DEBATT

Atomvåpen:

Farleg tendens

Enkelte uttalelser i media gjer inntrykk av at nokon typer atomvåpen ikkje er så farlege. Men det er dei.

TABU: Skulle Vladimir Putin ty til atomvåpen, vil han bryte eit snart 80 år langt tabu. Dersom andre statar vel å svare med bruk av atomvåpen og me får ein atomkrig, kan dødstala på ei veke overgå dødstala frå heile andre verdskrig, skriver innsenderne. Foto: Alexei Druzhinin / AP
TABU: Skulle Vladimir Putin ty til atomvåpen, vil han bryte eit snart 80 år langt tabu. Dersom andre statar vel å svare med bruk av atomvåpen og me får ein atomkrig, kan dødstala på ei veke overgå dødstala frå heile andre verdskrig, skriver innsenderne. Foto: Alexei Druzhinin / AP Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Russlands angrep på Ukraina har igjen sett atomvåpen på dagsorden. Mange fryktar kva Vladimir Putin kan finne på dersom han føler seg pressa inn i eit hjørne og ikkje lenger har noko å tape.

I den forbindelse er det mange som uttaler seg om atomvåpentrusselen. Det er bra, me treng meir debatt rundt verdas verste masseøydeleggingsvåpen. Dessverre ser me ein tendens til normalisering av atomvåpen i debatten, ved at forskarar og journalistar omtalar atomvåpen på ein måte som kan gje inntrykk av at nokon av desse våpna ikkje er så farlege. Men det er dei.

Taktiske atomvåpen er ein våpentype som har mindre sprengkraft og kortare rekkevidde enn strategiske atomvåpen. Fordi dei har mindre sprengkraft enn dei største atomstridshovuda som fins i dag, omtales dei av og til som «små atomvåpen».

Men alt er relativt. Atombombene USA slapp over Hiroshima og Nagasaki i 1945 var på henholdsvis 15 og 20 kilotonn. Desse ville i dag bli omtala som «små» taktiske atomvåpen. Den største bomba som nokon gong er testa, var på 50 megatonn.

I Dagbladet 21. april samanliknar forskar Ståle Ulriksen gamle jernbomber med atomvåpen. Han seier «Om man slipper hundrevis av gamle jernbomber, kan det gjøre enorm skade. Den type bombing kan gjøre vel så mye skade som mindre, taktiske atomvåpen». Det har han antakelig rett i, dersom atomstridshovudet er av den aller minste typen - og ein berre vurderer skadeomfanget av eksplosjonane.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.