Thore Eithun Helland

Den første setningen, det første avsnittet. Kanskje de viktigste linjene i ei bok. Men hvorfor ble det akkurat slik?

Forfattar: Thore Eithun Helland Boka: Bitterhonning blues, (roman), Samlaget. Byrjinga: For to dagar sidan fekk eg ein e-post som fekk tankane mine til å kile seg fast. Uvitande om innhaldet lét eg pila leite seg fram til brevsymbolet på skjermen. Eg dobbeltklikka og fekk opp lista over innkomen post. Eit nytt brev, med overskrifta «Hei, Anders». Eg tenkte ikkje over kven sendaren kunne vere, eg berre dobbeltklikka for å få fram heile teksten. Eg las gjennom innhaldet og merka at eg parkerte mentalt. Sendaren kom så uventa og sterkt tilbake til meg. Grunngjevinga: Handlingskonstruksjonen i ein roman styrer kva scener som får vere med. Mellom scenene må det leggjast inn sekvensar som limer scenene saman. Til dømes å flytte handlinga i tid og stad. Det er her protagonistens kjensler, tankar og avgjerder skal inn. Eg har valt å begynne romanen i ein slik tankesekvens, rett etter at noko vesentleg har skjedd. Den første setninga uttrykkjer både det som har hendt og kjenslene knytt til hendinga. Dette blir utdjupa i dei neste setningane. Utover i boka er det lagt inn tankebolkar der Anders vurderer om han skal svare på e-posten og kva han elles vil med livet. Svaret får lesaren ikkje før på dei siste sidene. Til slutt blir Anders tvinga til å ta ei avgjerd. Slik heng første avsnitt saman med siste. Opninga er klassisk og har til dømes fellestrekk med opninga i «Pan» av Hamsun.

    hallgeir.opedal@dagbladet.no
Glad i litteratur? Besøk Dagbladet.nos litteratursider!

Foto: Scanpix