- Dagbladet.no tar feil

- Dagbladet.no har misforstått debatten om subsidier på eksport av matvarer.

Dagbladet.no tok 23. april opp ei sak om norsk landbruk, ei sak som med krigsoverskrift forkynna at landbruksstøtta i Norge forverrar matvarekrisa.

Les ein imidlertid vidare i artikkelen vil ein fort finna ut at overskrifta er laga på sviktande grunnlag, og overhovud ikkje står i stil med det eigentlege innhaldet.

Saka er nemleg at ein forskar frå UMB har kommi fram til at produksjonsdrivande støtte fører til at ein tidvis vil få overproduksjon av matvarar - og dermed vil overskotet bli dumpa på marknadar i u-land. Slik får ikkje u-landa moglegheit til å bygge opp eigen landbruksproduksjon. Dette er absolutt sant, men berre for dei landa som faktisk eksporterer landbruksvarar.

Men Noreg er ein nettoimportør, og eksporterer ikkje landbruksvarar i det heile teke.

I Noreg importerer vi rundt 50 % av maten vi et, og tendensen er at prosenttalet stig. Samstundes har vi fjerna alt som heiter eksportstøtte, eller i alle fall det vesle som var av det. Det dreide seg om 300 millionar til sal av jarlsbergost.

Då er situasjonen mykje verre i land som EU og USA. USA gir store subsidiar til bomullsbøndene sine, slik at dei kan eksportere bomull til under produksjonspris og fullstendig konkurrere ut lokale produksjonar i andre land. EU har til dømes produsert alt for mykje roesukker i ei årrekke, og velta mykje av dette overskotet over på land som eigentleg kunne produsert eiget rørsukker både meir kostnads- og energieffektivt.

Dagbladet.no sett fingeren på eit viktig problem, men vel altså å ha heilt feil fokus i overskrifta for å trekke lesarar til artikkelen.

Slik eg ser det har dei lagt eit premiss om at eksportering av subsidierte varar fører til matvarekrise og eit premiss om at Noreg kan vera føregjengar ved å kutte i sine eigne subsidie til grunn. Ut i frå dette har dei invertert det slik at Noreg er syndebukk fordi vi ikkje kuttar i subsidia våre no, og brukt dette som overskrift.

- Eksportsubsidie er eit hinder for utvikling i verda, både i høve til oppbygging av u-land og i høve til rettferd i verdshandelen. Noreg har kutta 100 % av eksportsubsidia sine. Da er det feil av Dagbladet.no å hevde at Noreg må kutte enda meir i subsidiane. Stort betre føregangsland er det vanskeleg å bli. Foto: Creative Commons/ Atli Harðarson
- Eksportsubsidie er eit hinder for utvikling i verda, både i høve til oppbygging av u-land og i høve til rettferd i verdshandelen. Noreg har kutta 100 % av eksportsubsidia sine. Da er det feil av Dagbladet.no å hevde at Noreg må kutte enda meir i subsidiane. Stort betre føregangsland er det vanskeleg å bli. Foto: Creative Commons/ Atli Harðarson Vis mer

Etter mitt skjønn viser dei med dette rett og slett dårleg presseskikk og ei feilaktig vinkling på ei stor global utfordring.

Eksportsubsidie er eit hinder for utvikling i verda, både i høve til oppbygging av u-land og i høve til rettferd i verdshandelen. Eg og resten av Senterungdomen håpar derfor at Dagbladet i framtida vil dra fokuset meir over på kjerna av problemet, og vera med å setta press på land med store eksportsubsidie.

Vi vil samstundes nok ein gong minne om at Noreg har kutta 100 % av eksportsubsidia sine. Stort betre føregangsland er det vanskeleg å bli.