Laila Bertheussen blei i Oslo Tingrett funnen skuldig i å ha sendt trusselbrev til sin eigen sambuar, Tor Mikkel Wara, og politikarparet Ingvil Smines og Christian Tybring-Gjedde. Ho blei òg funnen skuldig i vandalisme og hærverk på eigen bustad og bil. Motivet var, ifylgje retten, å skade Black Box Theatre og folka bak teaterstykket «Ways of Seeing». Ho blei dømt til fengsel i eitt år og åtte månader. Ein dom ho for øvrig har anka.
Sjeldan har vi opplevd ei så heidundrande sak i Noreg. Ei sak som etter kvart involverte politikarar på maktas tindar. Det som utløyste dominoeffekten av hakeslepp-hendingar, var eit regigrep i stykket som viste fasadar av hus til diverse maktmenneskje i hovudstaden. Mellom anna huset til Bertheussen og Wara.
Då trusselbreva og hærverket dukka opp, fekk Black Box Theatre skulda. Dei hadde, ifylgje skuldingane, inspirert venstreekstreme til å jakte på høgreradikale politikarar. Medan teateret stod midt i den verste vinden i frå høgre, tillet teaterregissør Pia Maria Roll seg å påpeike at det kunne vere heilt andre krefter som stod bak truslane.

Apropos ryggrad, Erna
Det fekk sjølvaste statsministeren til å gå til åtak på teateret med blant anna følgjande utsagn: «De som har laget stykket må tenke over at de også bidrar til å sette fokus på politikere og deres omgivelser og mennesker». Difor meinte ho at teateret også måtte ha ryggrad til å stå i stormen. Ein statsminister som altså trekte slutningar på grunnlag av eit stykke ho ikkje hadde sett. Dermed var ho med på å legge stein til byrden til folk som urettmessig hadde hamna i orkanens auge. Ei uttaling Solberg i ettertid ikkje ser nokon grunn til å unnskylde.
Sylvi Listhaug, som liker å kalle ein spade ein spade, og heller ikkje hadde sett skodespelet, meinte at teaterregissør Pia Maria Roll prøvde å framstille seg sjølv og teateret som offer når dei i verkelegheita hadde ansvaret for at Wara og andre personar blei snikfilma i sin eigen heim. Dette førte til, slik Listhaug såg det, at Wara og familien ikkje kunne føle seg trygge. Difor meinte ho at teateret burde be dei om unnskyldning. I ettertid hadde Listhaug vunne på å vere raus nok til sjølv å be om unnskyldning for sitt grove åtak på teateret, men eg trur ikkje vi skal halde pusten medan vi ventar på det.

Ikke fnugg av tvil
Eg har sett «Ways of Seeing» i motsetnad til mange av dei som skråsikkert uttaler seg om stykket. Det er lett å forstå kor forbanna, foruretta og fortvila folka bak «Ways of Seeing» må føle seg når dei ser løgnene som blei, og stadig blir, serverte. Særleg narrativet om at private eigedomar blei beleira og omtrent invaderte og at filminga var overgrep mot stakkars, uskuldige menneskje. Sanninga er at vi frå scena blei vist opptak av husfasadar til folk som, ifylgje skodespelet, er del av eit nettverk som er med på å gjere Noreg meir rasistisk.
Sist ut med å uttale seg om stykket han umogleg kan ha sett, var Frp sin Christian Tybring Gjedde. Han tok nyleg løgnene til eit høgare stadium då han nyleg skreiv på Facebook at teateret har tatt seg til rette ved å invadere(!) heimane til desse menneskja og gjennom fleire månadar filme inn i stover og soverom. Som om ikkje desse løgnene er dryge nok, presterer politikaren å komme med følgjande oppsiktvekkjande utsagn: «Parallellene til nazistenes beskrivelse og forfølgelse av jødene før og under 2. verdenskrig er slående». Nei, eg tullar ikkje. Han påstår verkeleg det.
Her leverer Tybring-Gjedde ein perfekt audition til den store Offerrollen. Black Box Theatre er altså «nazisvin» som forfølgjer «maktmenneskjejødar».
Utspelet er så historisk historielaust at det er vanskeleg å sjå føre seg kva som skal til for å opplyse Tybring-Gjedde. Som pedagog tillet eg meg å foreslå følgjande skoleringsprogram: Google. Søker han på «holocaust», finn han eit hav av fakta om forfølgjing av jødar i Hitler-Tyskland.

Laila Bertheussen dømt til ett år og åtte måneder
Om ikkje det er nok, foreslår eg besøk i tidlegare konsentrasjonsleirar. Auschwitz-Birkenau til dømes. To gongar tok eg med klasser dit med Hvite Busser. Å gå rundt i brakkene og gasskammera der ein til to millionar jødar blei drept i løpet av nokre få år, å sjå faenskapen mot og umennekelgjeringa av ein heil rase, gjorde eit uutsletteleg inntrykk.
Må det enda meir til, vil eg foreslå at Tybring-Gjedde les boka «Det angår også deg» av Herman Sachnowitz. Som førebuing til reisa med Hvite Busser leste eg denne gripande boka om ein norsk, jødisk familie som nærmast blei utradert i Auschwitz, høgt for klassen. Når eg kom til dei siste sidene, måtte eg be ein elev overta lesinga, for då bare grein eg.
Tybring-Gjedde var ein av dei som fekk trusselbrev. Likevel vel held han fram med korstoget mot eit teater og ei gruppe kunstnarar som valde å setje søkelys på maktmenneskje sine nettverk. Det var deira måte å sjå på.
Når politikarar går til åtak mot deira måte å sjå på, skal vi vere på vakt. Det dei eigentleg gjer, er å gå til åtak på sjølve ytringsfridomen.
En tidligere versjon av dette innlegget inneholdt et avsnitt som nå er fjernet, av hensyn til en tilbakemelding fra Christian Tybring-Gjedde. Les hans svar her:
