Her til lands diskuterer vi om kvinna eller mora etter ein barnefødsel skal bli kalla «fødeforelder». I eit framlegg til ny barnelov er nemleg dette ordet lufta som eit alternativ. Målet er visst å sørgje for kjønnsnøytrale nemningar til erstatning for mor og far. Barne- og familieminister Ropstad (KrF) har vist til at det er eit utval som har løfta fram temaet, og at regjeringa ikkje har lagt fram forslaget sitt til ny barnelov enno. Han seier også på vegne av eige parti at det ikkje er aktuelt å ta vekk ordet «mor» i lovverket.
Det er bra. For i ei fersk sak frå Sør-England ser vi korleis utviklinga kan bli vidare dersom vi går med på stadig nye krav om kjønnsnøytrale ord for det som handlar om biologisk kjønn og foreldreskap. Der blir personalet på eit sjukehus instruerte om ikkje å bruke ordet brystmjølk. Dei skal heller seie «human milk» eller «breast/chestmilk». Det siste betyr altså brystkassemjølk.
Debatten om kjønnsnøytrale ord er viktig fordi utviklinga innan ordbruken vår også vil prege samfunnet vårt i praksis. I lovverket vårt om nettopp barn og foreldreskap kan vi ikkje gi slepp på dei orda vi har på dei to biologiske kjønna som faktisk finst. Ingen bør sjå det som støytande viss vi som samfunn held fram med å bruke ord som viser samanhengen mellom kvinna som biologisk kjønn og barnefødslar og amming.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger