DEBATT

Norge, EU og Nato:

Dette kan bli farlig

Sjansane for at USA trekker seg ut av Nato er ikkje store, men konsekvensane vil vera så enorme at scenariet bør diskuterast.

COMEBACK: Donald Trump står sterkt i det republikanske partiet og planlegg etter alle teikn eit comeback som president i 2024. Det betyr at eit nytt angrep på det amerikanske demokratiet er nært foreståande, skriver kronikkforfatteren. Foto: Mark Humphrey / AP
COMEBACK: Donald Trump står sterkt i det republikanske partiet og planlegg etter alle teikn eit comeback som president i 2024. Det betyr at eit nytt angrep på det amerikanske demokratiet er nært foreståande, skriver kronikkforfatteren. Foto: Mark Humphrey / AP Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Debatten om norsk EU-medlemskap har med god grunn fått nytt liv i kjølvatnet av Putins invasjon av Ukraina. Innsikt frå forsking på demokrati og konflikt gir Ja-sida tunge argument.

Ein kan med basis i forskinga hevda at partia som er mot EU bidrar til redusert sikkerheit i Norge og ein mindre demokratisk og meir valdeleg klode.

MINEFELT: En russisk stridsvognkolonne kjører inn i et ukrainsk minefelt. Video: Telegram / Reporter: Vegard Krüger Vis mer

Det er særleg to aspekt som utpeikar seg. Det første handlar om EU si evne til å sikra europeisk, inkludert norsk, sikkerheit gjennom overnasjonalt samarbeid.

Det europeiske samarbeidet blei i utgangspunktet sett på som ein måte å få Tyskland og Frankrike til å slutta fred gjennom auka handel og samarbeid. I 2012 blei EU tildelt Nobels fredspris for å ha bidratt til fred, demokrati og menneskerettar i Europa i 60 år.

Nettopp demokrati og samarbeid er det som trengst for å skapa ein varig fred. Eit av dei klaraste forskingsfunna på demokrati- og konfliktfeltet er at demokrati sjeldan går til krig, i alle fall ikkje mot andre demokrati. Demokrati avlar normer om fredeleg problemløysing, deler politisk makt på fleire aktørar, og held leiarar ansvarlege for politiske avgjerder. Økonomisk samarbeid og medlemskap i internasjonale organisasjonar reduserer også faren for krig.

I krigen i Ukraina er demokrati både årsak og innsats. Mangelen på demokrati i Russland har medvirka sterkt til angrepskrigen. I følge forskinga er Putin ein typisk aggressor.

Han styrer Russland som eit «personleg diktatur», eit omgrep som skildrar eit regime der leiaren har samla det meste av makta på eigne hender og omgir seg med folk som ikkje vil eller torer seia han imot. I slike regime manglar institusjonelle mekanismar som hindrar leiaren i å setja lite gjennomtenkte idèar ut i livet.

For leiarar som Putin er demokratiet ein trussel som må nedkjempast. Eit demokratisk Ukraina hindrar sterk russisk innverknad, spesielt dersom landet vender seg til EU. Det var nettopp russisk press mot tettare samarbeid med EU som førte til at den dåverande ukrainske president Janukovitsj blei kasta i protestane på Maidanplassen i 2013.

I tillegg kan krav om folkestyre slå rot i den russiske befolkninga når det viser seg at nabofolket tener på å velja eigne leiarar. Demokratiforskinga visar nemleg at fridom smittar over landegrenser.

Ukraina-krigen og autoritære krefter på frammarsj globalt er derfor tungtveiande argument for å styrka det norske samarbeidet med EU. Det er all grunn til å forventa at ei mindre demokratisk verd tyder ein meir valdeleg klode, og Norge er ein liten stat som treng allierte som forsvarer dei demokratiske verdiane samfunnet vårt er bygd på. EU har gått i front for desse verdiane i over 70 år.

I tillegg til å fronta demokrati og samarbeid jobbar EU for å møta dagens komplekse sikkerheitstruslar som blant anna pandemi, klimaendringane, og digital krigføring. Det nye strategiske kompasset som blei vedteke i mars, skisserer ein ambisiøs sikkerheitspolitikk der EU blant anna har som mål å etablera ein militærstyrke på 5000 soldatar som raskt kan mobiliserast når det oppstår kriser.

Det andre sentrale argumentet for norsk EU-medlemskap handlar om USA si utvikling.

Demokratiet hos vår mektigaste allierte og sikkerheitsgarantist har vakla alvorleg sidan Trump kom til makta i 2016. Fleire år med angrep på meiningsmotstandarar og demokratiske institusjonar kulminerte i eit forsøk på statskupp etter Trump sitt valgnederlag i 2020. Eit fleirtal av republikanske veljarar trur tilsynelatande framleis at valet blei rigga.

Trump står sterkt i det republikanske partiet og planlegg etter alle teikn eit comeback som president i 2024. Det betyr at eit nytt angrep på det amerikanske demokratiet er nært foreståande. Ein kan håpe at den pågåande prosessen set ein stoppar for comebacket, men det er lite i historia om Trump som tyder på det. Det er ikkje untenkeleg at han blir president igjen etter valget om to år.

Det vil ha store konsekvensar for Noregs tryggleik. Trump er impulsiv, og det er vanskeleg å spå kva han kan finna på, noko som forskinga har vist at i seg sjølv aukar faren for krig. I tillegg har han truga med å trekka landet ut av NATO.

Mykje tyder på at rådgjevarane hans klarte å overtala han til å forbli medlem i hans første periode. Men etter ein periode i det kvite hus har Trump lært. I ein eventuell andre periode som president er det grunn til å tru at han berre vil tilsetja dedikerte «Ja-menn». Då vil risikoen for farlege beslutningar auka.

Sjølv om Trump ikkje skulle koma til makta i 2024, så har republikanarane omfavna ein autoritær populisme. Det er derfor gode grunnar til å tru at framtidige presidentkandidatar vil ha eit liknande verdsbilde.

Sjansane for at USA trekker seg ut av NATO er ikkje store, men konsekvensane vil vera så enorme at scenariet bør diskuterast. Organisasjonen vil knapt nok overleva, og då er EU det naturlege sikkerheitpolitiske alternativet for Norge.

Ein skal ikkje utelukkande vektlegga sikkerheitperspektivet i EU-debatten, men Putin sin brutale angrepskrig og republikanarane i USA si flørting med autokratiske krefter er tungtveiande grunnar for Ja-sida.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer