DEBATT

Klimapolitikk:

Dieselkameratene

Trygve Slagsvold Vedum og Sylvi Listhaug framstår som litt tragikomiske Don Quijotar som slest mot imaginære fiendar.

FRITT FRAM: Begge har billegare bensin og diesel som kampsak. Vedum lova tidlegare i år at det skal vere fritt fram for folk å kjøre dieselbilar i caffè-latte-land, skriver Jarl Wåge. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
FRITT FRAM: Begge har billegare bensin og diesel som kampsak. Vedum lova tidlegare i år at det skal vere fritt fram for folk å kjøre dieselbilar i caffè-latte-land, skriver Jarl Wåge. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert
Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

Dei står med hovudet så langt nede i isen at dei ikkje merkar at han smeltar. Så langt nede at dei heller ikkje kjenner heten frå enorme brannar som fortærer større og større område

Følgjande stod å lese på Twitter her om dagen: «Herregud. Voksne politikere vil fortsatt krangle om innvandring og bensinpriser. Velkommen tilbake til 1997. Kjære ungdomspolitikere. Jeg gleder meg til dere overtar».

VARSLER ENDRING: En offensiv Sylvi Listhaug gjorde det klart at hun kommer til å rendyrke Frp. Reporter: Steinar Suvatne. Foto: Ivan Larsson / Dagbladet Vis mer

Ein ESSO-forhandlar fortalde til NRK nyleg at dei har byrja å kalle bensinstasjonen sin for «energistasjon». Han sa òg at han er sikker på at tradisjonelle bensinstasjonar ikkje finst om få år.

Den norske regjeringa har som mål at alle bilar som skal seljast i Noreg, skal vere utsleppfrie innan 2025. EU vil forby alt sal av bensin- og dieselbilar så tidleg som i 2035.

Desse framtidsutsiktene får bilar, slik vi har vore vane med dei, på merkeleg vis til å framstå som vår tids dinosaurar. Dei vil, om ikkje akkurat utande og døy, rett og slett forsvinne frå vegane og bli erstatta med meir miljøvennlege kjøretøy innan overskueleg framtid.

Slike framtidsvyer får kraftpolitikarar som til dømes bensin- og dieselkameratane Trygve Slagsvold Vedum og Sylvi Listhaug til å framstå som litt tragikomiske Don Quijotar som slest mot imaginære fiendar.

Begge har billegare bensin og diesel som kampsak. Slagsvold Vedum lova tidlegare i år at det skal vere fritt fram for folk å kjøre dieselbilar i caffè-latte-land. Eller innanfor innanfor Ring 2 i Oslo, som det også heiter. Ja, i resten av landet òg, sjølvsagt. Han er trass alt «Nær folk i hele Norge (bortsett frå Oslo sentrum)».

Sylvi Listhaug let seg for nokre dagar sidan avbilde medan ho fylde bensin og smilande leverte følgjande oppbyggjelege melding til diesel-folk flest: «Deilig med lukten av ekte drivstoff». Det fekk ein annan tvitrar til å sitere følgjande udødelege offiser-utsagn frå eit frykteleg slag i den legendariske Vietnam-filmen «Apokalypse nå»: «I love the smell of napalm in the morning».

Somrar har ein tendens til å by på ekstremver av ulike slag. Denne sommaren har likevel vore varmare, tørrare, våtare og villare enn det vi er vane med, og det er ikkje bare Karsten Warholm som har sett nye rekordar. USA og Canada har bydd på hetebølgjer med rekordvarme på godt over 50 grader. I Europa har kolossale flaumar tatt livet av eit par hundre menneskje, skada langt fleire og forårsaka enorme øydeleggjingar.

I Sibir smeltar permafrosten. Om dette held fram, vil det få alvorlege konsekvensar for miljøet. På Grønland tiner isen raskare enn nokon gong. Tredje august melde Dagbladet at Afrikas største by, Lagos, med 21 millionar innbyggjarar, kan bli umuleg å bu i i løpet av nokre tiår om flaumane held fram og havet stig.

Nokon lurer kanskje på om eg prøver meg i «Skremmern-rolla» til avdøde Trond Kirkvaag. Langt i frå. Eg oppsummerer bare litt av ekstremsummaren slik han har blitt presentert i media så langt.

Det rare er at når slike hendingar blir omtalte, fløymer (sic) kommentarfelta over av nettopp påstandar om skremselspropaganda. At dette bare er naturlege svingingar. At det har vore svære flaumar og høge temperaturar tidlegare. At det er bare tull at det er menneskeskapte katastrofar. At FN sitt klimapanel og tusenvis av forskarar som roper varsku, er betalte av mektige nettverk som konspirerer for å øydeleggje samfunnstrukturen slik vi kjenner han.

Så viser det seg at ein del politikarar også heiar meir på kommentariatet enn på forskarane. Det er då ein tenkjer med seg sjølv: «Takk og lov og pris for unge politikarar som trur meir på Greta Thunberg enn på dei som latterleggjer henne. For dei som ser faresignala og klarer å sjå lenger fram enn til neste bensinstasjon. For dei som har andre politiske løysingar enn etablerte politikarar som er i ferd med å gjere seg sjølve irrelevante».

Ofte ser vi ein samanheng mellom klima- og innvandringsskepsis. Ein del politikarar ser på innvandring som ein mykje større trussel enn miljø-øydeleggjingar. Det merkelege er at dei som vil stengje grensene våre, ikkje klarer å ta innover seg at stadig omseggripande rasering av miljøet vil føre til klimaflyktningestraumar så enorme at det vi har opplevd så langt vil framstå som ei søndagsutflukt rundt Sognsvann.

Igjen må vi sette vår lit til ungdommen. Dei er ikkje redde for folk med mørk hud og andre religionar. Dei er trass alt naboar, vennar og kjærastar med dei. Går i same klasse som, spelar på same lag som, har dei som ein naturleg del av kvardagen.

Dei er mykje reddare for handlingslamma, vaksne politikarar som ikkje høyrer drønn frå is som smeltar og som trur at det vi treng no, er enda fleire kilometer med motorveg som vi kan kjøre inn i ein stadig heitare solnedgang på.

Så ungdomspolitikarar; eg òg gleder meg til de skal overta. Det er framleis håp. Men, som de for lengst har innsett: Det hastar!

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer