DEBATT

«Ways of seeing»

Fins det eit godt hat?

Etterpåklokskap er også ein klokskap. Eg skulle ha formulert meg på ein annan måte.

I følgje Tybring-Gjedde har eg altså kome med ei valdsam hatefull ønskjetenking for han om død og forderving, skriver Jarl Wåge. Foto: Gorm Kallestad / NTB
I følgje Tybring-Gjedde har eg altså kome med ei valdsam hatefull ønskjetenking for han om død og forderving, skriver Jarl Wåge. Foto: Gorm Kallestad / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Christian Tybring-Gjedde er mektig vred. På eit gudsord frå Ytre Nordfjord. Nemleg meg. I Dagbladet 3. februar skreiv han at eg valde å gå i strupen på han personleg og lanserte det som han oppfatta som «en voldsom hatefull ønsketenkning om sin skjebne». Så føydde han til: «Det gode hatet trenger som kjent ingen rettferdiggjøring».

Sjølve opphavet til synda, er denne setninga i ein kronikk eg skreiv om blant andre Tybring-Gjedde og Black Box Theatre: «Det er så ein kunne ønskje seg magiske evner og ein tidsmaskin og la Tybring-Gjedde hamne som jøde i Nazi-Tyskland. Då tenkjer eg han skulle få opplevd ein annan invasjon av private sfærer enn filming av husfasadar». Dette har Tybring-Gjedde tolka slik på Facebook-sida si: «Lærer Jarl Wåge ønsker at jeg skal bli forfulgt og drept på bestialsk vis.»

Min kronikk var i ein reaksjon på følgjande utsagn på Facebook frå Tybring-Gjedde om Black Box Theatre sin kritikk av maktmenneskje i Noreg: «Parallellene til nazistenes beskrivelse og forfølgelse av jødene før og under andre verdenskrig er slående».

Etterpåklokskap er også ein klokskap. Eg skulle ha formulert meg på ein annan måte. Ikkje misforstå. Eg er ingen angrande syndar, men setninga eg skreiv, har gjeve Tybring-Gjedde eit påskot til å prøve å tolke meg langt ut av banen. Sjølvsagt skulle eg ha skrive noko som dette i staden: «Hadde Tybring-Gjedde vore jøde i Nazi-Tyskland, hadde han nok opplevd ei heilt anna form for forfølgjing enn at eit teater filma husfasaden hans.»

Tybring-Gjedde tolkar nemleg i vilden sky. Kvifor i all verda skulle eg ønskje for eit medmenneskje at han blir forfølgd og drept på bestialsk vis? Hadde han gjeve seg sjølv tid til litt refleksjon før han eksploderte, ville han ha sett at setninga mi er hypotetisk: «Det er så ein kunne ønskje seg_».

Han må forresten ha ei merkeleg tiltru til at eg har magiske evner. Trur han heilt seriøst at eg kan få han konvertert til jødedommen ved å seie «simsalabim» eller «hokus pokus»? Eg han forsikre han om at slike evner har eg ikkje.

Det blir nesten komisk når han let til å tru at eg har ein tidsmaskin som kan ta han tilbake til Nazi-Tyskland. Då eg gjekk på realskulen, måtte eg opp til eksamen i sløyd. Eg var panikkeslagen. Den gongen og no var og er eg så bort i natta treneva og upraktisk at det nærmar seg evneveikt. Innbiller han seg verkeleg at eg, som knapt eig eit skrujern, har drive og mekka ein tidsmaskin heime på kjøkenet?

I følgje Tybring-Gjedde har eg altså kome med ei valdsam hatefull ønskjetenking for han om død og forderving. Så føyer han til at dette er «det gode hatet». Som om hat nokon gong kan vere godt. Hat er ondt, destruktivt, iskaldt og farleg. Å hate går til sjuande og sist mest utover den som hatar. Difor kan eg med kors på halsen og ti knivar i hjartet love at eg aldri bruker ein kalori på å hate nokon. Så vondt vil eg ikkje meg sjølv.

«Det gode hatet» er forresten eit uttrykk som vi som orkar å djupdykke i høgreradikale kommentarfelt, stadig oftare støyter på. Det er alltid venstreradikale som blir skulda for «det gode hatet», og det dukkar opp om ein skulle våge seg å komme med kritikk. Kan vi ikkje bare, ein gong for alle, bli einige om at å vere rivande ueinige med nokon politisk ikkje har noko med hat å gjere?

Tybring-Gjedde oppfordra meg til å sjå den norske filmen «Den største forbrytelsen». Det har eg allerie gjort. Ein gripande og sterk film. Då eg såg han, hadde kronikken min, «Audition for den store offerrollen», nettopp stått på trykk. Tybring.Gjedde sitt utsagn om slåande parallellar mellom Black Box Theatre si forfølgjing av maktmenneskje og nazistane sine forfølgjingar av jødar, blei eit meir og meir absurd bakteppe etter kvart som den gruoppvekkjande handlinga i filmen skreid fram.

Vi fekk sjå korleis myndigheitene, ikkje eit lite teater, registrerte alle jødar i Noreg og korleis dei mista alle rettigheiter. Mennene blei arresterte og frakta til fryktelege tilhøve i Berg arbeidsleir. Så blei dei fleste menn (nokre blei att på Berg) og alle kvinner og barn sanka saman som kveg, stuva om bord i lasteskipet Donau og frakta til Tyskland. Derifrå blei dei sende vidare i stappfulle kvegvogner på skinner til Auschwitz. Kvinner, barn og eldre menn blei straks gassa i hel. Arbeidsføre fekk jobbe til dei bukka under av tortur, matmangel eller utmatting. Berre nokre få overlevde dei umenneskelege tilhøva og kom heim til Noreg.

Eg har òg, i motsetnad til Tybring-Gjedde(?), sett teaterstykket «Ways of Seeing». Ikkje det beste stykket eg har sett, men interessant å sjå korleis dei meinte maktmenneskje sine nettverk er med på å opne opp for meir rasisme i Noreg og korleis filmsnuttar av husfasadar var eitt verkemiddel for å få fram bodskapen.

Det som er brennsikkert, er at eg ikkje såg ein einaste «slåande parallell» mellom dei fryktelege lagnadene til hundrevis av norske jødar i Auschwitz og det «Ways of Seeing» utset nokre menneskje med makt for.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer