DEBATT

Videregående og studiekompentanse

Er fellesfaga verdilause?

Kvifor vil emnebaserte og nykonstruerte programfag gjere elevane betre i stand til å gå inn i akademiske studium, enn store fellesfag som norsk, historie, samfunnsfag og naturfag?

FRÅFALL: Ein prøver tilsynelatande å løyse problem med fråfall i yrkesfaga ved å radere ut fellesfaga i den studieførebuande delen av vidaregåande. Dermed blir den delen av vidaregåande med best gjennomføring hardast råka av Guri Melby sine feilsteg, skriv innsendarane.Foto: Berit Roald / NTB
FRÅFALL: Ein prøver tilsynelatande å løyse problem med fråfall i yrkesfaga ved å radere ut fellesfaga i den studieførebuande delen av vidaregåande. Dermed blir den delen av vidaregåande med best gjennomføring hardast råka av Guri Melby sine feilsteg, skriv innsendarane.Foto: Berit Roald / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Statsråd Guri Melby hausta storm som fortent då ho varsla rasering av viktige fellesfag i vidaregåande opplæring. I Dagbladet 30.3. erkjenner ho at ho «trådte virkelig feil». Ho prøver å forklare seg ein gong til, men framtida for fellesfaga verkar framleis usikker..

Stortingsmelding nr 21 har fått namnet «fullføringsreforma». Det gjeld å få fleire elevar igjennom vidaregåande opplæring. Slik sett skil ikkje dette seg ifrå initiativ og tiltak frå ulike regjeringar dei siste to - tre tiåra.

Sjølv om det er fleire fornuftige vurderingar og forslag i meldinga, er dei svake sidene mest alvorlege. Ei av desse er at ein tilsynelatande prøver å løyse problem med fråfall i yrkesfaga ved å radere ut fellesfaga – viktige danningsfag – i den studieførebuande delen av vidaregåande. Dermed blir den delen av vidaregåande med best gjennomføring, hardast råka av Melby sine feilsteg.

Lied-utvalet si utgreiing, som Melby viser til, ville styrke det som er hovudoppgåvene for vidaregåande opplæring – å gjere elevane frå studieførebuande program betre studieførebudde, og å gjere yrkesfagelevane betre førebudde på arbeidslivet.

Yrkesfaga er særs viktige, og når 30 prosent av elevane ikkje fullfører, tilseier det at ein bør sjå nærare på omfang og innhald i fellesfag og samla teorimengd der. Det inneber også at ein bør sjå på ulike behov og løysingar i dei to hovudløpa. Vår kommentar er først og fremst knytt til dei studieførebuande programma.

Fleire og fleire utdanningsinstitusjonar tek ikkje lenger opp studentar på bakgrunn av generell studiekompetanse aleine, men stiller ulike tilleggskrav. Kvar tredje student vert møtt med slike krav. Held denne utviklinga fram, kan vidaregåande miste rolla si som den institusjonen som kvalifiserer for studium ved universitet og høgskular. Dette kan i så fall rokke ved sjølve formålet og mandatet til denne delen av vidaregåande opplæring.

Meldinga erkjenner at det er nødvendig å styrke grunnlaget for å studere. Men medisinen er mildt sagt tvilsam, og har mange biverknader. Fleire enn oss er overraska over at meldinga einsidig gjer fellesfaga til problemet.

Tre motiv synest å vere avgjerande for korleis regjeringa tenker seg å bygge den nye studieførebuande utdanninga: Tilbod og fag skal interessere elevane, valfridomen skal vere stor, og forventa kompetansebehov skal avgjere.

I tillegg kjem ein fjerde faktor, som nærast er ein premiss: Det er programfaga som skal gjere elevane studieførebudde. Skal fellesfaga ha nokon verdi, må dei bygge opp under programfaga. Fellesfag som ikkje bidrar til dette, må bort eller gjerast minst mogleg.

Difor kjem åtaka på fellesfaga. Norsk, engelsk og matematikk får vere med vidare, ikkje først og fremst som breie kultur- og danningsfag, men nærast som støttefag til programfaga. Litt sett på spissen: Fellesfag som, historie, samfunnsfag, framandspråk, religion, geografi og naturfag, skal kanskje bli emne i lag med enda fleire emne i eit nytt samlefag. Endeleg timetal skal utgreiast vidare, men retninga er klar: Det skal kuttast i fellesfaga for å rydde plass til meir programfag. Kva som skjer med kroppsøvingsfaget er uklart.

Vi avviser ikkje ein debatt om fag- og timefordeling, og slett ikkje ein debatt om korleis ein skal sikre meir fordjuping, og skrivetrening. Problema kjem når meldinga utan vidare legg til grunn at programfaga har større verdi for studiekompetansen enn fellesfaga. I tillegg vil regjeringa innrette dei studieførebuande programma mot smalare kompetansebehov, basert på det ein tippar vil vere etterspurt i framtida. Det er her logikken sviktar.

Kvifor vil emnebaserte og nykonstruerte programfag gjere elevane betre i stand til å gå inn i akademiske studium, enn store fellesfag som norsk, historie, samfunnsfag og naturfag? Erfaringane med slike samanslege fag i grunnskulen er ikkje spesielt gode. Kvifor er fellesfag ei hindring for fordjuping og akademiske arbeidsmåtar?

Viss målet er å gjere elevane betre studieførebudde, vil kunnskapsministeren finne større gevinst i å sjå fellesfaga i samanheng med programfaga – ikkje som støttefag, men som jambyrdige og sjølvstendige fag. Her ligg eit potensial til både oppgåveskriving, fagleg fordjuping og samarbeid mellom lærarar på tvers av fag. Dette er ein av hovudideane i den nystarta fagfornyingsreforma. Forslaga i meldinga om nyordning av programfaga slår beina under regjeringa sine tidlegare forslag om meir djupnelæring.

SKEPTISK: SV-leder Audun Lysbakken er skeptisk til regjeringens gjenåpningsplan. Video: Ivan Larsson. Reporter: Steinar Suvatne Vis mer

Regjeringa har tru på at meir valfridom er det som skal til for å motivere dei til å fullføre utdanninga. Det høyrest fint ut, men frie val handlar også om feilval. Valfridomen vil heller ikkje vere mykje verdt på ein liten skule – som vi framleis har mange av. Vi treng ikkje meir sentralisering, heller mindre.

Statsråden og regjeringa har med rette fått mykje kritikk for angrepa på fellesfaga. Vi har peika på klare manglar og svikt som særleg gjeld spørsmål knytt til studiekompetanse. Kommentarar og reaksjonar frå regjeringshald kan tyde på at ettertanken har meldt seg. Det trengst.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer