DEBATT

Språk og beredskap

It´s quite enkelt

Noreg er kanskje ikkje på veg mot ein dystopisk The Julekalender-norsk, men alarmklokkene ringer for norsk som samfunnsberande språk og som ein fellessspråkleg demokratisk arena.

LIVSVIKTIG: I rapporten Språk i Norge skisseres ei tenkt hending der ein person omkjem på arbeidsplassen fordi ingen klarte å kommunisere godt nok i kontakt med ambulansetenesta. Den glitrande NRK-serien 113 viser også at manglande språkkompetanse er ei høgst reell utfordring, skriv innsendaren. Foto: NRK
LIVSVIKTIG: I rapporten Språk i Norge skisseres ei tenkt hending der ein person omkjem på arbeidsplassen fordi ingen klarte å kommunisere godt nok i kontakt med ambulansetenesta. Den glitrande NRK-serien 113 viser også at manglande språkkompetanse er ei høgst reell utfordring, skriv innsendaren. Foto: NRK Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Dette er eit ansvar som kviler på styresmaktene, som i utkast til ny språklov slår fast at det offentlege skal sikre norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Særleg domenetapet for engelsk er påfallande. Sektor etter sektor gjer knefall for engelsken, meir eller mindre med opne auge.

Norsk er tilsynelatande ikkje godt nok for akademia, privat næringsliv, reiselivsbransjen eller reklameindustrien. Det finst endåtil krefter som meiner at elevar bør få grunnskuleopplæringa si på engelsk, heller enn på norsk.

Språk og arbeid er to av dei viktigaste nøklane til vellukka inkludering, men også i arbeidslivet, som for lengst har blitt fleirspråkleg, er det norske språket under press. Eit seriøst og organisert arbeidsliv må i større grad verne om det norske språket - og fagrørsla bør gå i front med si kraft og sin styrke.

Å sikre norsk som samfunnsberande språk er ikkje berre språkpolitikk, men like mykje arbeidslivspolitikk. Det handlar om retten til ein trygg og inkluderande arbeidskvardag. Det er eit spørsmål om helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen og for sjansane til å lukkast med inkludering av innvandrarar.

Dette er godt dokumentert, mellom anna i rapporten Språk i Norge - kultur og infrastruktur, frå Språkrådet sitt framtidsutval. Dette utvalet blei leia av professor Unn Røyneland, og rapporten blei levert til regjeringa i 2018. Utvalet skisserer ei tenkt hending der ein person omkjem på arbeidsplassen fordi ingen klarte å kommunisere godt nok i kontakten med ambulansetenesta.

Kunne dette skjedd i ein barnehage? Eller i heimetenesta? Klart det kunne.

Den glitrande NRK-serien 113 viser at manglande språkkompetanse er ei høgst reell utfordring, som når den rumenske reinhaldsarbeidaren Aurelia har store problem med å forklare dei intenste smertene sine til ambulansepersonellet.

Over ein tredjedel av arbeidsstokken i byggenæringar er utlendingar som er definerte som ufaglærte utan norsk fagbrev. Skal desse få seg fagbrev, må dei kunne norsk. Får dei ikkje (god nok) norskopplæring, kjem dei seg rett og slett ikkje vidare, men blir sitjande faste i ein arbeidssituasjon med dårlegare løn, farlegare oppgåver, meir skift og meir overtid. Dette er ei mørk og usosial side ved eit elles gjennomregulert norsk arbeidsliv.

Arbeidsinnvandrarar frå EØS-områda har dei siste femten auka stort, og det er ingen automatikk i at desse lærer seg norsk. Noregs Mållag meiner alle EØS-borgarar som bur og arbeider i Noreg, må få rett til norskopplæring, slik nyinnkomne flyktningar som er omfatta av Introduksjonslova, får norskopplæring på vegen mot tilknyting til samfunns- og arbeidslivet. I nynorskområde må denne opplæringa, både for EØS-borgarar og flyktningar sjølvsagt vere på nynorsk.

I dag er det alt for mange innvandrarar som ikkje er i stand til å ta del i den demokratiske fellesarenaen som norsk språk er. At alle som bur i Noreg får ta del i denne fellesskapen, er avgjerande for at vi skal forstå kvarandre og kunne tileigne oss den same kunnskapen og dei same historiske og kulturelle referansane. Det er viktig i møte mellom menneske og ulike kulturar, og det er avgjerande for ein tillitsfull og effektiv kommunikasjon mellom borgarane og det offentlege.

BERGTAR: En sniktitt på sesong 2 av NRK-serien «113». Video: NRK Vis mer

Det siste har fått fornya aktualitet dette året. At vi forstår kvarandre, er ein viktig del av den norske beredskapen. Omlag halvparten av dei innlagde korona-pasientane på sjukehusa er fødde i utlandet. Corona-reglane når ikkje ut.

På kort sikt kan det kanskje løysast med teksting, klart språk og informasjon på ulike språk. It´s quite enkelt. På lengre sikt bør løysinga vere openberr: Vi må sørge for at vi snakkar same språk. So much time have we heller not.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer