DEBATT

Frp - «lov og orden-partiet»

Hemnen er sur

No skal forbrytarar få svi. Hemnen er sur. Avskrekking is the new black.

STRENGARE STRAFFAR: - «Frp vil ha maksstraff på femti år,» melde ho. Sånne pinglestrafferammer pluss forvaring som vi har i dag, er langt frå godt nok for Listhaug. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet
STRENGARE STRAFFAR: - «Frp vil ha maksstraff på femti år,» melde ho. Sånne pinglestrafferammer pluss forvaring som vi har i dag, er langt frå godt nok for Listhaug. Foto: Hans Arne Vedlog / Dagbladet Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

«LAW AND ORDER», skriv Donald Trump stadig på Twitter. Med caps lock. Lov og orden-presidenten, må vite. Ein skal vere temmeleg snøblind for å tru på han, sjefsløgnaren i Det kvite hus, som mange kallar han. Det er så ein kan mistenke han for at lov og orden-merkelappen er ironisk meint når vi ser på hans temmeleg frynsete karriere.

Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

Om Trump har blitt inspirert av Frp her på berget som lenge dreiv og kalte seg «lov og orden-partiet» (og det var ikkje ironisk meint), er det vel ingen som veit. I det siste har vi forresten ikkje høyrt så mykje om dette med lov og orden. Kanskje ein kommunikasjonsrådgjevar har råda dei til å tone ned akkurat det? Av naturlege grunnar? Noko med lov og liv og lære?

Partiet sin justispolitiske filosofi har vore av med silkehanskane og strengare straffer. I grell kontrast til APs Inger Louise Valle som var justisminister frå 1973 til 1979, og bidro sterkt til å reformere kriminalomsorg og justispolitikk i ei meir human retning, og meinte at fengselsstraff ikkje skal fungere som hemn, men som rehabilitering.

Frp er enkle-løysingar-partiet framfor nokon. Carl I. Hagen foreslo å sende narkomane til Bjørnøya. Ute av gatene, ute av sinn, og «dett var dett», som Fleksnes ville ha sagt.

Då Siv Jensen for sju år sidan endeleg kunne rope «Morna, Jens» inn i dei tusen heimar i beste sendetid og innta regjeringskontora, var det viktig for Frp å få ansvaret for tunge, viktige departement der dei kunne skine, glitre og stråle. Ja, kva var meir naturleg enn at lov og orden-partiet skulle overta justisdepartementet? Med brask og bram inntok dei kontora for å lage veg i kriminalvellinga.

Men lyset slokna fort i det departementet. Det blei mykje fomling og famling og minimalt med glitter og stråleglans. Dei fekk mellom anna ansvaret for gjennomføringa av den nokså grå og kjedelege nærpolitireformen, som mellom anna skulle redusere talet på politikammer og lage større og meir effektive einheiter. Ute i distrikta har dei bytta ut ordet «nær» med «fjern», og det er ønskje om å reversere heile reformen.

Dessutan blei det reine stolleiken rundt justisministertaburetten. Den eine etter den andre kom, såg og forsvann. Ja, «kvinne selv stod opp at strede». Så intenst streid ho at ho i den korte tida ho fekk låne taburetten, nesten klarte å kjøre heile regjeringa langt opp i fjæresteinane.

Det blei stillare rundt Sylvi Listhaug etter nesten-forliset. Men så skal det noko til å toppe stuntet der ho skulda Arbeidarpartiet for å vere meir på parti med terroristar enn det norske folk.

I det siste har ho igjen dukka opp i media med nye utspel. Ho er leiar for Frp sin programkomite, og frå det nye programforslaget som blei presentert denne veka, porsjonerte ho ut smårettar til folk flest. Det er så ein kan lure på om ho går svanger med enda ein justisminister, for det er frå det feltet ho delte av sine kronprinsesse-tankar.

«Frp vil ha maksstraff på femti år,» melde ho. Sånne pinglestrafferammer pluss forvaring som vi har i dag, er langt frå godt nok for Listhaug. No skal forbrytarar få svi. Hemnen er sur. Avskrekking is the new black. Bryt du lover, er det over og ut. Eller over og inn. Det vil sjølvsagt krevje større og dyrare fengsel, men fordelen er at ein ikkje treng å bruke energi og pengar på rehabilitering. Etter femti år i kasjotten er desse fangane sytti, åtti, nitti år gamle når dei slepp ut, og då er det ikkje så mykje futt att i dei.

Det er ingen løyndom at mange i Frp ser på USA som eit paradis. Der har dei uendeleg lange fengselsstraffer, men det kan vere lurt å minne Listhaug på at den avskrekkande effekten er minimal. For over dammen er det skikkeleg amerikanske tilstandar når det gjeld kriminalitet. Dessutan har dei dødsstraff «over there», men det er det ikkje verdt å dvele ved, for då kan vi risikere at ho implementerer det neste gong ho får ansvar for partiprogrammet.

Sjå om ikkje Listhaug hadde enda meir å by på. Av det meir elleville slaget. Ho vil nemleg sende foreldre til kriminelle ungdommar, ja, ikkje til Kyrksæterøra dit dei ville sende Mulla Krekar, men strake vegen ut av landet. Det er Carl Ivar-schwung over dette. Ute av landet, ute av sinn. Det melder seg mange spørsmål til forslaget, det gjer det. Til kvar skal dei sendast? Bjørnøya? Jan Mayen? Bouvetøya, Dronning Mauds Land? Til eitt eller anna tilfeldig land som står klart til å ta imot foreldre til kriminelle ungdommar?

Gjeld det alle foreldre til unge lovbrytarar? Er det avhengig av kva slags type kriminalitet? Kva slags hudfarge dei har? Kva slags gud dei trur på? Skal ungane ut med foreldra? Er det lovhjemmel for å tvangssende norske statsborgarar ut av landet?

Det skulle ikkje forundre meg om Erna Solberg slo hjul av rein lykke då Listhaug gjorde seg sjølv irrelevant som justisminister. Og eg tippar at statsministeren pusta letta ut då ho slapp å ha Frp-arar til rors på justisdepartementskuta. Om dei to partia hamnar i regjering igjen, tør eg vedde på at Framstegspartiet må sjå seg om etter heilt andre satsingsområde enn lov og orden.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer