DEBATT

Aurora Aksnes:

Ei eventyrleg reise

Mange tykkjer nok det er merksnodig at denne gamle mannen har blitt så tenåringshovudstups forgapt i ein weirdo av ein norsk artist. Sjølv tykkjer denne gamle mannen at det er merkeleg at ikkje enda fleire har oppdaga kor stor ho er.

INTENST OG STIRRANDE: Aurora var sjølvsagt ikkje ny for meg. Eg hadde både sett og høyrt ho før og har alltid tykt ho er dyktig. Men det var noko forurolegande med henne. Det intense, stirrande blikket, skriver artikkelforfatteren. Foto: Lise Åserud / NTB
INTENST OG STIRRANDE: Aurora var sjølvsagt ikkje ny for meg. Eg hadde både sett og høyrt ho før og har alltid tykt ho er dyktig. Men det var noko forurolegande med henne. Det intense, stirrande blikket, skriver artikkelforfatteren. Foto: Lise Åserud / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert
Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

For ei eventyrleg reise eg har vore på denne coronasommaren. Frå min eigen sofa har eg farta på kryss og tvers i Aurora Aksnes-land. Ho har tatt meg med til dei vakraste landskap, ut på opprørt hav, til utsikt frå toppen av høge tindar og innsikt i djupe avgrunnar.

FROST: Aurora Aksnes åpnet Frost-showet da hun tok førstestemme på tittelsangen. Video: ABC Vis mer

Det byrja då eg oppdaga såkalla «reactions» på YouTube. Folk frå heile verda sit i heimestudio, lyttar til videoar og live-opptredenar med ulike artistar og kommenterer musikken, tekstane og framføringane.

Ein amerikanar reagerte på Aurora sin «Through The Eyes Of A Child». Live i vakre Nidarosdomen. Då skjedde det noko med meg. Ho syng at ho heller vil sjå den uskuldsreine verda ho såg som barn enn den ho ser som vaksen. «Reaktoren» snakka, gret og tørka tårer. Eg fekk gråte med han og tenkte at vakrare og sterkare enn dette kan det ikkje bli.

Aurora var sjølvsagt ikkje ny for meg. Eg hadde både sett og høyrt ho før og har alltid tykt ho er dyktig. Men det var noko forurolegande med henne. Det intense, stirrande blikket. Dei merkelege rørslene med hender, fingrar og armar. Ho framstod rett og slett som ein raring (a weirdo).

No opplevde eg ho brått på ein heilt ny måte. Ho song ikkje bare med stemmen. Med blikket forsterka ho bodskapen. Rørslene var med eitt ikkje rare, men eit musikalsk teiknspråk.

Det skulle ikkje meir til før denne gamle mannen var fullstendig hekta på eit ungt mirakel av ein artist. Ein engelskmann reagerte på låten «Murder Song (5,4,3,2,1)» frå The Nobel Peace Prize Concert i 2015. Igjen tenkte eg at det ikkje kunne bli vakrare og sterkare enn dette. Igjen var det tid for tåretørking.

Det blei som ein svolt. Eg måtte bare ha meir. Og meir. I timesvis, i dagar, ja, netter med, har eg sett Aurora opptre og høyrt panegyrisk omtale av henne: «Som ein engel. Utanomjordisk. Magisk. Hypnotisk. Det er noko så barnleg naivt og uskuldig over ho. Ho ausar eldgammal innsikt, kunnskap og klokskap frå ei hemmelg kjelde. Stemmen er så rein, klokkeklar, fløyelsmjuk».

I det glitrande gode programmet HAIK på NRK, der vi får vere med henne ein heil dag på ein slags blåtur full av overraskingar og som blei avslutta med ein aldeles eineståande konsert i skogen ved Lyse Kloster, fortel ho kor viktig skogen og naturen alltid har vore for henne. At ho som barn tilbrakte massevis av tid der. Åleine. Når ho ikkje var åleine, følte ho at ho kunne gå glipp av tankar ho skulle ha tenkt.

Videoen til «The Seed» er for meg enda eit høgdepunkt. Han startar med eit Cree-indiansk sitat: «Når alle trea har blitt felt, når den siste fisken har blitt fanga, når den siste elva har blitt forgifta; bare då vil vi innsjå at vi ikkje kan ete pengar».

Allereie med den fyrste strofen; «Just like the seed I don`t know where to go», blir vi dratt inn i låta som gradvis byggjer seg opp, med blant anna glimt av ungdom som demonstrerer for klima, til eit crescendo av eit suggererande, medrivande refreng. Samtidig får vi sjå Aurora i krigsmaling som ein stammekrigar utfalde seg som grasiøs og kraftfull dansar. Det er ein manifestasjon så talande, så ekspressiv at alle klimafornektarar burde sjå denne musikken sitt svar på Greta Thunberg og Lan Marie Berg.

Aurora har ei stor og brokete fanskare verda over. Ikkje hylande tenåringar som lar seg forføre av sexy hoftevrikk og billege rim. Dei kallar seg Weirdos & Warriors, slik artisten omtalar seg sjølv. «Dei svake er dei beste krigarane,» seier ho. Grunnen er at dei alltid må kjempe og stå på for å få ei plattform i livet.

Kommentarar frå fans til YouTube-reaksjonar viser kor høgt elska og respektert ho er. Kanskje nettopp fordi ho er ein raring og ein krigar som heile sitt liv har slåss for å få vere som ho er. Folk seier ho gjev dei mot og kraft til å vere seg sjølve, til å føle seg verdifulle, til å leve.

Eg har nemnt programmet HAIK på NRK der vi får sjå litt meir av kven Aurora er. Konserten som avsluttar det programmet, er så full av energi, livsutfalding, glede og engasjement at det er berre å gje seg over.

For meg er likevel det ultimate Aurora-høgdepunktet ein konsert ho hadde i Nidarosdomen. Ho åleine på eit podium i denne vidunderlege katedralen. Sårbar. Alveaktig. Kraftfull. Eg såg konserten «saman med» favoritt-reaktoren min. Ein heil time med rein nyting, tårer, smil, glede.

Eg er ingen musikk-kjennar. Likevel kjenner eg musikken hennar rispe meg i hjarterøtene, kile meg nedover ryggrada og gje meg ståpels og gåsehud. Mange tykkjer nok det er merksnodig at denne gamle mannen har blitt så tenåringshovudstups forgapt i ein weirdo av ein norsk artist. Sjølv tykkjer denne gamle mannen at det er merkeleg at ikkje enda fleire har oppdaga kor stor ho er.

Aurora skriv og arrangerer dei fleste låtane sine sjølv. Dei fyrste skreiv ho i 9-10 års alderen. I den nyaste, «Cure for me», peikar ho på nydeleg, taktfullt vis nase til alle som driv med konversjonsterapi og vil omskape folk i sitt bilde.

Eg er ingen tilhengjar av krampaktige må-gjere-før-eg-døyr-lister, men eg har ein ting eg gjerne vil oppleve medan eg framleis slit skorne mine på Moder jord: Få med meg ein konsert med Aurora.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer