjennomførte, gode dikt. «De magre» står sterkt, der «En tyv og en morder forhandler / om hvem som skal blinde / den neste piken som kler seg naken / Døden går forbi, forkledt som kullhandler».

«Skorpioner» er eit merkeleg presist dikt, og «Oslos lys» er Wolf på sitt beste.

Raser av garde

Men ein møter stadig dei Wolfske bileta som bare legg seg utover boksida utan å reisa seg i sinnet og materialisere seg. Ordet vert ikkje kjøt!

Poeten raser av garde frå rom til rom; orda får ikkje tid til å suga til seg nok opplevd røynd før dei forlet poeten: «Du ble piercet av månen i eit fremmed rom / mens katten slikket i seg fettet / fra et kveldsmåltid uten berøring.»

Wolf er eit oppkome av originale bilete, og han skapar eit fengjande rytmisk driv i tekstar om musikk, vennskap, krypdyr og erotikk. Når det fungerer, er det sanseleg og godt å lesa. Men han overlet for mykje til det tilfeldige. Han viser ofte fram kroken når han ikkje har fått fisk, og då får me ingenting å eta.

ORDRIKT: Anmeldaren klør i fingrane etter å stryka ein del linjer båe her og der i nokre av dikta til Wolf.