<strong>MITT INDERLEGE ØNSKJE:</strong> Same kva som skjer under helgas SIAN-aksjon; Bevar roen! Stopp alle tilløp til vald. Ikkje gje dei det adrenalinkicket, skriv Jarl Wåge. Her kjem SIAN-leder Lars Thorsen til sitt arrangement på Tøyen i Oslo i september. Foto: Øistein Norum Monsen/Dagbladet
MITT INDERLEGE ØNSKJE: Same kva som skjer under helgas SIAN-aksjon; Bevar roen! Stopp alle tilløp til vald. Ikkje gje dei det adrenalinkicket, skriv Jarl Wåge. Her kjem SIAN-leder Lars Thorsen til sitt arrangement på Tøyen i Oslo i september. Foto: Øistein Norum Monsen/Dagbladet Vis mer

DEBATT

SIAN-demonstrasjonene

Det er dette dei jaktar på

Vern om SIAN! Pass på at ikkje noko ondt vederfarer sianistane, at ikkje ein einaste stein eller knyttneve treffer dei. Det er sjølvsagt det dei jaktar på. Det er strategiar høgreekstreme har brukt sidan fascistane sine glansdagar i Italia. Ut og provosere, stelle i stand bråk, skape redsle, gjere folk utrygge.

Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

«For all del; ikkje gje dei merksemd,» seier vi. «Tei dei i hel. Ikkje la dei få omtale». Det handlar sjølvsagt om koranbrennarane, denne vesle ekstremistiske sekta som inntar torg og plassar rundt om i norske byar for å spreie muslimhat og rasisme. SIAN som dei kallar seg. Stopp islamiseringen av Norge.

Sist helg fekk dei meir merksemd og omtale enn dei kunne ha forestilt seg i sine våtaste draumar. Dei var på plass i Bergen. Under seansen gjekk ein flokk ungdommar dessverre fysisk til åtak på dei. Det blei skikkelege tumultar mellom bråkmakarane og politiet. Leiaren fekk eit kutt i panna. Blodet rann. Vald løyser aldri nokon ting. Dette var nok til at media gjekk bananas, og dei kunne spele offerkortet i alle kanalar.

Sianistane protesterer vilt når nokon nemner muslimhat og rasisme. Dei driv med islamkritikk, må vite. Eg har i ei periode følgt tre av aktivistane på Twitter, og eg lover, det er ei merksnodig form for religionskritikk.

Leiaren, Lars Thorsen, fortalde nyleg om eit besøk på Politihuset: «På veg ut møter vi dette shariatrollet som åpenbart er ansatt der. Fra før av visste vi at politihuset er infisert av onde kulturmarxister.»

Shariatroll er ein del av islamkritikkvokabularet deira. «Uintegrerbare og adidasriddarar» òg. Barn av muslimske foreldre er «voldspøbler». Dette prøver dei altså å pakke inn i islamkritikksilkepapir. Men det blir ikkje høgverdig eller edelt same kva slags innpakning dei gjer det.

Høgverdig er det heller ikkje at dei vil kaste alle muslimar ut av Noreg. På Twitter spurte eg profilen SIAN.no: «Så du vil kaste 200.000 muslimar ut av Noreg?» Han svarte at det kan bli langt fleire enn det.

Dette kallar dei altså religionskritikk. Eg kallar det rasisme på basis av den leksikalske definisjonen: etnisk diskriminering basert på religion.

«SIAN på plass i Ålesund for å forsvare Norge. Møt frem på Joachim Rønnebergs Plass,» skreiv ein av sktivistane på Twitter for ei stund sidan. Det fyrste som slo meg, var dette: «Eig dei ikkje skam i livet? Dei har altså tenkt å tilsmusse plassen oppkalt etter motstandsmannen og krigshelten Joachim Rønneberg med ekstremisme og menneskeforakt».

Det andre som slo meg, var: «Ikkje pokker. Det Noreg de påstår at de forsvarer, er ikkje mitt Noreg, så elles takk».

La oss tankeeksperimentere litt og sjå kva slags Noreg vi vil få om koranbrennarane får byggje sin idealstat. Det vi heilt sikkert kan slå fast, er at det er mange som ikkje vil få vere her. Alle muslimar, om lag 250.000, vil vere dei fyrste som må ut. «Venstreblivne» (eg er visst ein sånn ein), «raddisbermen», alle andre avskuggingar av sosialistar, antifascistar, feministar og homofile vil sjølvsagt vere personas non gratas i dette forjetta landet.

For ikkje å snakke om alle etablerte politikarar. Kanskje bortsett frå nokre av dei radikaliserte i Frp. Landssvikarar kvar einaste ein. Viljuge til å ofre landet og våre norske verdiar på alteret til globalisme og kulturmarxisme.

I deira Brave New World må dei nok til med ei landssvikaroppgjerd. Det kan bli eit skikkeleg skrell. Det er så ein kan lure på om det blir menneskje att i bokbålentusiast-landet.

Men det blir nok det. Eit digert land til ei handfull menneskje blir i overkant stusseleg. Dei vil heilt sikkert verne om sine vennar og kjente i andre høgreekstreme grupperingar som Nordisk motstandsbevegelse, restane av Odins soldatar, Alliansen og andre som vil ha eit Noreg for bare den rette sorten nordmenn. Eit land som, ironisk nok, til forveksling vil likne på eit islamistisk diktatur.

Koranbrennarane har fått blod på tann. Til helga har dei ny aksjon. Denne gongen utanfor Stortinget. Eg har eit inderleg ønskje. Massevis av folk må gjerne stille i motdemonstrasjon. Synge, spele instrument, danse, bue. Men for all del; slå ring rundt SIAN. Vern om dei: Gjerne med ryggen til. Bare pass på at ikkje noko ondt vederfarer dei, at ikkje ein einaste stein eller knyttneve landar på hovudet til nokon av dei.

Om dei har medbrakte provokatørar (som om dei ikkje er provokatørar gode nok i seg sjølve), same kva som skjer, bevar roen. Stopp alle tilløp til vald. Ikkje gje dei det adrenalinkicket.

Ikkje la dei få nye forsider i tabloidpressen. Ikkje innslag i tv-nyheitene. Ikkje gje dei mulegheit til enda ein gong å stå fram som stakkars offer og snakke om raddisberme og adidasriddarar. Ikkje bidra til at hatets apostlar får enda fleire medlem.

OPPHETET STEMNING: Sian demonstrerte på Furuset senter i Oslo lørdag. Motdemonstranter møtte opp, og det eskalerte. Vis mer

Under opptøya i Bergen forrige helg, såg ei av SIAN-aktivistane inn i kamera og sa: «Dere må komme og støtte oss. Dere må vise islams tilhengere hvem som eier Norge. De må skytes. Deporteres. De må skytes med gummikuler. Nå er det krig (frå video på veggen til leiaren Lars Thorsen)».

Det er sjølvsagt dette dei jaktar på. Dette er strategiar høgreekstreme har brukt sidan fascistane sine glansdagar i Italia. Ut og provosere, stelle i stand bråk, skape redsle, gjere folk utrygge. Klassisk splitt og hersk.

SIAN har stilt med nokre få aktivistar kvar gong dei er ute og spreier gift. Det skulle ikkje forundre meg om dei har fått fleire med seg neste gong. Rekrutterte av valden i Bergen. Blir det vald i Oslo òg, blir Tour de Muslimhat enda større.

Konfrontasjonane vil bli meir brutale. Meir blodige. Farlegare. Akkurat slik dei ønskjer det. For all del, ikkje gje dei den gleden.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer