DEBATT

Bolivia:

Eit fattig folk reiser seg

Demokratiet er under press, men takka vere godt organisera folkelege rørsler går det også rett veg fleire stader i verda. Eit av desse ljospunkta er Bolivia.

SOLEKLAR SIGER: MAS, med tidlegare finansminister Luis Arce som presidentkandidat, vant ein soleklar siger. Dei sosiale rørslene pusta letta ut, skriv kronikkforfatteren. Foto: Aizar Raldes / AFP
SOLEKLAR SIGER: MAS, med tidlegare finansminister Luis Arce som presidentkandidat, vant ein soleklar siger. Dei sosiale rørslene pusta letta ut, skriv kronikkforfatteren. Foto: Aizar Raldes / AFP Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Demonstrantar vert arrestera, media eit propagandaapparat for styresmaktene og rikdomen stadig meir konsentrera i nokon få lommer. Det autoritære styresettet har blitt særdeles tydeleg for oss i Putins Russland.

STOR UTFORDRING: Oberstløytnant Geir Hågen Karlsen gjester Dagbladet TVs studio for å svare på spørsmål knyttet til krigen i Ukraina. Video: Dagbladet TV / Reuters. Programleder: Håvard Tanche-Larsen Knutsen Vis mer

Men også andre stader i verda synast demokratiet å stå på spel. Myanmar, Sudan, Brasil og Ungarn – lista er lang. Heldigvis er det ljospunkt å sjå. Og eit av dei ligg i hjarta av Sør Amerika, Bolivia.

Dette urfolkslandet, klemt inn mellom dei mektige Andesfjella i vest og den frodige Amazonasskogen i aust, vart lenge rekna som regionens fattigaste land. Då eg kom dit fyrste gong rundt årtusenskiftet levde to av tre bolivianarar i fattigdom. At delen av befolkninga som definerte seg som urfolk var like stor var ikkje tilfeldig.

For sjølv om røynda aldri er svart/kvit, så har Bolivia lenge vore eit polarisera land med fattige urfolk på landsbygdene og rike, kvite folk i byane.

Men bolivianarane fann seg ikkje i denne uretten. Etter kvart som diktaturet opphøyrde og lokaldemokratiet vart innført, samla rørslene av urfolk og småbønder seg og stifta sitt eige politiske parti Movimiento al Socialismo (MAS).

Endeleg kom eit parti på banen som utfordra eliten, urfolk som kravde offentleg kontroll over landets mange naturressursar, respekt for urfolk sine rettar og universell rett til utdanning. MAS tok landet med storm. Det skulle ikkje gå meir enn ti år før dei fekk regjeringsmakta.

Landet fekk ei ny grunnlov som gav urfolk historiske rettar, gassressursane vart nasjonaliserte, minstepensjon vart innført og minstelønna femdobla.

Og sjølv om jorda fortsett i stor grad er eigd av ein elite og avskoginga er Bolivia er dramatisk høg, så må ein kunne sei at utviklinga har gått rett veg. Sidan MAS kom til makta i 2006 er fattigdomen halvera og ulikskapen gått markant ned. Faktisk er det ingen andre land der ulikskapen har gått så mykje ned som Bolivia desse åra.

Den karismatiske president Evo Morales var svært populær og vart gjenvald med god margin. Men då han i strid med grunnlova stilte til val for tredje gong i 2019 vakte det opprør – blant opposisjonen og i det internasjonale samfunnet, så vel som i partiet sitt eige grunnfjell – rørsla av urfolk og småbønder.

Var partiet som hadde styrkt demokratiet og sikra bolivianarane menneskerettar dei tidlegare kunne drøyme om i ferd med å bli autoritært? Få dagar etter at Morales annonserte valsiger gav forsvarssjefen han beskjed om å fråtre og høgreopposisjonen kuppa makta ved å innsetje Jeanine Añez som interimpresident på grunnlovstridig vis.

Dei sosiale rørslene som gjennom desse åra med MAS hadde framkjempa grunnleggande rettar vart redde for å miste alt dei hadde fått og tok til gatene i protest. Men interimregjeringa respekterte ikkje ytringsfridomen. Añez innførde straffefridom og gav politiet beskjed om å roe gemyttene.

23 MAS tilhengarar vart drepne og mange såra. Væpna styrker var synlege overalt og folk vart redde for å gå ut av døra. Añez, som bedyra at ho ikkje hadde eigeninteresser og lova nyval så snart som råd, utsette valet både ein, to og tri gonger med grunngjevnad i den pågåande pandemien. Fyrst då fagrørsla mana til generalstreik gav ho etter og frie val vart avhaldne oktober 2020.

MAS, med tidlegare finansminister Luis Arce som presidentkandidat, vant ein soleklar siger. Dei sosiale rørslene pusta letta ut. Mot alle odds klara dei det utenkjelege: Dei fekk tilbake makta. Valet viser med tydelegheit av MAS er meir enn Morales, meir enn eit tradisjonelt parti. Tilbakekomsten hadde vore utenkjeleg utan dei folkelege rørslene. Som ein leiar i småbonderørsla sa det «me har gjeninnført demokratiet».

Me kan sende valobservatørar til Ungarn, boikotte russisk økonomi, få sudanesiske generalar til forhandlingsbordet og skrive krasse FN-erklæringar mot kuppregimet i Myanmar. Men vårt viktigaste bidrag til demokrati og fred i verda er å støtte folkelege rørsler som kjempar for rettferd og fridom.

Både økonomisk og politisk. Eit sterkt sivilsamfunn spelar ei heilt sentral rolle i å kontrollere styresmaktene. Dei er vaktbikkje når noko går skeis og pressar på for vidare utvikling.

Me treng ikkje speide langt for å sjå denne samanhengen: Her heime kan me takke fagrørsla for velferdsstaten.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer