DEBATT

Vaksinesamarbeid

Først meg sjølv

Skal vi få bukt med COVID-19, må folk i alle land vaksinerast. Om vi bare vaksinerer våre eigne, vil viruset leve i beste velgåande i land der dei ikkje har vaksiner. Der vil det utvikle seg, mutere - og finne vegen tilbake til oss.

SAMARBEID: Veit ikkje Sylvi Listhaug og Per-Willy Amundsen at Noreg har gått inn i eit forpliktande, internasjonalt samarbeid for å fordele vaksiner til fattige land, spør kronikkforfattaren. Foto: Terje Bendiksby / NTB
SAMARBEID: Veit ikkje Sylvi Listhaug og Per-Willy Amundsen at Noreg har gått inn i eit forpliktande, internasjonalt samarbeid for å fordele vaksiner til fattige land, spør kronikkforfattaren. Foto: Terje Bendiksby / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

«Regjeringen sender vaksinene til våre foreldre og besteforeldre til Afrika? Hva er det egentlig vår (verdens)regjering driver med?» Sitatet er frå fjesboksida til stortingsrepresentant for Frp og tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen.

Det fyrste som slo meg, var: Eg er både forelder og besteforelder. Ikkje prøv deg, Amundsen, på å bruke meg og mine jamnaldringar som alibi for din egoistiske tankegang. Dei fleste i min generasjon har nemleg klart å komme til ordet «solidaritet» i framandordboka og funne ut kva det betyr.

Fyrst tenkte eg at Amundsen hadde lagt ut på eit sololøp. Men den gong ei. Same dag kom Sylvi Listhaug med eit liknande utspel. «Det er uakseptabelt om regjeringen har takket nei til 700.000 vaksinedoser hvis vi kunne benyttet de til å vaksinere den norske befolkningen,» uttalte ho 19. mars.

Kanskje Amundsen og Listhaug ikkje har fått med seg at Noreg har gått inn i eit forpliktande, internasjonalt samarbeid om å vere med på å fordele vaksiner til fattige land? Dersom dei har fått det med seg, er spørsmålet om det er Frp sin politikk at Noreg skal trekkje seg ut av dette samarbeidet?

Då HIV-epidemien herja kloden som verst, dukka det etter kvart opp medisinar. Ikkje som kunne helbrede, men som gjorde at folk kunne leve med HIV. 90 prosent av alle HIV-positive bur/budde i fattige land. HIV-medisinane var så dyre at mange av desse landa ikkje hadde råd til å kjøpe dei.

Manglande internasjonalt samarbeid førte til at millionar av menneskje som kunne ha vore redda, døydde. Flest unge menneskje. Den mest verdifulle ressursen fattige land har. Samtidig kunne HIV-positive i den rike delen av verda nyte godt av desse medisinane.

Eit av dei mest forslitte og uforpliktande politiske slagorda i boka, er Frp sitt: «Hjelpe dei der dei er». Det gjer seg i festtalar. Det blir henta fram som motargument kvar einaste gong det blir tatt til orde for å hente barn til Noreg frå flyktningeleiren Moira eller å opne opp for nokre fleire flyktningar.

Men Frp vil ikkje hjelpe dei verken her eller der. I 2020 foreslo programkomiteen til Frp å kutte 11 milliardar kroner i bistand fordi dei «vil hjelpe dei mange og ikkje dei få» og byggje flyktningeleirar i nærområda til dei landa folk flyktar frå. Prisverdig det, men intensjonane deira blir lite truverdige når Amundsen og Listhaug ikkje ein gong vil bistå med vaksiner til fattige land fordi «fyrst oss sjølve».

TIDLIG: Trude Ravndal var en av de første som fikk corona i Norge. Video: Dagbladet TV. Programleder: Marte Nyløkken Helseth Vis mer

«Vil du ikkje heller redde din eigen familie frå å dø enn to familiar i Afrika?» blei eg spurd på Twitter då temaet blei diskutert der. Sjølvsagt vil eg det, men det er ikkje slik at det norske folk vil dø ut om vi må bruke litt lenger tid på å få vaksinert alle her i landet.

For trass i at Erna Solberg tryna noko så ettertrykkeleg på Geilo, har ho, regjeringa, opposisjonen, kommunane, helsemyndigheitene og det norske folk gjort ein solid innsats for å avgrense pandemien sine skadeverknader. Så solid at «bare» mellom 6-700 menneskje har døydd av corona her i landet. I Sverige, til dømes, er talet skremmande 13 300.

Globalisme er eit skjellsord blant patriotiske, nasjonalistiske Frp-arar. Det kan sjå ut som om mange av dei ønskjer seg eit Noreg som kan stenge ute resten av verda. Eit Noreg med samlebandsproduserte innbyggjarar og monokultur. Kva no det er for noko? Det er stort sett bare Nord Korea som er i nærleiken av ein slik tilstand, og det skal godt gjerast å kalle det ein idealstat.

«Alt heng saman med alt,» sa mellom andre Gro Harlem Brundtland. Det er ikkje slik at pandemien på mirakulaust ute-av-auge-ute-av-sinn-vis blir borte den dagen alle i Noreg har fått vaksine. Skal vi få bukt med COVID-19, må folk i alle land vaksinerast. Om vi bare konsentrerer oss om å vaksinere våre eigne, vil viruset leve i beste velgåande i land der dei ikkje har vaksiner. Ikkje bare vil det leve. Det vil utvikle seg, endre seg og mutere.

Det burde vere tydeleg for alle og einkvar at pandemiar er globale. Virus gjev blaffen i landegrenser og finn fram til den minste avkrok. Difor vil vi vere like langt i Noreg og andre fullvaksinerte land om nye, muterte virus skulle finne vegen til våre breiddegrader. Virus som kan vere resistente mot dei vaksinene vi har tilgang til i dag. Då kan vi plutseleg stå foran nye pandemiar.

SPØRRETIMEN: Onsdag 24. mars får stortingsrepresentant Bård Hoksrud alle til å le etter denne kommentaren. Vis mer

Solidaritet er ein uvurderleg kvalitet. Ei rettferdig fordeling av vaksiner til alle land, handlar nettopp om det. Det er nemleg ikkje slik Amundsen og Listhaug let til å tru, at vi hjelper det norske folk best ved å karre til oss flest muleg vaksiner.

Skal vi klare å stoppe pandemien og unngå at vi må leve med ulike muterte variantar av korona-viruset i lange tider framover, må vi innsjå at den viktigaste innsatsen må gjerast globalt og på tvers av landegrenser. I det lange løp er dette også solidaritet med det norske folk.

Etter at denne teksten blei til, har også Trygve Slagsvold Vedum, i likskap med Amundsen og Listhaug, meldt seg på Noregs-meisterskapen i «først meg sjølv, og så meg sjølv igjen».

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer