DEBATT

Formuesskatten

Den treffer dårleg

I Venstre sin programkomité var vi einige om det meste. Men på enkelte punkt, som til eksempel formuesskatten, var vi usamde,

BESKJEDNE INNTEKTER: Formuesskatten råkar verdiskaping, den tappar bedrifter for kapital, og den gir relativt sett beskjedne inntekter til staten, skriv Sveinung Rotevatn (V). Foto: Terje Pedersen / NTB
BESKJEDNE INNTEKTER: Formuesskatten råkar verdiskaping, den tappar bedrifter for kapital, og den gir relativt sett beskjedne inntekter til staten, skriv Sveinung Rotevatn (V). Foto: Terje Pedersen / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

I Dagbladet 10. desember skriv Sondre Hansmark kvifor han har tatt dissens på spørsmålet om formuesskatt. Hansmark meiner vi bør halde på formuesskatten og heller betre innrettinga. Eg meiner vi bør trappe denne skatten ned.

Hansmark har rett i at Noreg, samanlikna med andre OECD-land, ligg lågt når det gjeld gjennomsnittleg skatt på eigedom, arv og formue. Dette skuldast i hovudsak at skattesystemet vårt i nær ekstrem grad gir gunstige skattevilkår for privatbustadar. Programkomiteen føresler å noko med dette gjennom å trappe ned rentefrådraget, og bruke provenyet til å gi lettar i innektsskatten i staden.

Vi føresler også å gjeninnføre ei arveavgift, med eit stort botnfrådrag.

Å satse på formuesskatten er derimot ikkje ein god idé. I motsetnad til skatt på eigedom og arv, er formuesskatt hovudsakleg ei skatteform som råkar bedrifter. Ja, det er rett som Hansmark skriv, at også formuesskatten formelt sett er ein personskatt. Men reelt er den ein bedriftsskatt, som over tid må finansierast gjennom å hente ut kapital frå bedrifter gjennom auka utbyte. Dette er pengar som bør få bli i bedriftene, slik at dei blir meir lønsame – og dermed sikre arbeidsplassar.

At formuesskatten er ein personskatt gjer for øvrig at den berre råkar norske eigarar, ikkje utanlandske eigarar, noko som knappast kan vere eit mål for ein fornuftig skattepolitikk.

Vidare viser Hansmark til ein nylig SSB-rapport som viser at folk som eig bedrifter betalar lite skatt i forhold til kor store verdiar dei har, sidan ein hovudsakleg skattlegger formuen deira når den blir tatt ut som utbyte frå bedrifter.

Ja, men dette er jo heile poenget med skattesystemet. Som eit nær samrøystes Storting har slutta seg til. Det skal løne seg å la pengar stå i bedrifter, slik at dei kan skape verdiar og sikre arbeidsplassar. Det kan då umogleg vere eit mål med eit fornuftig skattesystem at folk som eig bedrifter skal tappe dei for verdiar for å auke sitt private forbruk? Å sitje med eigarskap i ei bedrift som er mykje verd, gir deg ikkje noko meir pengar på konto enn andre. Ikkje før du realiserer verdiane gjennom sal eller utbyte. Og då blir dei skattlagt.

Det er ein grunn til at svært få land vel å ha ein formuesskatt. Og det er ikkje fordi dei er redde for å skatte dei rike, eller ønskjer at formuesulikskap skal gå i arv. Difor skattlegger dei fleste eigedom på eit høgare nivå enn Noreg. Difor har mange ein eller annan form for arveavgift, som kanskje er den skatteforma som i minst grad går ut over verdiskaping – og i størst grad motvirkar formuesopphoping over generasjonar.

Men formuesskatten, derimot, treffer alt for dårleg. Den råkar verdiskaping, den tappar bedrifter for kapital, og den gir relativt sett beskjedne inntekter til staten. Difor meiner eg, og fleirtalet i Venstres programkomité, at vi bør halde fram nedtrappinga av denne og heller vri skattesystemet i ei retning som fremmar jobbskaping og grøn omstilling.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer