Folkedikting

Kva er folkedikting?

Den folkediktinga vi skal ta for oss i dette kapittelet, er litteratur som er blitt til i mellomalderen eller seinare, og som vi ikkje kjenner forfattaren til. Denne litteraturen omfattar sjangrar som eventyr, segner, ordtak, viser, stev, rim og regler. Folkediktinga har levd munnleg mellom folk i fleire hundre år før ho blei samla, ordna og tilrettelagd og skriven ned. Hovudarbeidet med å samle inn og gi ut folkedikting skjedde på midten av 1800-talet, i den perioden vi kallar nasjonalromantikken (sjå side 171). Det kan derfor diskuterast om dette er litteratur frå mellomalderen eller frå 1800-talet.

Under nasjonalromantikken var det ei vanleg oppfatning at denne munnlege litteraturen var skapt og ført vidare av folket, og at det derfor var sjølve «folkesjela» som kom til uttrykk – denne litteraturen var det sanne, opphavlege uttrykket for dei inste tankane i nasjonen eller folket. Det er bakgrunnen for nemninga folkedikting. I dag er det ingen som vil stå inne for ei slik oppfatning, men nemninga har likevel blitt vanleg å bruke. Den folkediktinga som blei skriven ned på 1800-talet, står i ei særstilling. Det må likevel nemnast at folkedikting er noko langt meir. Mykje av den norrøne litteraturen oppfyller for eksempel alle eller dei fleste av dei kriteria som blir omtalte under. Det same gjeld svært mange tekster av nyare dato, som vandrehistorier (moderne segner), vitsar, gåter, barnesongar, rim, regler, ordtak, arbeidssongar og så vidare.

Typiske trekk ved folkedikting

Det som er sagt over, viser mykje av det typiske ved folkedikting: I all folkedikting er forfattaren ukjend. Mykje har nasjonalt eller lokalt preg, men stoffet (motiv, handling, tema og konfliktar) er ikkje sjeldan internasjonalt. Handlinga går ofte føre seg på ein ikkje nærmare definert stad og i ei like ubestemt tid. Samtidig blir nokså realistisk framstilling blanda med fantastiske, overnaturlege eller mytiske element. Før tekstene eventuelt blir skrivne ned, har dei i kortare eller lengre tid levd på folkemunne, det vil seie at dei er blitt munnleg framførte (fortalde eller sungne), og er blitt spreidde på den måten..

På grunn av denne munnlege overleveringa, der lokale forteljarar fritt har forma stoffet etter visse mønster, finst det mange variantar av kvar forteljing og vise. Figurane vi møter, er gjerne typar, handlingsgangen er enkel og som regel bygd rundt ein konflikt. Berre handlingstoppane er med. Faste komposisjonselement (for eksempel scenar), faste uttrykk (for eksempel «Det var ein gong…») og gjentakingar (oftast tre) er ofte med. Desse trekka heng også saman med den munnlege formidlinga, fordi slike element gjer stoffet lettare å hugse.

Samla blir desse kjenneteikna ein slags «formel» som formidlarane har kunna bruke når dei skulle fortelje og omforme gamle forteljingar eller viser, men også når dei dikta heilt nye. Eigentleg har kvar einaste framføring i den munnlege fortelje- og songkulturen vore eit sjølvstendig kunstverk, ulikt alle andre framføringar. Når folkedikting skal skrivast ned, oppstår derfor eit problem: Ingen verk er bevarte i original, alle er variantar. Dei skrivne versjonane må lagast på grunnlag av dei ulike munnlege variantane.

Folkeviser

I den norrøne prosaen møter vi eit hardbarka mannsideal og ein objektiv forteljestil som sjeldan eller aldri opnar for sterke kjensleutbrot (sjå kapittel 4). Det same gjeld for den norrøne poesien, som greier seg lenge med nøktern skildring og knappe gjengivingar av replikker – rettnok i eit biletrikt språk og med velklingande bokstavrim. Folkevisene frå mellomalderen bryt nokså radikalt med dette mønsteret.

I folkevisa om Bendik og Årolilja kjem Bendik til kongsdottera Årolilja i jomfruburet hennar i løynd om natta. Om dagen rir han kvilelaust rundt i skogen og tenkjer på kjærasten:

Eg tikje så vent om ditt gule hår,

som epli dei dryp på kviste –

sæl er den som deg må få,

gud bære den som skó misse!

Eg tikje så, når eg sit hjå deg,

som eg sat uti solskin bjarte;

når eg og du må skiljast åt,

då rivnar bå’ hug og hjarta.

Eg tikje så, når eg sit hjå deg,

som eg sat uti solskin bjarte;

når eg og du må finnast att

då gledast bå’ hug og hjarta.

Ingen sogeforteljar ville kunne uttrykkje seg som om han på denne måten hadde tilgang til indre tankar og kjensler hos ein einsleg mann. Han ville ha måtta nøye seg med å skildre det som var synleg for auget, eller å gjengi det som (liksom) blei sagt mens andre var til stades og hørte det.

Kva er ei folkevise?

Folkevisene er episk-lyriske, det vil seie at dei fortel ei historie, samtidig som dei er forma som dikt. I ein slik sjanger er det sjølvsagt ikkje plass til å måle ut handlinga eller vise fram komplekse personlegdommar på same måten som i prosaforteljingar. Berre handlingstoppane er med, og jamvel om visene uttrykkjer eit rikt kjensleliv, er personane typar.

Nemninga folkevise er frå 1700-talet og er mykje yngre enn sjangeren sjølv. Ordet er ei direkte omsetjing av det tyske omgrepet Volkslied, som igjen er ei upresis omsetjing av det engelske popular song. Ei eldre og meir «korrekt» nemning er ballade, eit ord som kjem frå det latinske ballare, som tyder å danse.

Innhaldet i folkevisene

Handlinga i folkevisene er episodisk og sprangvis. Berre viktige scenar er med. Folkeminneforskaren Moltke Moe har formulert dette i eit talande bilete ved å seie at folkevisene er «høydepunkter side om side, som en blånende rad av fjelltopper – alt annet i dis og skodde, overlatt til den flytende fantasi». Andre har samanlikna handlingsstrukturen med ein teikneserie. Også teikneseriar vel ut dei viktigaste episodane, plasserer kvar av dei i ei ramme og hoppar over det som ligg imellom. Episodane fortel om sterke kjensler og stor dramatikk. Både bergtaking og bortføring, mord og vald, lidenskap og liding blir måla ut i tekstene.

Forma i folkevisene

Det finst likskapstrekk mellom norrøn poesi og folkeviser eller balladar. I begge er for eksempel dialog eit hyppig brukt verkemiddel. Det same må seiast om faste formlar – helten rir på «gangaren grå», jomfrua «går i rosenlund» og «kjemmer sitt gule hår». Eit anna fellestrekk er parallellstrofer, det vil seie at strofer gjentek seg heilt eller delvis, slik som i strofene over frå «Bendik og Årolilja». Desse fellestrekka heng naturlegvis saman med at det i begge tilfelle er snakk om ein munnleg litteratur. Dei verkemidla som er nemnde, gjer visene lettare å hugse utanåt. Men det er også fleire ting som skil folkevisene frå den norrøne poesien. Folkevisene har enderim, jamvel om det er litt annleis enn rim i dag. Den moderne forståinga av rim krev at ord som rimar, må vere like frå siste trykktunge staving og ut ordet. I folkevisene er derimot vokallikskap eller assonans tilstrekkeleg. I strofene frå «Bendik og Årolilja» over ser vi at «kviste» rimar med «misse» og «bjarte» med «hjarta». Det er altså nok at vokalane i endeorda er like eller nesten like. Ein kan også finne mange eksempel på bokstavrim i folkevisene, men bokstavrimet følgjer ikkje lenger eit fast mønster, slik det gjorde i norrøn poesi. Det finst to slags folkevisestrofer, ei med to verselinjer og ei med fire. Begge formene har enderim. I ei strofe med fire linjer rimar andre og fjerde linje. Med til strofene hører eit omkved, som består av ei eller fleire verselinjer som gjentek seg for kvar strofe. I ei strofe med to linjer kjem første del av omkvedet som regel mellom dei to linjene (mellomstev), og resten kjem etter siste linje (etterstev). I strofer med fire linjer er etterstev det vanlege. Vi kan illustrere dei to formene med innleiingsstrofene til «Olav og Kari» og «Bendik og Årolilja»:

Bendik ri åt Sølondo,

ville han skòa møy;

han var kje lagje til att’e koma.

Difyr så laut han døy.

Årolilja, kvi søv’e du så lengje?

Olav sat heime i åtte år,

– Trø meg inkje for nære –

Fyrr han ville si moeri sjå.

– På vollen dansar mi jomfru.

Ofte heng innhaldet i omkvedet saman med temaet i visa. Da er omkvedet gjerne ein kommentar til handlinga eller ei konstatering av eit eller anna. I andre tilfelle har omkvedet lite med handlinga å gjere. Det kan for eksempel vere ei oppmoding til dans.

Ulike grupper av folkeviser

Vi skil gjerne mellom seks ulike grupper av folkeviser:

Naturmytiske folkeviser handlar om møte mellom menneske og det overnaturlege. Alle visene om bergtaking hører med her. I «Villemann og Magnhild» blir Magnhild teken av nøkken, men Villemann spelar henne opp igjen frå dødsriket. Visa har mange trekk felles med den greske myten om Orfevs og Evrydike. Ei anna kjent vise i denne gruppa er «Liti Kjersti».

Religiøse viser har, som nemninga fortel, religiøst innhald. Til dei religiøse visene hører for eksempel «Draumkvedet», som er eit visjonsdikt. Drengen Olav Åsteson sovnar julekvelden og vaknar ikkje opp før på trettandedagen. Da går han i kyrkja, set seg i kyrkjedøra og fortel korleis han i draumar har sett livet etter døden, med skjærselden, himmelen og helvete.

Historiske viser har vi ikkje mange av i Noreg. Dei handlar om historiske personar og faktiske politiske hendingar.

Riddarviser går føre seg i eit europeisk overklassemiljø og handlar om (uoppnåeleg) kjærleik og andre tema og ideal frå riddarmiljøet. Desse visene utgjer den største gruppa. Eit eksempel er «Bendik og Årolilja».

Troll- og kjempeviser finn vi berre i Noreg og på Færøyane. Som nemninga fortel, handlar dei om troll og kjemper eller heltar. Heltevisene byggjer på norrøne soger.

Skjemteviser er ei gruppe av viser der innhaldet set ting på hovudet og gjer narr av mangt og mykje. Eit kjent eksempel er «Den bakvende verdi» (også kjend som «Den bakvendte visa»), som opnar slik:

Laksen leika i furutopp,

han gnaga borkjen av greinir;

og ikonn spila på havsens botn

og velte store gråsteinar.

I natt, å i natt!

eg låg og eg datt, –

eg totte at verdi var bakvendt radt.

Kva funksjon hadde folkevisene?

Folkevisene har på same måten som eventyra gitt underhaldning og høve til flukt frå det verkelege livet, samtidig som dei har formidla moral, fungert som oppseding og formidla verdiar. I tillegg har visene hatt ein svært viktig sosial funksjon. Det vanlege var å syngje dei til kjede- eller ringdans. Ein forsongar styrte songen, anten ved å innleie kvar strofe ein liten augneblink før dei andre stemde i, eller ved å syngje strofene åleine, mens dei andre song med på omkvedet. Frå 1500-talet og utover blei pardans og instrumentalmusikk meir og meir vanleg, og den gamle tradisjonen døydde ut. Men på Færøyane har tradisjonen halde seg levande fram til i dag. Rundt år 1900 blei den gamle skikken med folkevisedans teken opp igjen i Noreg etter impuls frå Færøyane.

Tekstane er henta fra læreværket Tema, frå Det norske Samlaget.