DEBATT

Havforskningsinstituttet:

Det heng ikkje i hop

I dag er Havforskningsinstituttet spreidd på sju ulike adresser i Bergen, og mange av desse lokala er dårleg tilpassa dagens aktivitet, for ikkje å snakke om dei krevjande utfordringane som vi veit er rett om hjørnet.

Havforskningsinstituttets hovedkontor og Nordnesbodene i Bergen. Foto: Lars Doksæter/ Screen Story / Havforskningsinstituttet
Havforskningsinstituttets hovedkontor og Nordnesbodene i Bergen. Foto: Lars Doksæter/ Screen Story / Havforskningsinstituttet Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Velkommen til Havforskingsinstituttet, Jonas og Trygve!

Havforskingsinstituttet (HI) i Bergen treng levelege lokale. Saka har ei brei tverrpolitisk støtte. Årsaka til den kraftige mobiliseringa, ligg i den kritisk viktige rolla som HI har hatt for næringsliv, kystsamfunn og for landet over meir enn hundre år.

Med utfordringane som står for døra, vil denne rolla berre bli viktigare. Det heng ikkje i hop med forholda HI har i dag, og endå mindre med den manglande satsinga som ligg i forslaget til statsbudsjett for 2023.

Regjeringa tek sikte på at fastlandseksporten skal aukast med 50 prosent innan 2030, og ein vesentleg del av denne skal komme frå sjømat. Det krev at kanskje verdas fremste havforskingsmiljø får lokale til å gjere jobben sin. Om dette ikkje blir retta opp i, vil det gå rett på botnlinja, for næringslivet og for AS Norge.

Norge si satsing på havforsking har gjeve enorm avkasting over generasjonar. Sjå berre til dagens berekraftige fiskeri- og havbruksnæring. No ber vi for at HI får lov til å fortsetje arbeidet sitt på ein måte som gir maksimal samfunnsverdi. Det kan dei ikkje, om det ikkje skjer noko med dagens kritisk dårlege bygningsmasse.

Norges marine forvaltning er ei suksesshistorie, om vi samanliknar ho med resten av verda. Her har vi greidd å etablere ei forvalting med biologi og næring i balanse, og det sentrale elementet i denne forvaltinga er HI.

Dette er Norges største miljø for havforsking, med ei rolle som berre blir viktigare i ei tid med auka temperaturar, med overfiske, forsøpling og forureining. I dag er HI spreidd på sju ulike adresser i Bergen, og mange av desse lokala er dårleg tilpassa dagens aktivitet, for ikkje å snakke om dei krevjande utfordringane som vi veit er rett om hjørnet.

Nordnesboder på Nordnes i Bergen: Kontorane til tidlegare NIFES, no del av Havforskningsinstituttet. Høyblokka i bakgrunnen er hovedkontoret. Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet
Nordnesboder på Nordnes i Bergen: Kontorane til tidlegare NIFES, no del av Havforskningsinstituttet. Høyblokka i bakgrunnen er hovedkontoret. Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet Vis mer

Det gir allereie i dag flaskehalsar som rammar næringsskapinga og forskinga. Slik kan vi rett og slett ikkje ha det.

I april 2023 stemner Statsraad Lehmkuhl inn att på Vågen etter jordomseglinga One Ocean Expedition, som han la ut på i august 2021. Det markerer starten på den store havkonferansen One Ocean Week, med deltakarar frå heile verda: Havforskarar, forvaltarar, politikarar og administratorar, og aktørar med fokus på berekraftig verdiskaping, kunnskap og forsking knytt til havet.

Dei kjem til Bergen. Kvifor? Jo; fordi Bergen er sjølve havbyen. Innovasjon, forsking og eit verdsleiande kompetansemiljø står samla med ambisjonar om å gå i spissen for å etablere den berekraftige forvaltinga som verdshava treng. Og då treng me Havforskingsinstituttet meir enn nokon gong. 

På vegne av Bergen og Vestland, inklusiv alle i regionen som ivrar for å ruste Havforskingsinstituttet for utfordringane i morgon, vil vi derfor gjerne invitere dykk til å besøke Havforskingsinstituttet, og å vere med på å drøfte dei store utfordringane vi må løyse for å skape framtidas arbeidsplassar og verdiskaping på ein god og berekraftig måte. 

Velkommen til havbyen Bergen!

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer