Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer
Min side Logg ut

Brev til komponistane

EG TRUR FOLK

er trøtte av den såkalla Alnæs-saka. Men dette er faktum: Alnæs har kopiert, plagiert, usynleggjort, ignorert og manipulerte andre forfattarars tekster for å få dei til å framstå som sine eigne. Denne praksisen har Gyldendal godtatt, framelska og tente ei mengd pengar på. Dei som reelt sett har skrive tekstane, gjort arbeidet og burde få sin del av fortenestene og æra, sit att med ingenting. Alnæs arbeidsmetode - eller kva ein skal kalle det - har vore klipp og lim, endre tekst frå passiv til aktiv, frå fortid til notid. Å være faglitterær forfattar er ikkje å endre tekstar frå preteritum til historisk presens. Eit milliardkonsern har talt: Pianisten er skuldig. Ein steinrik avskrivar har talt: Pianisten speler feil. Det er det same gamle: Sjølvsagt vil vi ha kritikk. Berre ikkje ein slik kritikk. Alnæs og Mork har gått rundt med buksa på åkla i eit år. No vil dei dra ho opp att. For folk likte ikkje det dei såg. And the band plays on.

annonse

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media