«Du er ikke viktig»

- Når nettdebattene blir åpne for alle, blir de mindre verdt. Det mener i alle fall mange politikere, som skyr debattene på nett.

Det er stor skilnad på offentleg diskurs på nett og i papiraviser. Nettet er anonymt, direkte og brutalt, ofte kunnskapslaust og fordomsfullt, men gir også røyst til deltakarar som elles ikkje hadde ytra seg.

Det anonyme og kunnskapslause gjer at nettet er marginalisert som effektiv deltakingskanal - politikarane er skeptiske - men vidtfemnande som ytringskanal.

Terskelen for ytringar på nettet er låg, men effekten er liten. Mange skriv, men få les innlegg (Skogerbø og Winsvold 2008).

Paradokset er at ei demokratisering av tilgangen til det offentlege rommet blir oppfatta som devaluering av det same rommet. Minnar ikkje denne type haldningar om dei som kom til uttrykk i motstand mot kvinneleg stemmerett? Eller skepsis til å lære slavane å lese?

Og er det så farleg om forma er upolert dersom det er så få som les innlegg på nettet likevel? Den danske IKT- og demokratiforskaren Lars Torpe minnar oss på at politikk er mål-, problem- og interessedriven åtferd som medfører konflikt og samanstøytar, vinnarar og taparar, sinne og forbanning.

I demokratiet er ikkje politikk ein søndagsskule. Kvifor skulle det vere annleis på nettet?

Demokrati på nett

I forskninga ser vi på kva slag demokrati som blir forsterka av nettet: Konkurranse-, deltakar-, diskusjons- eller forbrukardemokratiet? (Se faktaboks.)

Då Internett for alvor slo inn i politikk, forvaltning og næringsliv for nokre år sida, hadde ein store vyer for endring i samfunnslivet - IKT var motoren som skulle føre oss inn i paradiset, eller lukt i fortapinga. Kva var det som låg framfor oss: Ein retur til det klassiske Athen med borgarane diskuterande på agora? Eit direkte demokrati for frie og myndige borgarar? Eller eit lett gjenkjenneleg Sovjetsamfunn slik det kan ha vore under Stalin på 1930- 40-talet?

Desse scenaria er sjølvsagt karikaturar. Som reindyrka forventningar er dei knapt fruktbare hypotesar. Men som tendensar kan dei ha noko for seg. Det direkte demokratiet står seg framleis godt i Sveits, og er faktisk på frammarsj i Europa, godt hjelpt av Europarådet, ennå på forsøksstadiet mange stader, men tendensen er tydeleg.

Stør teknologien opp under denne tendensen?

Forventningane til internett var nok svært overdrivne på midten av 90-talet. Det generelle samfunnsengasjementet blant dei breie massane ser ikkje ut til å ha blitt større.

Vi har undersøkt politikarar og kommunane sine heimesider og sett at det som skal til for å lykkast med å skape eit ordentleg debattdemokrati på nettet, er at både kommunane og politikarane må vere aktive. 

Kortversjonen av konklusjonane våre på dette feltet er at redaktørfunksjonen er svært viktig. Det blir ikkje noko engasjement utan ein aktiv redaktørfunksjon.

Kommunar som har prøvd ut digital medvirkning - chat, debattfora - finn at det er vanskeleg å engasjere borgarane; sidene framstår som tomme.

Derimot er dei lokale nettavisene fulle av engasjerte innlegg; det same gjeld nasjonale nettaviser

Det er ikkje uvanleg at dei større avisene arrangerer nettmøte der lesarane blir invitert til å stille spørsmål til politikarar på direkten. Slike møte ser ut til å vere rimeleg populære. Men politikarane sjølv tar berre nølande i bruk den nye kanalen som internett er for direkte, personleg kommunikasjon med veljarane, gjennom nettmøte, bloggar og eigne heimesider.

Enklere for de som allereie er politisk engasjert

Sjølv om det generelle samfunnsengasjementet blant dei breie massane ikkje ser ut til å ha blitt større med nettet, ser vi mellom anna at det er blitt enklare å vere politisk aktivist.

Til dømes: Ei aksjonsgruppe i Bergen tok sikte på å få snudd eit vedtak bystyret hadde gjort om utplassering av «bymøblar» frå Clear Channel. Spekteret av digitale virkemiddel dei tok i bruk, omfatta eiga nettside, e-postlister, blogg, underskrifter på nett og SMS (via Dagbladet) og videoopptak på nettet. Gruppa vann fram.

Konkurransedemokrati

Samtidig virkar koplinga mellom internett og dei andre kanalane skjerpande på den politiske konkurransen mellom dei eksisterande partia. Den stadige oppdatering som denne koplinga fører med seg, intensiverer omløpet i det offentlege ordskiftet. Kanskje kan det og seiast at det representative demokratiet blir meir representativt gjennom den nye teknologien.

Dersom det var opna for internettavrøystingar ved offentlege val, ville det også ha vore poeng til konkurransedemokratiet.

Diskusjonsdemokrati

I den grad diskusjonsdemokratiet blir støtta av teknologien, finst den i rommet for offentleg debatt i nettavisene, ikkje i engasjement på offentlege nettsider, som kommunanes heimesider, som er det vi har undersøkt.

Direkte deltakelse

Kommunane har utvikla visse pseudo-kanalar for direkte deltaking, men dei blir følgt heller halvhjarta opp. Deltakardemokrati i digitalt format finst det berre få og sporadiske innslag av. Dømet med aksjonsgruppa frå Bergen er eitt.  Men slike grupper manglar som regel stayer-evne nok til å bli varige medaktørar i politikken. Det er så og seie mot deira ad hoc-natur. Men blir det fleire av dei, kan dei bli eit nytt, interessant systemtrekk i det digital-demokratiske landskapet.

Den aller tydelegast effekten av at eit heilt folk er på nett, er ei forsterking av konkurransedemokratiet i form av meir borgarmakt på grunn av øyka konkurranse mellom politiske parti, eit friare marked og ein mindre stat. Vi sjår og ei mindre forsterking av forbrukardemokratiet, kor brukarane har meir makt ovenfor tenesteutande institusjonar. Til slutt ser ein visse innslag av diskusjons- og deltakardemokrati.

Dersom forskningsprosjektet vårt hadde omfatta nettavisene, kunne resultatet ha vore at nettet gir oss meir diskusjonsdemokrati.

Konkurransedemokratiet er ingen dårleg variant. Kunne dei digitale kanalane medverke til å skjerpe den politiske konkurransen, så kunne ein god del meir borgarmakt leggast ut på nettet og ei alen lagt til demokratiet.