DEBATT

Joe Biden vant presidentvalget

Kanskje det fins ein gud likevel?

Eg hadde aldri tenkt at eg nokon gong skulle seie noko slikt, for eg trur jo eigentleg ikkje det. Men no føler eg at eg var med på noko overjordisk. At det framleis skjer under.

VINNAR: - Amerikanarane slepp å oppleve ein president som heile valåret driv ein kampanje for å fortelje veljarane at valet ikkje vil gå riktig føre seg i staden for å sørge for at det går riktig føre seg, skriver innsenderen. Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters / NTB
VINNAR: - Amerikanarane slepp å oppleve ein president som heile valåret driv ein kampanje for å fortelje veljarane at valet ikkje vil gå riktig føre seg i staden for å sørge for at det går riktig føre seg, skriver innsenderen. Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert
Sist oppdatert

Donald Trump tapte presidentvalet i USA. Fire år med ei realitystjerne i Det kvite hus var nok for det amerikanske folket. Dei svale vindane som feiar over jorda akkurat no, er frå folk som pustar letta ut. I USA fyrst og fremst, sjølvsagt. Det er dei som måtte halde ut med ein president med manglande impulskontroll og splitt og hersk strategiar. Men ikkje bare i USA.

Valet har engasjert ei heil verd. Som Gro Harlem Brundtland sa: «Alt heng saman med alt». Sjølvsagt har det noko å seie for alle kven som sit på toppen i verdas mektigaste land. Når han som står til rors styrer Amerika-båten som ein full kaptein, kan ingen kjenne seg trygge.

EXIT: Fire år med ei realitystjerne i Det kvite hus var nok for det amerikanske folket, skriver innsenderen. Foto; Evan Vucci / AP / NTB
EXIT: Fire år med ei realitystjerne i Det kvite hus var nok for det amerikanske folket, skriver innsenderen. Foto; Evan Vucci / AP / NTB Vis mer

Det har vore ein dramatisk og sers skitten valkamp. Den største møkkaspreiaren har utan tvil vore Trump. «The Liar in Chief» som mange kallar han. Ikkje rart det. Faktasjekkarar i The Washington Post hevdar at han nærmar seg 25 000 løgner som president. Sjølvsagt er han langt frå den einaste presidenten som har fare med løgn, men på dette feltet er det ingen over og ingen ved sida. Om han ikkje får glitre blant Nobel-fredsprisvinnarane, er han garantert kvalifisert til ein plass i Guinness rekordbok.

Langt frå alle som jublar i dag, tykkjer at Joe Biden er ein ønskje-alternativ. Eit omkvede har vore: «Alt er betre enn han som no okkuperer Det kvite hus». Det er ikkje til å komme utanom; Biden er ein gammal mann. Trump òg. Mange har undra seg over at USA, eit land med 330 millionar menneskje, ikkje klarte å stable på beina to yngre, meir dynamiske kandidatar. To som kan vare i nokre år.

Men som kokebokforfattar Hanna Winsnes sa det på 1800-talet: «Man tager hva man haver». Vi veit sjølvsagt ikkje korleis den nyvalde presidenten vil fungere eller kva han vil utrette. Men vi veit definitivt kva vi ikkje får.

Vi får ikkje ein president som skryter av at han liker å grafse kvinner i skrittet. Ikkje ein som lyg så det renn av han. Ikkje ein som viser null respekt for sine politiiske motstandarar og til dømes kallar dei «monster» (Kamala Harris). Ikkje ein som seier at nazi-demonstrantar er «very good people». Ikkje ein som ber den paramilitære, høgreekstreme gruppa Proud Boys om å tre tilbake og vere klare. Ikkje ein som tåregassar demonstrantar bort frå Det kvite hus så han har fritt leide til fotoseanse med Bibel foran ei kyrkje. Ikkje ein som støttar tungt væpna demonstrantar som stormar lovleg vald delstatsforsamling i Michigan for å stoppe avstemning og som etterpå tvitrar: «Liberate Michigan». Ikkje ein som kritiserer guvernøren som terroristar har planlagt å likvidere i staden for å gå til åtak på terroristane.

Amerikanarane slepp å oppleve ein president som heile valåret driv ein kampanje for å fortelje veljarane at valet ikkje vil gå riktig føre seg i staden for å sørge for at det går riktig føre seg. Som hamrar fast at poststemmar innbyr til juks. Som ikkje kan garantere at han vil godta valresultatet om han taper og som difor truar demokratiske spelereglar.

USA slepp ein president som, i samtale med ein av Watergate-avslørarane, Bob Woodward, innrømmer at han med vilje har bagatellisert COVID-19-pandemien. Som seier at «det er sånn det er» når han blir konfrontert med omfanget av pandemien. Som stadig insisterer på at det verste er over medan smitte- og dødstala veks med rekordfart. Som gong på gong lover at viruset plutseleg vil vere borte. Som viser forakt for forsking og smittevernekspertar. Som vil seie «You`re fired» til den fremste av dei alle, Dr Fauci. Som gjev blaffen i oppfordringar til å bruke maske og arrangerer møte med tusenvis av menneskje som også gjev blaffen.

Eit av historien sine store mysterium og eit spørsmål som stadig dukkar opp, er: «Korleis kunne det tyske folk la seg forføre av Hitler?» Eit anna spørsmål som fleire og fleire stiller seg og som er like uforståeleg, er kvifor nesten halvparten av det amerikanske folket let seg blende og rive med av denne salat-tramparen av ein milliardær? Og før nokon går av skaftet og roper opp om «hitling»; eg samanliknar ikkje dei to. Det eg peikar på er korleis folk ikkje lærer av historien og korleis store menneskje-mengder flokkar seg som sauer kring ein leiar som slett ikkje vil dei vel.

«Han ser oss,» seier fattige kvite som føler at han har gjeve dei ein stemme. Dei føler at «O store, oransje sol» har skint på dei der dei har vandra i skuggedalane. Sanninga er at han ikkje ser dei. Fattige i USA har sjeldan hatt det verre enn no. Han klarte ikkje å komme opp med ein helseplan som han har lova aldri så lenge. Rekordmange blir kasta ut av bustadene sine fordi dei ikkje klarer å betale husleige. Suppekjøken-køane er lenger enn nokon gong. Trump kunne ikkje bry seg mindre. Det einaste han såg, var stemmesetlane deira.

USA får snart ny president. Om det no skulle finnast ein gud, er eg sikker på at det er ein himmelsk hærskare der ute som akkurat no lovar han og syng: «I like to be in America».

ALT OM USAVALGET

Gå til oversikten

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer