DEBATT

Pandemien

Femmar i corona-handtering

Noreg er framleis Noreg. Sjølv om vi har fleire arbeidsledige og folk i permisjon, har vi likevel klart å halde samfunnsmaskineriet i gang.

SNUDD PÅ HOVUDET: Steikje kor tilpasningsdyktige vi har vore. Det er eigentleg utruleg kor fort samfunnet blei snudd fullstendig på hovudet. Ja, nesten over natta då regjeringa 12. mars i fjor proklamerte at landet skulle stengast ned, skriver kronikkforfatteren. Her fra et folketomt Karl Johan på 17. mai i fjor. Foto: Erik Johansen / NTB
SNUDD PÅ HOVUDET: Steikje kor tilpasningsdyktige vi har vore. Det er eigentleg utruleg kor fort samfunnet blei snudd fullstendig på hovudet. Ja, nesten over natta då regjeringa 12. mars i fjor proklamerte at landet skulle stengast ned, skriver kronikkforfatteren. Her fra et folketomt Karl Johan på 17. mai i fjor. Foto: Erik Johansen / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Fullvaksinerte: 66.32% Første dose: 75.93%

Ja, då. Eg veit. Det er i tidlegaste laget å byrje å sette karakter. Pandemien er ikkje over. Men vi ser meir lyshåp i enden av tunellen og det hengande snøret enn på lenge.

JONAS GAHR STØRE: Jonas Gahr Støre snakker om rettferdighet og åpner seg opp om julingen han fikk i skolegården. Video/brightnorway Vis mer

Difor erklærer eg allereie no at det norske folk fortener karakteren 5 i koronahandtering. Seksaren ryk på grunn av unødvendig reiseverksemd, utagerande festing i parkar, eritreisk lovsong i kyrkje, russerulling, ureglementerte familisamankomstar og enkelte munnbindbrennande vaksinemotstandarar.

Men steikje kor tilpasningsdyktige vi har vore. Det er eigentleg utruleg kor fort samfunnet blei snudd fullstendig på hovudet. Ja, nesten over natta då regjeringa 12. mars i fjor proklamerte at landet skulle stengast ned. Enkelte meinte riktignok at det var overgrep, åtak på menneskjerettane og innskrenking av fridomen vår. Men dei store massene tok det heile med stoisk ro og godtok at det var «sånn det var».

I alle fall etter at dei hadde fått panikkhamstra. Spesielt toalettpapir viste seg å vere eit populært hamstreobjekt. Enkelte gjekk til innkjøp av nemnde hygieneartiklar i slike mengder at dei truleg framleis har rullevis med tørk att.

Plutseleg var det ikkje lov å samlast i store mengder, trene, gå på besøk til folk, reise dit vi ville, delta i religiøse samlingar, dra på harry-handel eller roe ned på hytta. Det siste skapte riktignok ein del bruduljar. Folk ville på påskefjellet som vanleg. Enkelte med eigedom i Sverige gjekk til og med til rettssak mot staten for å få oppheva reise-til-torpet-over-grensa-forbodet.

«Gå utanom», seier Bøygen i Peer Gynt. Det sa regjeringa òg. «Trø kvarandre ikkje for nære,» var rådet deira. «Hald to, så ein, så to meters avstand. Bruk munnbind om du kjem nærmare andre enn til ei kvar tid tilrådde meter.» «Vask hender,» sa dei òg. «Ofte og overalt.» Dermed dukka anti-bac-dispensarar opp som paddehattar ved kvar einaste offentlege inngang vi måtte finne på å nytte oss av.

Og vi var lydige som englebarn og gjorde som vi blei bedne om. Heldt avstand. Tok gjerne ein sving ut i gata om det kom folk mot oss på fortauet. Passa på å ikkje gå inn eller ut ei dør samtidig med andre. Vi oppførte oss omtrent som om vi mistenkte at alle vi møtte på vår veg, var tikkande smittebomber.

«Om du må nær innpå folk, så bruk munnbind,» forlangte regjeringa. Plutseleg såg vi ut som japanske turistar. Du veit, dei vi i årevis har flira litt av når dei, heilt utan ein tilsynelatande plausibel grunn, i flokkevis har vandra rundt i diverse turistattraksjonar som fotograderande, munninnbundne helsearbeidarar.

Vi var raske til å tilpasse oss nye samversformer. Eller manglande sådanne. Det kom av seg sjølv når vi ikkje lenger fekk lov å møte og klemme barn, barnebarn eller andre vi har hatt så inderleg lyst å møte og klemme. Når vi ikkje kunne besøkje folk på sjukehus eller aldersheimar. Når vi ikkje ein gang kunne halde våre aller nærmaste i handa når dei tok den siste ferda over fjorden.

Dermed måtte vi finne alternative kommunikasjonsformer. I eit overdigitalisert samfunn blei vi meir digitaliserte enn nokon gong og kommuniserte med nære og kjære via diverse skjermar og SoMe.

Barnehagebarn fekk med eitt ikkje lov å vere i sine tilvende grupper. Lærarar har undervist og hatt kontakt med elevar heimanfrå via Teams. Delar av arbeidslivet har nærmast gjennomgått ein revolusjon sidan pandemien gjorde sitt inngripande inntog. Dei som ikkje må vere fysisk til stades på arbeidsplassen, utfører oppgåvene på heimekontor. Dyre og hyppige arbeidsreiser har blitt erstatta med nettmøte.

Og på merkverdig vis har det meste fungert trass i slike dramatiske endringar. Noreg er framleis Noreg. Sjølv om vi har fleire arbeidsledige og folk i permisjon, har vi likevel klart å halde samfunnsmaskineriet i gang.

Vi har vore flinke og tålmodige og til tider grassat leie. Når vi har sett lys i enden av tunnelen, har det kome stadige tilbakeslag. Nye smitteutbrot. Nye mutasjonar enda meir smittsame enn Kina-varianten. Dermed var det rykk tilbake til start.

Det er annleis no. Tunnel-opninga skin klarare enn på lenge. Som gamle sirkushestar kjenner vi lukta av sagmugg og trippar etter å slå ut mânen, entre manesjen og utføre våre meir eller mindre spektakulære livskunstar.

Fyrst må det opnast opp for publikum, og så er det bare å spele opp, maestro!

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer