Myten om Gros nyliberalisme

Gro avlyste sosialismen, og Jens snakkar aldri om klassar. Men er det sant at Arbeidarpartiet er nyliberalt, spør Svein Tuastad.

IDEOLOGIDEBATT FYLLER avisspaltene. Høgres unge tenkjar Torbjørn Røe Isaksen slår i ei ny bok eit slag for konservatismen. I SV har sosialismedebatt stått på dagsordenen denne våren. Og dei siste åra har stadig spørsmålet om kven som er dei ekte liberale i norsk politikk, vore eitt av emna i debatten.

Eit anna tema som i har vore diskutert i heile etterkrigstida, gjeld ideologien til Arbeidarpartiet - det partiet som har forma det moderne Noreg. I norsk politisk historieskriving assosierer fleire viktige historieskrivarar jamvel det moderne sosialdemokratiet med ulike former for svik.

Men er det sant at norske sosialdemokratar i ei stadig jakt på meir makt og finare posisjonar etter kvart kom til å svikte sine klassiske ideal?

Jens Arup Seip såg Arbeidarpartiet i 1950-åra som eit parti der ideala vart kasta på båten. For det handla mest om å halde på makta. Sosialismen vart skoten ut i den store tåka som heiter framtida.

Frå utkiksposten sin på Seips skuldrer, studerer Rune Slagstad eit Arbeidarparti som deregulerer økonomien på 1980-talet. Med Gro Harlem Brundtland i spissen vert politikken omforma til eit visjonslaust administrasjonsføretak, slik han ser det. Før hadde vi nasjonale strategar. No sit vi att med politiske flytekorkar som lar seg drive der mediestraumdraga fører dei.

DET ER EIT fellestrekk i den tidlege og den nyare, akademiske venstrekritikken at Arbeidarpartiet har svikta sosialismen. I tillegg kjem ein type kritikk som også meir høgreorienterte miljø deler - at Arbeidarpartiet i etterkrigstida representerte teknokratiet.

I staden for at politikken vart resultatet av verdibrytning og politisk debatt, vart utforminga sett bort til fagfolk som fekk skalta og valta med vanlege menneskes liv. Dei var jo ekspertar.

Som Slagstad har sagt det: Arbeidarpartiets viktigaste ideologi var positivismen - og filosofen Hans Skjervheim vart den viktigaste regimekritikaren.

Men kor rimelege er i grunnen påstandane om teknokrati og om Arbeidarpartiets svik mot eigne ideal? Eg har prøvd å undersøkje det ved å velje ut eit særleg felt som kan bere i seg mange av politikkens viktigaste spenningar - skulepolitikken.

I skulepolitikken må likskapsomsyn balanserast mot fridomsverdiar og fellesskapsinteresser.

Og moglegheitene politikarane har til å gjere noko, er ofte større enn i økonomiske saker. Korleis ser sosialdemokratiets ideologiske profil ut - sett gjennom skuleportens nøkkelhol?