DEBATT

Høgare utdanning

Er vi verkeleg så sikre?

Regjeringa meiner at det må ryddast i elevane sin timeplan, slik at dei nettopp kan bruke meir tid på faga dei har.

- ER VI SÅ SIKRE?: Det er ingen grunn til å endre noko som fungerer, men er vi verkeleg så sikre på at dagens fag- og timefordeling fungerer godt nok?, skriv kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Terje Pedersen / NTB
- ER VI SÅ SIKRE?: Det er ingen grunn til å endre noko som fungerer, men er vi verkeleg så sikre på at dagens fag- og timefordeling fungerer godt nok?, skriv kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V). Foto: Terje Pedersen / NTB Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Når regjeringa no har foreslått ei utgreiing av fag- og timefordelinga er det særleg for å gjere elevane betre førebudde på vidare studiar. Det stemmer altså ikkje, som Torbjørn Ryssevik og Anders Folkestad skriv i Dagbladet torsdag, at regjeringa ønsker å løyse problemet med fråfall med å fjerne fellesfaga.

Den største utfordringa med dagens vidaregåande skule er at for mange fell ifrå. Det får store konsekvensar for den enkelte. Regjeringa si fullføringsreform inneheld ei heil rekke tiltak for å minske nettopp fråfallet frå vidaregåande.

Reforma skal også svare på andre utfordringar ved dagens vidaregåande opplæring. 3 av 5 studentar seier at dei ikkje blir godt nok førebudde på dei akademiske krava som blir stilt i høgare utdanning. Meldingar frå universitet og høgskuler seier det same – elevane har ikkje fått nok trening i å lese og analysere lengre tekstar, skrive akademisk og arbeide sjølvstendig.

Når regjeringa no har foreslått ei utgreiing av fag- og timefordelinga, så er det særleg for å gjere elevane betre førebudde på vidare studiar. Det er ingen grunn til å endre noko som fungerer, men er vi verkeleg så sikre på at dagens fag- og timefordeling fungerer godt nok?

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer