DEBATT

Politisk ekstremisme

Kjenn din fiende

Å røykja ut hatet mot demokratiet må alltid stå som sentraloppgåve for både det politiske og det intellektuelle sivilsamfunnet vårt.

RASERI: Eg merkar eit raseri stiga opp. Det liknar det eg kjenner konfrontert med brotsverka til nazistane. Ord grip ikkje røyndomen, skriver kronikkforfattaren. Her demonstrerer Nordisk Motstandsbevegelse i Fredrikstad for tre år siden. Foto: Ørn Borgen / NTB
RASERI: Eg merkar eit raseri stiga opp. Det liknar det eg kjenner konfrontert med brotsverka til nazistane. Ord grip ikkje røyndomen, skriver kronikkforfattaren. Her demonstrerer Nordisk Motstandsbevegelse i Fredrikstad for tre år siden. Foto: Ørn Borgen / NTB Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Alle nasjonar festar historia si til datoar. Hos oss: 17. mai, 9. april, 8. mai, 7. juni – og no 22. juli. Nasjonar feirar sigrar og nederlag i ritual, i musikk, i litteratur, i avhandlingar og i personlege minne. Minnekultur er ei form for kollektiv sorghandsaming (men også ritual for sigrar). «History is the memory of nations», sa Henry Kissinger.

UTØYA: Leder i Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, deler sine tanker om tiårsmarkeringen til terroren på Utøya. Reporter: Steinar Solås Suvatne Video: Kristin Svorte Vis mer

Tenk berre på kampen om minnet etter borgarkrigen i USA. Såra står der i monument, og flagg inspirerer til drap den dag i dag. Tenk på Storbritannias årlege minnesamlingar framfor monumentet frå fyrste verdskrigen i London, eller USAs Veterans Day.

På minnemøta for fyrste verdskrigen for nokre år sidan slo det meg kor intenst nærverande denne krigen for over hundre år sidan er. I Frankrike vart minnet om denne megatragedien gjort til ein kjenslefylt manifestasjon av republikkens verdiar og Frankrikes oppgåve i verda. Ikkje berre minne, peikepinn for framtida med.

I Tyskland vart hendingane knapt markerte, nederlagsdømt som landet var. Det var ikkje mykje å feira. Då Tyskland skulle minnast 1945 i 1985, gjorde president Richard von Weizsäcker tapet til ein siger: Det var Tyskland som vart frigjort 8. mai 1945. Frå seg sjølv. Det var ein klok tanke.

Likeins: Arven etter Endlösung konfronterer oss med heile spekteret av kjensler. Holocaust glir no inn i slagskuggen i soga; dei siste tidsvitna er i ferd med å døy ut.

Her er det ein kontrast til 22. juli. Det eineståande ved 22. juli er dei sterkt nærverande menneskelege lidingane. Dei er med oss heile tida og vil vera der i lang tid framover.

Sameleis som ved holocaust kjenner eg ein sterk trong til forstå: Korleis var desse ugjerningane psykologisk, politisk og fysisk moglege? Det er ein heider til landet at me fekk Gjørv-kommisjonen. Der var mykje gjort. Det same kan ein ikkje seia om den fyrste psykiatrikommisjonen, som i si fåkunne om politiske ideologiar og sin profesjonelle arroganse var nær ved å forkludra heile oppgjeret.

Ved tiårsmerket er det nett dette aspektet som slår oss sterkast. Eg merkar hjå meg sjølv ein ambivalens her. Å lesa Åsne Seierstad og no sist Johanne Butenschøn i Aftenposten og Tonje Brennas bok om 22. juli gjer fysisk vondt. Eg merkar eit raseri stiga opp.

Det liknar det eg kjenner konfrontert med brotsverka til nazistane. Ord grip ikkje røyndomen. Eg merkar at eg meiner massemordaren skal vera sjeleglad for at me ikkje har dødsstraff i Noreg. Denne kjernelause taparen frå Oslo vest, mislukka i alt unnateke bombeproduksjon, fyller meg med ein avsky eg ikkje har så mykje av elles. Ein vandrande overkompensasjon for eigen usseldom. Det var eit gjenferd frå dei mørkaste kapitla i Europas ekstremismehundreår. Jakta på det absolutt reine in extremis.

Eg fekk eit brev frå «krossfararen» for nokre år sidan. Han ville ha ein slags akademisk imprimatur på at han var ein god fascist, det vil seia at han stod i ein «aktverdig» politisk tradisjon. Eg svara han ikkje. Han ville byrja på statsvitskap. I Dagbladet skreiv eg ein artikkel om eit pensum som kunne ha passa om han ville studere politisk sivilisasjon. Han har eitt og anna å læra av til dømes John Stuart Mills «On Liberty».

Drapsmannen personifiserer miljøet og tankane til dei som forakta og myrda Olof Palme. Me veit no at Gro stod øvst på drapslista hans. Å røykja ut dette hatet må alltid stå som sentraloppgåve for både det politiske og det intellektuelle sivilsamfunnet vårt.

Samstundes som vi minnest dei menneskelege skadane massemordaren valda, er det ved tiårsmerket i gang ein debatt nettopp om minnet. AUF peiker på at Frp for tidleg fekk stogga debatten om ansvaret for ideane til massemordaren. Det skjedde ved at dei ramsa opp slagordet «trekk ikkje Utøya-kortet». Det kom ei immunisering av debatten mot å ta opp naboskapet til høgreekstremismen og demokratiforakta.

At Arbeidarpartiet kjende seg innestengt då dei møtte dette litaniet, har sjølvsagt samanheng med Jens Stoltenbergs line. Statsministeren ynskte å sjå drapa som eit åtak på heile landets politiske kultur. Utan naivitet, vel å merka. Mi eiga haldning til dette er at Stoltenberg på dette viset synte eit perspektiv som få andre statsleiarar makta i same situasjon.

Å kombinera det nasjonale med det spesifikke perspektivet – hatet mot sosialdemokratiet – etter 22. juli er lett å peika på no. Me må ikkje gløyma sjokket og sorgarbeidet. Tonje Brenna skriv til dømes om kor lang tid det tok for henne å koma vidare med livet: å bli «heile seg» ut over det å bli identifisert som einast «overlevande» etter Utøya.

Dette langtidsaspektet er lett å gløyma. Det kom til eit forvitneleg juridisk oppgjer, men det er berre halve soga. Ein stad å halda fram er i samfunnfagsundervisninga i skulen.

Oppgjeret i AUF no må retta seg inn på å forma ut politikken for framtida, å byggja ut rolla som «partiets salt». Det føreset eit forsterka opplysingsarbeid mot omgjevnadene, i kombinasjon med eit intensivert kurs om demokratiet som sivilisasjonsnorm internt, det moralske innhaldet det har i ei verd der det menneskerettslege demokratiet er utsett for ein konkurranse me ikkje kjende for 10–15 år sidan. Då trudde me kampen mot diktaturet var vunnen. Kor sårbare sjølv tradisjonstunge demokrati er, synte Trump.

Ved sida av auka forståing av grunndraga ved demokratiet som fellesnorm for sivilisert politikk bør AUF og AOF arrangera kurs om dei høgreekstreme draga i europeisk og amerikansk politikk under mottoet kjenn din fiende. Dette ville vere å gje oppgjeret den djupna og den kvaliteten som AUF etterlyser.

Artikkelen har tidlegare stått på trykk i Dag og Tid.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer