DEBATT

By mot land:

Ein kamp for å overleve

Eg har aldri høyrt folk snakke om eller gje uttrykk for hat til Oslo. Det eg har høyrt er misunning, kritikk og forakt, og at dei seier at dei ikkje kunne tenkje seg å bu der.

GODT GØYMT: Ein del politikarar og mange mediefolk skriv om «Oslohatet». Dette skal visst finnast i distrikta, skriver innsenderen. Foto: Eye Ubiquitous / REX
GODT GØYMT: Ein del politikarar og mange mediefolk skriv om «Oslohatet». Dette skal visst finnast i distrikta, skriver innsenderen. Foto: Eye Ubiquitous / REX Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Åsulv Edland
Åsulv Edland Vis mer

Mange synest Oslo er ein fantastisk by. Her får vi det meste; arbeid, kultur, underhaldning, fin natur året rundt og eit variert og spennande uteliv.

Samtidig høyrer vi og les om Oslo-hatet. Hatet er stort i distrikta, blir det sagt, både blant «vanlege folk» og politikarar.

LER: Kongen får gjestene til å le under talen sin. Video: NRK / Dagbladet Vis mer

Dette er ikkje nye problemstillingar. I 2008 blei det gjort ei undersøking som viste at 24 prosent kunne tenke seg å flytte ut av byen og bare 34 prosent identifiserte seg med byen. Undersøkinga viste også at Bergen og Trondheim hadde betre tal enn Oslo. Vi kunne også lesa i avisene kor ille det var her i byen med søppel, fyll og lukt av piss i gatene.

Eg blei så provosert at eg skreiv ein kronikk med tittelen: Oslo er ein fantastisk by. Det var ein skryteartikkel om Oslo, og den ville blitt endå sterkare i dag. Kva ei slik undersøking ville vist i dag veit vi ikkje, men eg trur at oslofolk, stort sett, har ei positiv haldning til byen i 2021.

Oslo har dei siste åra hatt ei positiv utvikling. Byen blir lagt merke til i utlandet, ikkje minst på grunn av dei nye monumentalbygga som Operaen, Det Norske Teatret, Deichmann og no sist MUNCH. I tillegg har vi fått Gamlebyen med sine moderne bygg frå Barcode ut til Sørenga med utforming og storleik som vi ser i andre verdsbyar. Dette gjeld både forretningsbygg, hotell, restaurantar, galleri og bustadhus.

Eg bur i den nye, moderne «byen». Vannkunsten i Gamlebyen, berre nokre steinkast frå MUNCH, og eg merkar «folkevandringa» som vil sjå på livet i Bispevika og «Norges Venezia». Oslo har blitt ein fantastisk by som blir lagt merke til i inn- og utland.

Ein del politikarar og mange mediefolk skriv om «Oslohatet». Dette skal visst finnast i distrikta. Eg budde dei første 15 år av livet mitt i Vinje, seinare har eg budd i Kviteseid, Hurdal, Kristiansand, Bømlo, Trondheim, Orkdal, Bodø og Vadsø, og frå 1970 i Oslo. Eg har aldri høyrt folk snakke om eller gje uttrykk for hat til Oslo. Det eg har høyrt er misunning, kritikk og forakt, og at dei seier at dei ikkje kunne tenkje seg å bu der.

Men mange flyt dit likevel. Det er ikkje hat, men reaksjon på at Oslo har for mykje makt, og at for mykje er sentralisert til Oslo. Dei meiner det kunne vore meir desentralisert, som vi høyrde i valkampen. Men ingen nektar for at Oslo er landets hovudstad, som byen har vore frå 1200-talet. Heller ikkje Trygve i Senterpartiet har sagt at han hatar Oslo. Han deltok til og med i Aftenposten byvandring der han skrytte av byen og snakka om sine favoritt stadar.

Eg trur hat-omgrepet langt på veg medieskapt. Journalistar og kommentatorar brukar eit unyansert språk der dei brukar ordet hat utan at det er dekning for det. Hat er ei sterkt ord, og det betyr ikkje det same som kritikk.

23. oktober var det to interessante kommentarar, Marie Simonsen i Dagbladet og Hanne Skartveit i VG, der dei skriv om Oslo, identitet og distriktsmotsetning og framtid. Interessant lesing. Eg la forressten merke til at Marie Simonsen ein gong brukte formuleringa «forhatt».

Mange forvekslar kampen for å overleva i distrikta med hat mot Oslo. Etter krigen, då landet var prega av bombing, nedbrende hus og rasert næringsliv, var det nødvendig med gjenoppbyggingstiltak rundt om i heile landet, både i bygd og by. Distriktenes Utbyggingsfond kom, Jernverket blei bygd i Mo og fleire andre tiltak blei set ut i livet. Etterkvart kom det bustadbygging, industri og nye arbeidsplassar, og det blei vekst i distrikta.

Dei siste åra har det blitt nedlegging og avikling av mange arbeidsplassar. Folk har flutt frå «distrikta» til «sentrale» strøk. Skular har blitt nedlagde og offentlege etater har blitt svekka, som vi høyrer i den offentlege debatten.

Tidleg på 70-talet var eg på Halten fyr der det var eit lite samfunn. Den dagen eg var der, var læraren på tur med skulen, og ho hadde alle elevane i Folkevogna si. Slike samfunn finn du få av i dag. Dei er anten avfolka eller du høyrer om dei i programmet «Ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Det er laga prognoser for utviklinga av busettinga framover. Det er spådd nedgang for dei fleste kommunane i distrikta. Jo mindre dei er, jo meir utsette er dei. Pressområd er først og fremst Oslo-området og byane. Det er hit folk syns det er fristane å reise; her er det arbeid, utdanning, kultur og eit attraktivt liv, trur dei. Det trudde eg også, og det stemde!

«Oslohat» er ikkje hat, men i mange tilfelle ein kamp for å overleve. Logikken er å få litt av godene i byane og framfor alt i Oslo.

Kva så med identiteten? Har eg lov til å ha ei meining om Oslo og Osloidentiteten? Eg som er ein heimføding frå Vinje, som stadig seier heim til Vinje sjølv om eg flutte derifrå etter eg hadde fyllt 15 år. Hanne Skartveit skriv det same om far sin som budde på Finnøy til han var 14 år. Han seier heim til Finnøy.

Vi er mange som strevar med Osloidentiteten. Eg avslørar meg straks eg byrjar snakke slik mange andre gjer som er fødde utanbys, og dei som er fødde utanlands har endå større problem med å bli integrerte.

Sjølvaste Herr Oslo, som det står byste av på Tjuvholmen, Albert Nordengen, sa at ein ordførar i Oslo kunne like godt snakke nordlending eller sogning som Oslo-dialekt. Sjølv hadde han sin bakgrunn frå Våler.

Verden går framover; vi har i åtte år hatt ein statsminister som snakkar Bergens-dialekt og vi har varaordførar i Oslo som har utanlandsk bakgrunn.

Oslo er ein fantastisk by. Byen utviklar seg raskt og folk strøymer til byen frå distrikta og frå land over heile verda. Byen er landets største samekommune, og det er ein by med mange nynorskbrukarar og byfolk med språk frå mange land i alle verdsdelar.

Oslo har periodevis hatt vekstsmerter og distrikta har merka stagnasjon og nedgang, og somme stadar dødssmerter. Men dette er ikkje Oslohat.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer