DEBATT

Stortingsvalget:

Ingen køddar med Oslo

Tigerstaden er ein by som på nydeleg vis gjev klart og tydeleg svar på tiltale om nokon køddar med han.

MERKA FOR LIVET: Eg elskar Oslo og var så heldig å få bu der i nesten tretti år. «Denne forunderlige byen ingen forlater før han har fått merker av den.» som Knut Hamsun skreiv i romanen «Sult». Eg forlet han for to år sidan. Merka for livet, skrivar artikkelforfatteren. Foto: Eye Ubiquitous/REX
MERKA FOR LIVET: Eg elskar Oslo og var så heldig å få bu der i nesten tretti år. «Denne forunderlige byen ingen forlater før han har fått merker av den.» som Knut Hamsun skreiv i romanen «Sult». Eg forlet han for to år sidan. Merka for livet, skrivar artikkelforfatteren. Foto: Eye Ubiquitous/REX Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert
Jarl Wåge
Jarl Wåge Vis mer

«Det må vere frykteleg å bu i Oslo. Du kan ikkje ein gong ha bil der om du bur i sentrum», sa to eg kjenner godt. Ingen av dei har vore der på mange år, men dette visste dei. Dei hadde nemleg kjøpt svartmalinga av hovudstaden som enkelte sentrale politikarar har servert det norske folk i årevis.

Eg elskar Oslo og var så heldig å få bu der i nesten tretti år. «Denne forunderlige byen ingen forlater før han har fått merker av den.» som Knut Hamsun skreiv i romanen «Sult». Eg forlet han for to år sidan. Merka for livet.

Nyleg var eg attende for fyrste gong sidan eg flytta. Det var september-sommar i Tigerstaden. Etter å ha sjekka inn på hotellet, la eg sporenstreks ut på vandring på gjengrodde stiar gjennom området eg budde i dei siste åra. Og kjende ei slags jublande lykke over å vere ein del av dette igjen. Iblanda ein dose vemod over å ikkje eigentleg vere ein del av det lenger.

Sofienberg og Løkka syda av liv. Varmen hadde lokka folk ut til parkar og uteserveringar. Eg oppsøkte stamrestauranten eg hadde der. Blei gjenkjent og prata til. Nytte god mat. Såg på folkelivet. Kjende på energien, gleden, fridomen.

Dette er det Trygve Slagsvold Vedum stadig har snakka så fordomsfullt om. Desse caffe latte-drikkande menneskja innanfor Ring 2 som ikkje anar kva som foregår nord for Sinsenkrysset og som ikkje ein gong får lov å kjøre dieselbil i nærmiljøet sitt. Dei og oss. Vi mot dei.

Sidan Oslo fekk raudgrønt Byråd («venstreradikale sosialistar» som Sylvi Listhaug kallar dei) i 2015, har FrP hamra inn kor forferdeleg utviklinga i byen er, og kor frykteleg det er å bu der fordi det er lagt restriksjonar på kvar folk kan køyre.

Det vekte høglytt latter då Christian Tybring-Gjedde sutra over at det ville bli umuleg å kjøpe store vasar på Glassmagasinet når ein ikkje kunne kjøre dit med bil. Sylvi Listhaug la ut bilde av ei (midlertidig!) stengt gate og raste over at ho måtte kjøre ein omveg for å komme til Stortingsgarasjen.

LATTER: Det gikk ikke helt som det skulle da Petter Stordalen skulle åpne sitt nye hotell på Hasle i Oslo. Video: Nicolai Eriksen. Vis mer

Det er ikkje bare trafikken det går ad undas med, i følgje FrP. Hovudstaden er bortimot øydelagd av innvandring. Å ferdast ute er nesten for ekstremsport å rekne. Enkelte bydelar er gjennomsyra av «svensketilstandar». Er det ikkje nabolandtilstandar som herjar, så er det snikislamisering. Grønland er ikkje-dra-dit-sone. Jon Helgheim har predika dobbel straff for kriminalitet utført i Groruddalen.

Svartmalinga har gjeve reultat. Rundt om i det ganske land sit mange som aldri besøkjer Oslo. Dei veit at byen er ein jammerdal av ein syndig pøl som parkeringsvakter, mørkhuda kriminelle og skjeggpryda terrorspirar er i ferd med å ta kontroll over fullstendig.

Det desse politikarane ikkje har greid, er å lese stemninga blant dei som bur i hovudstaden. Dei har gløymt at folk i Oslo er heilt vanlege folk. Svært mange er innflyttarar frå aust og vest og sør og nord. Folk som kavar og slit, jobbar og står på for å skape seg eit best muleg liv.

Akkurat som heilt vanlege folk over alt elles i landet. Har ein vakse opp i Tana, Leksvik, Måløy, Sauda, Vennesla, Ringsaker eller Hvaler og flytta til Oslo, kjenner ein ikkje på dei og oss. Då handlar det om oss, folk i Noreg.

Hadde Slagsvold Vedum og Listhaug snakka om Stavanger, Bergen, Trondheim og Tromsø på same måten som dei omtaler Oslo, hadde sjølvsagt folk i desse byane blitt forbanna, såra og leie seg. Dei hadde ikkje kjent seg igjen i måten å bli omtalt på.

Nøyaktig det same gjeld Oslo-borgarar som elskar, og er stolte av, byen sin. Dei ser sjølvsagt at ikkje alt er perfekt, men liker utviklinga. Det dei aller fleste i alle fall veit, er at dei slett ikkje er knivstikkande kriminelle eller caffe latte-supande døgeniktar som tilbringer dagane på cafè med c.

Det forunderlege er at enkelte politikarar ferdast så «fjernt frå byens larm» at dei ikkje er i stand til å forstå og lese Oslo-sjela. Dei har ikkje tatt innover seg at når dei snakkar fordomsfullt om folk, så får dei svar på tiltale. At når dei kastar ut ein boomerang så må dei vere på vakt. Boomerangar har nemleg ein tendens til å komme tilbake og treffe kastaren.

Akkurat det skjedde under stortingsvalet 13. september. Oslo-folket gjekk til urnene og viste fingern til politikarar som snakkar ned og svertar byen deira. Dei «venstreradikale sosialistane», Raudt og SV, som gjev Sylvi Listhaug frysningar på ryggen, hadde stor framgang og fekk 21,5 % av stemmane. MDG, som visstnok tar frå henne nattesvevnen, gjekk òg fram og fekk godt over 8 % oppslutnad i hovudstaden.

REFUSERT: Onsdag 15. september ble maleriet «Tre menn i en båt» avduket i Oslo. Maleriet som ble refusert av Høstutstillingen vil henge i aulaen på Filipstad Brygge 1 ut november 2021. Vis mer

Verre var det for FrP. Dei gjekk kraftig tilbake. Veljarane sa nei takk til andrekandidaten deira, Hokksund-mannen Jon Helgheim, og meinte at han fekk dra ein annan plass med dobbelstraffene sine.

Slagsvold Vedum prøvde riktignok å be Osloensarane om betre vêr ved å få Ap-mannen Jan Bøhler til å konvertere til Sp og plassere han øvst på partiet si Stortingsliste. For lite og for seint. Veljarane ville ikkje ha han heller.

Tigerstaden, med alle sine feil og skavankar, er ein fabelaktig by. Det nærmaste vi kjem ein storby her i landet. Ein by å vere glad i. Ein by som på nydeleg vis gjev klart og tydeleg svar på tiltale om nokon køddar med han.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer