DEBATT

Valgkamp

Ein bubil med utsikt

Sylvi Listhaug har vore på bubil-turné i Noreg. Ideen var nok ein kombi-tur der ho kunne møte veljarar og feriere samtidig.

FUTT, FART OG BØRNING: Ho har for lengst innsett at miljøforkjemparar ikkje vil stemme på henne. Difor satsar ho på dei som vil ha futt, fart, børning og alt som er gøy, skriver artikkelforfatteren. Berit Keilen / NTB
FUTT, FART OG BØRNING: Ho har for lengst innsett at miljøforkjemparar ikkje vil stemme på henne. Difor satsar ho på dei som vil ha futt, fart, børning og alt som er gøy, skriver artikkelforfatteren. Berit Keilen / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

På Facebook smilte ho til oss frå passasjersetet i kjøredoningen. Bildet viste også to av slagorda bilen er dekorert med. «Nei til dyre klimatiltak,» er eitt av dei. «Ja, til bensin- og dieselbiler,» er eit anna. Ingen kan skulde Listhaug for å kaste seg på noka miljømotebølgje.

VARSLER ENDRING: En offensiv Sylvi Listhaug gjorde det klart at hun kommer til å rendyrke Frp. Reporter: Steinar Suvatne. Foto: Ivan Larsson / Dagbladet Vis mer

Her var det tut og kjør, drit i miljøet og gje blaffen i om du forureinar frå fyrste brum-brum. Ho har for lengst innsett at miljøforkjemparar ikkje vil stemme på henne. Difor satsar ho på dei som vil ha futt, fart, børning og alt som er gøy. Ho veit at på dette feltet vil ho ikkje få mykje konkurranse. Ja, bortsett frå Trygve Slagsvold Vedum som fiskar i det same dieselhavet og blant anna har lova veljarar at dei skal få kjøre dieselbil i Oslo sentrum.

Sjarmoffensivar går ikkje alltid som planlagt. I Porsgrunn skulle ein nydeleg veteranbil kaste ekstra glans over turneen. Men ekvipasjen havarerte slik at mennene i fylgjet måtte dytte vidunderet i staden for å sole seg i glansen frå det.

Listhaug delte kvar dag tankar og opplevingar ho hadde på touren. 29. juni slo ho eit slag for ytringsfridomen som visst nok er under press. Ho kunne fortelje at ho har møtt fleire veljarar som ikkje lenger tør å seie det dei meiner. Det var trumpske dimensjonar over henne då ho sa til Nettavisen at den politisk korrekte eliten er «journalistene i Akersgata – mediene i Oslo» og at det er dei som bestemmer kva som er lov og ikkje lov å seie.

I Facebook-innlegget same dag skreiv ho: «Å kalle det man ikke liker for hatprat er en stygg hersketeknikk». Du så eg samd eg er med henne i det. Likevel lurer eg på om ho skjønte at dunderet rundt henne då ho publiserte det, var singling av glas. I eit tilsvar til ein kronikk eg hadde i Dagbladet, skreiv ho og Per-Willy Amundsen mellom anna: « … det er ikke første gang Wåge lar sitt hat mot FrP skinne gjennom».

Her vedgår Listhaug at ho dreiv med «stygg hersketeknikk» mot sjølvaste meg. Då meiner ho heilt sikkert at Christian Tybring-Gjedde gjorde det same då han i eit anna tilsvar påstod at eg er representant for «det gode hatet» som visstnok er umuleg å forsvare seg imot.

Listhaug skal ha honnør for at ho tar ei oppgjerd med bruk av stygge hersketeknikkar i eige parti. Eit anna hersketeknisk virkemiddel som er i bruk, spesielt av ytre høgre politiske flanke, er å kalle folk ein vil ta, for elite og meiningar ein ikkje liker, for politisk korrekte.

Denne gongen er det altså Oslo-baserte journalistar som er eliten, og deira meiningar som er politisk korrekte. Denne eliten kneblar folk, i følgje Listhaug, og det er folk ho møtte på sin bubil-veg som fyrst og fremst er skremde til å halde kjeft.

Kva som er politisk korrekt, er forresten veldig vanskeleg å få definert av dei som stadig bruker uttrykket. Det kan sjå ut som om PK er alt det venstresida til ei kvar tid måtte meine.

I kommentarfeltet til Listhaug-utspelet er det mange som endeleg tør å komme ut av skapet og stå fram som knebla. Dei fortel at dei ikkje tør kritisere Pride. Heller ikkje Black Lives Matter. Eit anna tør-ikkje-kritisere-tema er miljøvern og miljøforkjemparar.

Denne gongen ser vi faktisk konturane av ei slags forklaring på kva som er politisk korrekt akkurat no: Til dømes å støtte Pride og dermed homofile sin kamp for å bli aksepterte som fullverdige borgarar. Listhaug tok til dømes Åge Hareide (ein av dei knebla?) i forsvar etter Pride-utspelet hans. Black Lives Matter og alle som støttar kampen deira mot rasisme, høyrer òg med til dei politisk korrekte kneblararane. Det å ville kjempe mot rasering av miljø og natur hamnar i same kategori.

Har Listhaug rett i at folk er knebla og ikkje tør å uttale seg lenger? Eg har ikkje forska på dette, så statistiske data sit eg ikkje med. Mitt inntrykk er likevel at aldri har så mange uttalt seg så mykje om så mange ting som akkurat no. Og aldri har vi hatt så mange stader og fora der vi kan uttrykkje oss.

Sosiale media renn over med kommentarar. Det er hets, mobbing, truslar, humor, ironi og satire. Politikarar som Lan Marie Berg og Sylvi Listhaug får på pukkelen så det kvin etter av politiske motstandarar. Samfunnsdebattantar opplever det same. Det er utskjelling over ein lav sko og klapp på skuldera i skjønn foreining.

Vil ein vere uforpliktande anonym, kan ein det. Er meiningane ein måtte ønskje å uttrykkje så ekstreme at dei ikkje tåler dagens lys, ja, så kan ein utfalde seg i lukka Facebook-grupper.

Eg fekk meg ein god latter då KrF-politikar Truls Olufsen-Mehus her om dagen stilte fylgjande spørsmål i VG: «Pride kritiserer samfunnet, men ingen får kritisere Pride?». Deretter kritiserte han Pride i ein heil kronikk. Så knebla var han.

Ei som kommenterte Listhaug sitt ytringsfridom-utspel klaga over at det har blitt sånn at ein må vege kvart ord ein seier. Då melder følgjande spørsmål seg hos meg: «Er det noko farleg å måtte vege orda sine før ein uttaler seg?» Det gjer eg for nesten kvar einaste setning eg skriv, og det har eg på ingen måte vondt av.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer