DEBATT

Klimarealistene:

Klimaforskinga fortener betre

Med fagfeller som blir plukka ut av Klimarealistene sitt eige vitskaplege råd, er det vanskeleg å bli overtydd om at dei som vurderer forskinga ikkje har bindingar eller interesser.

AVVISER FORSKNING: Her står ein overfor ein organisasjon som avviser seriøs akademisk forsking og rådande vitskapleg fundert kunnskap om utviklinga i klimaet på jorda. Mellom anna rammar dette forskinga bak årets tildeling av Nobelprisen i fysikk til Syokuro Manabe (på bildet) og Klaus Hasselmann – modellering av klimaet på jorda, kvantifisering av klimavariasjon og prediksjon av global oppvarming, skriver kronikkforfatteren. Foto: Kena Betancur / AFP

AVVISER FORSKNING: Her står ein overfor ein organisasjon som avviser seriøs akademisk forsking og rådande vitskapleg fundert kunnskap om utviklinga i klimaet på jorda. Mellom anna rammar dette forskinga bak årets tildeling av Nobelprisen i fysikk til Syokuro Manabe (på bildet) og Klaus Hasselmann – modellering av klimaet på jorda, kvantifisering av klimavariasjon og prediksjon av global oppvarming, skriver kronikkforfatteren. Foto: Kena Betancur / AFP

Vis mer
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

I førre veke valte eg å stille opp ved Klimarealistene si lansering av nytt tidsskrift i lånte lokale ved Universitetet i Stavanger (UiS). For avgjerda fekk eg ein del peppar i forkant, men mest åtgaum i etterkant – då folk oppdaga kva eg faktisk hadde på hjartet. Spørsmålet som står att er likevel om det var rett av meg å bli med.

DRAMATISK: Jordskjelvet ble målt til 4,8 og hadde sitt senter 10 kilometer under bakken, rett nordøst for landsbyen Banjar Wanasari. Video: AP. Vis mer

Som leiar for eit akademisk kollegium står ein midt i eit mangfald meiningar og interesser, med ein kakafoni av sterke stemmer både internt og eksternt. Her må ulike omsyn vegast opp mot kvarandre, og avgjerder som rører ved akademisk fridom og ytringsfridom er dermed ikkje alltid like enkle i praksis som i teori og prinsipp.

Difor reiste denne førespurnaden eit dilemma. Når eg enda opp med å takke ja, så var det mellom anna fordi ideen om eit opent universitet er viktig for meg.

Ved eit universitet tenker eg at takhøgda må være stor og at det beste for usemje å sette tema under debatt, aller helst i eit offentleg søkelys. Alternativet er scenenekt og utestenging, ekkokammer og konspirasjon. Ei slik utvikling vil avgrense ytringsrommet, sette den akademiske fridommen under press og legge band på den offentlege debatten.

Med grøn omstilling i sentrum for den nye strategien vår, utfordrar Klimarealistene viktige delar av det me står for og det me arbeider for ved UiS. Til grunn for strategien ligg grundige vurderingar, ikkje minst av dei store samfunnsutfordringane i verda rundt oss.

I særklasse står tap av natur og global oppvarming. Her er forskinga så massiv og resultata så godt underbygde, at dei som fortsatt måtte være skeptiske til menneskeskapte klimaendringar i sanning har bevisbøra på si side.

Vår strategiske respons har brei og djup forankring: Grøn omstilling. Med dette som utgangspunkt skal UiS bidra til å omstille samfunnet gjennom forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, utdanning og innovasjon. Bak eit parallellvitskapleg slør, kan Klimarealistene sitt tankegods legitimere ei vegring mot omstilling som mange kan la seg freista av. Dette fant eg det viktig å stå opp mot.

For her handlar det ikkje berre om skepsis til menneskeskapte klimaendringar. Her står ein overfor ein organisasjon som i same slengen avviser seriøs akademisk forsking og rådande vitskapleg fundert kunnskap om utviklinga i klimaet på jorda.

Mellom anna rammar dette forskinga bak årets tildeling av Nobelprisen i fysikk til Syokuro Manabe og Klaus Hasselmann – for modellering av klimaet på jorda, kvantifisering av klimavariasjon og prediksjon av global oppvarming. Og kritikken blir framført i ein tone som er konspiratorisk, og med ein retorikk som er betre eigna til å provosere enn til å legge grunnlag for refleksjon, dialog og ettertanke.

Med dette som utgangspunkt var det altså at eg kom til at eg ville ta dette høvet til å rette kritiske innvendingar mot Klimarealistene og mot det nye tidsskriftet deira.

Mi første innvending er at utgjevaren knappast kan karakterisast som interessefri. Snarare enn å stille spørsmål er Klimarealistene ein organisasjon som allereie har svaret klart: Det er sola som styrer klimaet! Punktum. Og så sikre er ein at ein like godt har sett påstanden inn i logoen for organisasjonen. Då kan ein undrast kva poenget eigentleg er med å legge til rette for meir forsking på feltet.

På nettsidene sine gjer Klimarealistene merksam på at dei «… representerer den klimarealistiske majoriteten i Norges befolkning». Vidare blir det understreka at organisasjonen ikkje er einig med FNs klimapanel, når dei påstår at utslepp av CO2 endrar klimaet dramatisk. Korleis dette kan sameinast med ideen om uavhengigheit og integritet er ei gåte.

Eit Google-søk på redaktøren resulterer i kritiske debattinnlegg rundt klimakrise, klimapolitikk og FN sitt klimapanel, med retorikk og språkføring som høvar seg dårleg for ein som ber om truverd som vitskapleg forskar. Meir uroa blei eg likevel over nyare debatt-innlegg med spekulasjonar om valfusk i presidentvalet i USA førre året. Redaktøren sitt engasjementet for konspirasjonsteoriar betrar neppe truverdet til det nye tidsskriftet.

Det største problemet er likevel at ein ikkje finn spor på nettet av ein forskingsagenda frå redaktøren si side, inga oversikt over vitskapleg publisering, og heller ingen teikn til erfaring med tidlegare arbeid knytt til vitskaplege tidsskrift.

Med fagfeller som blir plukka ut av Klimarealistene sitt eige vitskaplege råd, er det vanskeleg å bli overtydd om at dei som vurderer forskinga ikkje har bindingar eller interesser, korkje til forfattaren eller til utgjevaren. Alt i alt må nok denne lesaren difor konkludere med at Science of Climate Change ikkje møter standardkrav til vitskaplege tidsskrift. Det minner meir om eit medlemstidsskrift for ein interesseorganisasjon. Klimaforskinga fortener betre.

Mitt råd til Klimarealistene var difor å legge bort dei vitskaplege pretensjonane og kalle tidsskriftet eit medlemstidsskrift. Eller ein kan legge ned tidsskriftet, og tilrå alle innsendarar å heller vende seg mot etablerte og velrenommerte tidsskrift i staden.

Om forskarar ikkje får gjennomslag i internasjonale forskingstidsskrift, så er den mest sannsynlege forklaringa at forskinga ikkje held mål.

Skrive til oss? Send innlegg her

Tekstlengde:

  • Kronikk: 5000 tegn
  • Hovedinnlegg: 3600 tegn
  • Underinnlegg: 2800 tegn

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer